Det går opp og ned

TEATER

TÊTE A TÊTE: Når dei er for seg sjølve, funkar kjærleiken, men elles? FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Et helt liv av sol»
Lager 11, Sluppen
Av Daria Glenter
Regi: Ragnhild Lila Risnes
Scenografisk assistanse: Ingvild Rømo Grande
Lysdesign: Sindre Hansen
Musikk: Sigurd Skogum Riise (komponist og piano), Leo Tveter Bazyar (gitar) og Maria Kornelia Lund (fiolin)
Med: Karianna Sommerro og Åsmund Lockert Rohde

To unge elskande med mykje bagasje å handtere. Kjærleiken er ikkje enkel.

Daria Osipova, med kunstnarnamnet Glenter, er ein ung og ambisiøs dramatikar. Ho var blant dei få som for nokre år sia slapp gjennom nålauget i prosjektet «Unge dramatikere» der Rita Abrahamsen og Trøndelag Teater løfta fram og hjelpte skriveføre ungdomar i alderen 13 til 19. Deretter fekk ho oppført ein liten einaktar på Trøndelag Teater, og nå har ho skrive eit fullformats drama om ungdom og kjærleik med eit bakteppe, ikkje av havet og døden, men meir av fedranes synder.

Vi møter Felix (Åsmund Lockert Rohde) og Yvonne (Karianna Sommerro) som er i starten av tjueåra, og er eit kjærastpar. Som alle som har vore rundt tjue, fulle av hormon, forelska, men samstundes ungdommeleg usikker, er det meir enn nok å kjenne seg att i. I tillegg til det dei fleste av oss har opplevd eller opplever, har desse to også litt meir bagasje å dra på. Båe har ulik innvandrarbakgrunn. Han har ein far som har mishandla mora, og hennar russiske historie er heller ikkje eintydig A4.

Scena er eit ope rom med to senger og masse rot, ganske illustrerande for to hyblar. På bakscena sit tre musikarar og akkompagnerer dei to med beskrivande tonefølgje. Gjennom framsyninga følgjer vi Yvonne og Felix som openbert er kjærastar og som får det til ganske bra eller i alle fall sånn nokon lunde når dei er åleine, men som ikkje greier å takle det like bra elles. Bagasjen er i vegen, og uvissa, ønsket om å utforske sin eigen seksualitet, og ikkje så reint lite sjalusi, er ganske øydeleggjande. Som dei fleste av oss, vil dei så gjerne, men får det ikkje heilt til. Det går med andre ord opp og ned.

Dette temaet er det skrive eit utal drama om, så kvifor endå eitt? Det er fordi vi sjølvsagt aldri blir ferdige med å grunne over kor gode og samstundes øydeleggjande nære relasjonar er. Men mest fordi vi her har ei ung, dristig og litt annleis stemme. Ho tar opp den arven dei fleste dreg med seg, men er også meir ærleg om problemet med å binde seg til berre ein i eit så flyktig samfunn. Og ho skriv heilt ope om kinky sex, sjalusi og meir til. Og altså kombinert med den gamle og evige draumen om eit heilt liv i sola.

Det er blitt eit ganske intenst kammerspel der spranga i tid og stad kan vere litt vanskelege å henge med i, men der vi aldri er i tvil om kva dette handlar om, og korleis dei to unge balar og slit. Ragnhild Lila Risnes har greidd å skape eit relativt tett drama med få daudpunkt. I parforholdet er han ein stuppul og ho eit fyrverkeri. Felix slit med bagasjen, er ganske tradisjonell og har vondt for å sjå at hans eige forhold til Almaz, ei jente vi berre høyrer om, skal vere noko å rippe opp i. Medan Yvonne meir ser ut til å nytte alle sine både kvinneleg og mannlege partnarar som kompensasjon, utforsking av seksualitet og for alt eg veit som pressmiddel mot Felix. For inst inne er det dei to, jamvel om eg ikkje er overtydd om at forholdet er liv laga.

Åsmund Lockert Rohde og Karianna Sommerro har båe utdanning som musikalartistar frå Bårdar, dei kjenner kvarandre godt frå fleire felles produksjonar, og er difor særs fortrulege og står godt til kvarandre. Rohdes spel blir nok vel reservert i samspelet med Sommerro, men når Maria Kornelia Lund gjennom dramatisk fiolinspel kommenterer kjenslene ved sidespranga hans, blir det ganske heftig. Karianna Sommerro imponerer som Yvonne. Ho har eit enormt og finstemt register og kroppsspråk og mimikk som er hundre prosent til stades. Ho er på same tid ei femmes fatale og ei varm og kjærleiksfull ungjente, og det er dans og dampande erotikk i alle rørslene hennar.

«Et helt liv av sol» syner at Daria Glenter er ei ung røyst som har noko på gang, og som greier å få fram nye aspekt ved eit tema som rett nok er gamalt, men som vi aldri blir ferdige med. Framsyninga blir spela på Lager 11 klokka 18 kvar dag til og med sundag 18. oktober.

Leave a Reply