Er det lov å trakke feil?

TEATER

KONFLIKTAR: Fadderveka blir ikkje heilt som dei tenkte seg. FOTO: TERJE VISNES

«En dag…»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Tyra Tønnessen og ensemblet
Songtekstar: Tyra Tønnessen og Martha Standal
Komponist og musikar: Åsmund Flaten
Regi: Tyra Tønnessen
Scenografi og kostyme: Leiko Fuseya
Koreografi: Kristin Hjort Inao
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Lyddesign: Jan Magne Høynes
Med: Ida Cecilie Klem, Natalie Bjerke Roland, Martha Standal, Andreas Tønnesland, Tor Ivar Hagen og Snorre Ryen Tøndel

Må ein alltid vere politisk korrekt, eller er det lov å trakke litt feil for å kome vidare?

På Trøndelag Teaters hovudscene skulle det i desse dagar ha vore premiere på den nyskrivne musikalen «Havfruen» i regi av Tyra Tønnessen. Då alt stengde for eit halvår sia, var det berre å setje den oppsetjinga på vent. Men teatersjef Elisabeth Egseth Hansen gav ikkje opp så lett. Tyra Tønnessen tok med seg seks av det opphavelege ensemblet, og improviserte fram ei oppsetjing som er blitt ein tankevekkjande kommentar til situasjonen vi står oppe i. Den syner samstundes at spennande scenekunst kan vere langt meir enn regiteater basert på gode dramatekstar.

I løpet av berre fem veker har ensemblet og Tønnessen arbeidd fram ein ny musikal, eller rettare skjelettet av ein musikal. Den er interaktiv og vil, avhengig av publikum, endre seg frå dag til dag. Ein kommentar til og ein parafrase over både koronasituasjonen og nokre av dei store spørsmåla vi diskuterer for tida

«En dag…» dreier seg om ein tilsynelatande heilt vanleg seinsommardag i Trondheim. Det er måndag 17. august. Det er finvêr, landet står midt i ein pandemi, og i Stiftsstaden er det fadderveke for dei nye studentane. I ein park møter vi seks forventingsfulle ungdomar som skal ta til med studiar i barnevern, men først bli litt betre kjende med kvarandre. Dei seks er i utgangspunktet ganske stereotype figurar. Den politisk korrekte Ea (Ida Cecilie Klem) er på førehand tatt ut som smittevernansvarleg. Det oppfattar ho nok meir som eit ritual enn som særleg viktig. Den mykje eldre nordtrøndaren Gunnar (Tor Ivar Hagen) er ein folkeleg antikapitalist. Svensken Anders (Snorre Ryen Tøndel) hatar Tegnell og drikk jamt. Julie frå Grünerløkka (Natalie Bjerke Roland) er litt mørkare i huda, og veit kva rasisme er. Sigrid (Martha Standal) frå Haramsøya er smitteverns-legalist og mot vindmøller. Og så er det den særs verbale, men lite sjarmerande rikmannssonen Hans Peter frå Snarøya (Andreas Tønnesland) i stuttbukse og blazer. Denne vesle gruppa på livets terskel skal nå bli betre kjend, snakke saman, drikke og feste, men med pandemien hengjande som ein tung presenning over det heile.

Etter kvart som samtalen går, syner det seg at det er meir enn koronaen som er problematisk for dei seks. Gjennom lite gjennomtenkte kommentarar får vi ikkje berre presentert i kor stor grad ein kan frigjere seg frå smittevernregimet. Vi får også aktuelle debattar om rasisme, krenking, fordommar, seksuell legning, og ikkje minst ein særs spesiell og overraskande vri på diskusjonen om kjønnsidentitet.

Framsyninga er bygd opp av ei rekkje tablå, avbrotne av nydelege songar til melodi av Åsmund Flaten og tekstar av Tyra Tønnessen og Martha Standal. Publikum sit i ring rundt dei seks, og blir aktivt trekte inn i handlinga når skodespelarane stoppar, vender seg til oss og ber oss kommentere konfliktane dei står midt oppe i. Innafor kvart tablå blir det slik improvisert fram nye situasjonar kvar kveld, avhengig av responsen frå salen. Det kan sjølvsagt bli kleint, men premierepublikummet var aktive og på alerten, og det gjorde godt å bli konfrontert med eigne haldningar, – og fordommar.

Dette er improvisasjonsteater utan fast manus. Tyra Tønnessen har gitt aktørane eit skjelett å byggje på, og i personinstruksjonen gjort dei trygge på rollene sine. Dei seks figurane var i utgangspunktet meir sjablongmessige representantar for ulike typar enn heile menneske. Men etter kvart kom nyansane fram, og dramaturgien baud på mange og artige overraskingar. Seks velmeinande ungdomar som stadig trakkar feil, men som alle, med unnatak av Hans Peter, så gjerne vil vere politisk korrekte, og trur dei er det. Dei seks er overraskande trygge i rollene sine, og det er dyktig ensemblespel. Eg må likevel få trekkje fram Andreas Tønneslands overtydande tolking av Snarøysnobben, ein kontrasterande figur som er heilt avgjerande for dramaturgien, og som han også makta å gi andre nyansar mot slutten.

«En dag…» er improvisasjonsteater og har hatt stutt prøvetid, så sjølvsagt er dei ikkje heilt i hamn. Tidvis kan oppsetjinga ta litt karakter av seminar, men eg vil tru at dette er ei framsyning som berre vil bli betre og betre etter kvart som dei får nye tilbakespel frå publikum.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. september 2020)

Leave a Reply