No bli det vår

TEATERKONSERT

RÅTT OG SÅRT: Med nye arrangement kom det også fram andre fasettar ved Hans Hyldbakks lyrikk.
FOTO: TEATRET VÅRT

«Vårsøg 75 år»
Teatret Vårt, Molde
Tekstar av Hans Hyldbakk
Musikk: Henning Sommerro
Tekstutval: Svein Sæter
Regi: Kristian Lykkeslet Strømskag
Med: Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Julie Støp Husby og Sara Fellman

Nye arrangement gjorde «Vårsøg 75 år» til meir enn ein vanleg teaterkonsert.

Forfattaren og lokalhistorikaren Hans Hyldbakk (1898-2001) gav ut ei rekkje diktsamlingar, prosatekstar og lokalhistoriske verk gjennom heile 70 år. Men før Henning Sommerro tonesette mange av dikta hans, og med gruppa Vårsøg i 1977 gjorde han til ein folkekjær nasjonalskald, var nok Hyldbakk berre kjend for dei mest innvigde på Nordmøre. Nå vil Teatret Vårt markere at det er 75 år sia Hyldbakk i april 1945 skreiv det ikoniske diktet «Vårsøg». Saman med den vakre melodien til Sommerro, har diktet funne ein plass i nordmenns hjarte på line med dei fremste nasjonalsongane våre. «Vårsøg» er rett nok ei glede over våren, men har også ein klår og eintydig undertekst om den frigjeringa som kom nokre veker etterpå.

Teaterkonserten er blitt ein hyllest til fridomen og til ein smålåten og noko underkjent forfattar. Henning Sommerro, som vaks opp i Surnadal, ikkje langt unna garden Kleiva der Hyldbakk budde, har skrive all musikken, og var ein sjølvsagt kapellmeister. Han trakterte klaver og trekkspel i tillegg til song og nokre «uregisserte» monologar. Med seg har han John Pål Inderberg på saksofon, skodespelarane Julie Støp Husby og Sara Fellman på vokal, og i tillegg ein varsam, men effektfull bruk av unike lydopptak med forfattaren sjølv. Særleg mektig var Hyldbakks resitering av «Vårsøg» til John Pål Inderbergs ekstremt såre akkompagnement.

Frå heimplassen skreiv Hyldbakk ei rekkje «Kleiva-brev» som dagsaktuelle kommentarar. Utdrag frå desse breva dannar eit fundament som konserten er bygd opp om. Det bergar ein elles litt vanskeleg dramaturgi. Gjennom Sommerros humoristiske anekdotar om ein einstøing, kranglefant, og ein ganske motsetnadsfylt og tvisynt lokal kosmopolitt, får vi komplettert bildet av mennesket bak forfattaren. Og så er det sjølvsagt dikta hans, som i følgje den alt for smålåtne Henning Sommerro var så gode at melodiane kom av seg sjølv(!). Det trur eg det eg vil om. Mange av melodiane er minst like lyriske som dikta, men Sommerro og ensemblet har unngått å lage ein sviskekonsert. Nye arrangement får i større grad fram ein del av råskapen og det litt viltre i både undertekst og klårtekst. Det, kombinert med solid musikalsk og songleg framføring, gjorde «Vårsøg 75 år» til noko langt meir enn ein lyrisk og melodiøs nostalgitripp.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 20. juni 2020.)

Leave a Reply