Langsam demaskering

TEATER

MØRKT: Det blir dystrare for syskena etter kvart som smilet forsvinn. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Happy Hour»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Cristian Ceresoli
Omsett av: Audny Chris Holsen
Regi: Audny Chris Holsen
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
Lysdesign: Tobias Hagström-Ståhl
Lyddesign: Jonas Bjerketvedt
Med: Helga Guren og Karl-Vidar Lende

Velspela og stramt, men ei alt for føreseieleg historie.

For åtte år sia brakdebuterte den italienske dramatikaren Cristian Ceresoli med oppsetjinga «Dritt/La Merda», ein monolog som i åra etter har vunne eit utal prisar. Her heime hadde dramaet norgespremiere i 2018 som eit samarbeidsprosjekt mellom Østfold Kulturutvikling og ei rekkje andre, i regi av Audny Chris Holsen og med Helga Guren på scena. Heilt åleine og fullstendig avkledd framstilte Guren ei ung kvinne som slit med manglande sjølvkjensle og som er villig til å gjere kva som helst for å få seg opp av driten. Det var ein uvanleg sterk tekst, og ei minst like sterk teateroppleving som Helga Guren høgst fortent fekk Heddapris for i fjor.

For to år sia var det urpremiere på eit nytt drama av Ceresoli, «Happy Hour». Der held han fram i same dystopiske og samfunnskritiske gate og åtvarar mot den veksande neofascismen og korleis totalitære samfunn kan ta meir sminka, og på overflata ikkje så stygge, vegar som dei vi såg i det førre hundreåret. Ein fascisme med smilande andlet.

Laurdag var det norgespremiere på «Happy Hour» på Rogaland Teater. Også denne oppsetjinga er i regi av Audny Chris Holsen, som i tillegg er ansvarleg for omsetjinga. Og med seg i ei av dei to rollene, har ho som før, Helga Guren. «Happy Hour» handlar om syskena Kerfuffle (Karl-Vidar Lende) og Ado (Helga Guren). Gjennom det dei fortel, blir vi også kjend med foreldra deira, bestefaren og samfunnet rundt dei. Vi er truleg i Italia og Milano, men gjennom stadige brot med mantraet «happy hour», får vi forståing av at det like gjerne kan vere kor som helst.

I Olav Myrtvedts scenografi og kostyme møter vi to ungdomar i begynnande pubertet, kledde i joggedress og på to avtrappa høgder som er draperte i ein stor duk. På muntert, barnleg og naivistisk vis fortel dei om den litle familien sin, det tronge husveret og det ganske fattigslege tilværet. Kerfuffle (og faren) drøymar om ein fotballkarriere, medan Ado (og også faren) har ambisjonar om casting som dansar eller skodespelar. Men alt er berre ei livsløgn, og det erkjenner dei vel i røynda sjølve også. Det ganske stusslege livet blir kompensert med smil og stadige brot med rop om «happy hour». Gradvis blir vi også fortalt at verda rundt ikkje er heilt som ho skal, som når den upopulære husverten og kona hans blir tekne av soldatar og ført bort. Samstundes får den litle familien med eitt, og utan openberr grunn, flytte inn i nytt og langt betre husvære der dei slepp å betale leige, og der det ser ut som nokon nyleg har budd. Ingen stiller spørsmål og syskena smilar og fortel like naivistisk og muntert jamvel om vi lag for lag får avdekka at samfunnet er totalitært og brutalt. Men ein kan overleve ved å gle seg og klistre på seg smil. På same tid skjer det også ei gradvis, og litt for tydeleg demaskering av scena, der det under den fine duken berre er lag på lag av europallar.

Helga Guren og Karl-Vidar Lende er to særs dyktige, men ganske ulike skodespelarar som viser seg å stå uventa godt til kvarandre. Dei får tydeleg fram både den godtruande naivismen, humoren, og den gryande uroa over kva som skjer rundt dei. Alt medan dei tviheld på det smilande lykkemantraet, – så lenge det går. Det er eit intenst og truverdig samspel, energisk, masse tekst og framifrå rolletolkingar. Audny Chris Holsens omsetjing er munnleg og naturleg, og regien hennar byggjer opp under den snikande uhyggestemninga.

Så skulle vel alt vere greitt? Men trass framifrå spel, god omsetjing og stram regi, greier aldri «Happy Hour» å gripe meg på same vis som «Dritt/La Merda». Det er rett og slett fordi teksten ikkje er i nærleiken så god. Han er føreseieleg til det nesten keisame og manglar heilt det subtile. Og sjølv om det ikkje alltid er like lett å forstå kva som verkeleg skjer, byr historia korkje på overraskingar eller brot. I staden blir det insisterande og retthaversk politisk teater utan særleg nyanserikdom.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 10. september 2020.)

Leave a Reply