Fengslande forteljarteater

TEATER

SÅ ENKELT: Ei god forteljing, to musikarar og ein framifrå skodespelar er meir enn nok. FOTO: ØYVIND MAHLUM/WOW MEDIALAB

«Den siste viking»
Turnéteatret i Trøndelag, Verdal
Av: Johan Bojer
Dramatisering og regi: Nora Evensen
Komponist: Knut Anders Vestad
Musikk: Knut Anders Vestad og Karoline Brevik
Med: Tore B. Granås

Stundom kan ei god historie og ein framifrå skodespelar vere nok.

Ingen har skildra kystbefolkninga i Norge betre og meir levande enn det Johan Bojer gjorde i «Den siste viking». Det er ein frodig og rik sosialrealistisk roman der vi følgjer fiskarar frå Rissa på Fosen i Trøndelag. Utpå vinteren set dei segl for Lofoten og draumen om rikt fiske, medan kvinnfolka er att heime med ein ungeflokk og ei ku eller to. Og prisgitt uvissa. For havet gav, men havet tok også, og mange kom aldri heim.

Romanen blei utgitt i 1921, men omhandlar fisket 30 år tidlegare. Alt då var det brytning mellom nytt og gamalt, og det toppa seg i 1890 då dampbåtane som dreiv meir industrielt fiske, stengde Trollfjorden for robåtfiskarane. Det resulterte i eit veritabelt sjøslag. I den breie folkelivsskildringa av både livet heime i Rissa, på sjøen og i rorbua har Bojer også fletta inn dramatiske skildringar av Trollfjordslaget.

«Den siste viking» er dramatisert fleire gongar, mellom anna som friluftsteater i Rissa fleire somrar, og på Trøndelag Teater i 2008. Nå har Nora Evensen, teatersjefen på Turnéteatret i Trøndelag, dramatisert romanen som forteljarteater. Gjennom ein dryg time tek Tore B. Granås oss med gjennom det viktigaste av historia. Granås har vore med i båe dei to nemnde produksjonane, og kjenner stoffet godt. Han er fortruleg med det rike typegalleriet til Bojer, og ganske stillferdig og utan rekvisittar eller fysisk spel fortel han lunt og inderleg om høvedsmannen Kristaver, skårungen Lars, Jakob «Pinade», Marja, Elezeus og alle dei andre. Med utsøkt variasjon i stemmeleie og dialektbruk målar han med brei pensel fram dei ulike menneska og lagnadane deira, og sjølv om eg både har lese romanen og sett tidlegare produksjonar, sit eg trollbunden.

Nora Evensen har laga ein komprimert versjon som likevel er forbausande komplett og tru mot forteljinga. I regien gir ho god tid til avbrot, pausar og refleksjon. Og med vart og vakkert tonefølgje av Karoline Brevik på cello og Knut Anders Vestad på tangentar der Vestad også korar i ein del av songinnslaga, blir det fine og lyriske brot. Så enkelt og så godt, – dette er forteljarteater på sitt beste.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 18. september 2020.)

Leave a Reply