Å få seg dame

TEATER

FAMILIEIDYLL?: Terje og Jim freistar å lage ein hyggeleg familie for å lure barnevernet. FOTO: MARIUS FISKUM

«Pitbull-Terje og kampen mot barnevernet»
Hålogaland Teater, Scene vest
Av: Endre Lund Eriksen og Morten Røsrud
Regi: Morten Røsrud
Scenografi og kostyme: Mari Lotherington
Lysdesign: Vegar Angel Nordheim Andreassen
Lyddesign: Andreas Wangsbro
Med: Espen Mauno, Alexander Rindestu, Ellen Andreassen og Andrea Vik

Det er mykje ein må bu seg på når ein er tretten år og skal ta til på ungdomsskulen.

For fem år sia sette Hålogaland Teater opp «Den sommeren pappa ble homo» basert på romanen av same namn av Endre Lund Eriksen. Det resulterte i Heddapris for beste barne- og ungdomsframsyning. Nå har teateret dramatisert ein annan av Eriksens mange romanar, «Pitbull-Terje og kampen mot barnevernet». Endre Lund Eriksen har openbert god innsikt i kva som rører seg blant dei unge, og han er ikkje redd for å ta opp vanskelege tema, men gjerne med humor og eit særs skrått blikk. Slik også i denne historia.

Kompisane Jim (Espen Mauno) og Terje (Alexander Rindestu) er 13 år gamle, akkurat ferdig med barneskulen, og til hausten ventar ungdomsskule, og langt tøffare tak. Dei er budde på mobbing, og meir til, men har funne ei løysing mot elendet. Om dei berre får seg dame, vil dei bli respekterte. Men dei to er også litt rare, noko meir enn dei fleste av oss. Og det er ikkje så underleg, for heime har dei endå rarare opphav. Torbjørn (Andrea Vik), far til Terje er drikkfeldig, og Sissel (Ellen Andreassen), mor til Jim, er ein nevrosebunt. Dette får barnevernet snusen i, og før det kan bli dame på Jim og Terje, må dei rydde opp på heimebane.

Sjølv om ikkje alle kjem frå tilsvarande heimar, vil dei fleste likevel kjenne att mykje, og spesielt den vanskelege puberteten. Alt dette er formidla med innsikt, varme, mykje humor og til tider sterkt karikert.

Regissøren Morten Røsrud har vald å nytte berre fire skodespelarar og ei relativt nake scene. Dette trass i at vi er mange stader, og det i alle fall er seks personar i tillegg til Jim og Terje. Ellen Andreassen og Andrea Vik går ut og inn av alle dei andre rollene med imponerande presisjon, og ein god porsjon sjarm. Scenografien til Mari Lotherington er særs sparsam, to flyttbare installasjonar som kan vere kva du vil, og utsøkt bruk av fint lyssette modellar. Scenografien var ikkje alltid like vellukka, men i hovudsak ga den eit godt utgangspunkt for dei tallause og synkrone scene- og kostymeskifta.

Heile historia er framstilt både humoristisk og ikkje så reint lite karikert. Når to aktørar skal skifte mellom seks roller i høgt tempo, må ein kanskje overspele noko, og i starten blei nokre av typane vel outrerte. Men det gjekk seg til etter kvart. I ein regi som set særs høge krav til timing, og med presist og humoristisk spel frå dei fire på scena, mora vi oss med dei to oppfinnsame gutane og omgjevnadane deira. Og finalen synte at det kanskje ikkje er slik at «kyssing e hæsli» likevel?

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 31. august 2020.)

2 Responses to “Å få seg dame”

  1. Bjørn Krogstad sier:

    Høres morsomt ut! Skulle gjerne sett denne forestillingen!

  2. […] Amund Grimstad i Klassekampen skriver: «Sjølv om ikkje alle kjem frå tilsvarande heimar, vil dei fleste likevel kjenne att mykje, og spesielt den vanskelege puberteten. Alt dette er formidla med innsikt, varme, mykje humor og til tider sterkt karikert.» […]

Leave a Reply