Endring og undring

TEATER

MOLLSTEMD: Mykje humor og skjemt, men med ein djupt alvorleg undertone. FOTO: OLE EKKER

«Bunnlinjan»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Tekst: Marianne Meløy
Musikk: Trygve Brøske
Regi: Ivar Tindberg
Lys- og videodesign: Tommy Geving
Lyddesign: Anders Schille og Siril Gaare
Med: Marianne Meløy og Trygve Brøske

Refleksjonar over det meste, men med særleg vekt på den uvanlege kombinasjonen miljøvern og framtidsoptimisme.

Skodespelaren Marianne Meløy og musikaren Trygve Brøske har samarbeidd med ujamne mellomrom heilt sia 1993, og duoen er blitt så innarbeidd at dei til og med har tatt kunstnarnamnet Brøløy. I samband med stemmerettsjubileet for sju år sia laga dei ein kabaret dei kalla «Stemt» der Marianne Meløy tok oss med til heimplassen sin i Vesterålen, ei øy med rundt 40 innbyggjarar, men alle med så spesielle trekk at dei kunne fortene ein roman. For fire år sia, blei det i framsyninga «Bunnlinja» ein ny visitt til Meløya. Denne gongen var det pappa Meløy som baud dottera på ein spasertur øya rundt i samband med at han skulle ha ein bypassoperasjon og ikkje var viss på om han ville overleve. Når Brøske og Meløy nok ein gong inviterer til Meløya, denne gong med fleirtalstittelen «Bunnlinjan», er det med utgangspunkt i den same spaserturen, men med nye assosiasjonar, digresjonar, refleksjonar og små anekdotar der undring over alt som endrast er ein fellesnemnar.

Når Meløy nå opererer med fleire botnliner, er det fordi ho har utvida omgrepet frå ikkje berre å gjelde den økonomiske, men også den økologiske og menneskelege, samt ei fjerde som ho nyttar framsyninga til å leite etter. Og jamvel om far hennar er hjartepasient, blir det ein dryg spasertur der sidespranga og digresjonane er langt meir omfattande enn sjølve turen. Som ein Espen Oskeladd møter dei folk, dyr, fenomen og eit utal anna som kan vere verd å ta vare på og som kan gi assosiasjonar og refleksjonar over livet, både som det var og kva det skal bli til. Trygve Brøske gir tonefølgje til dei ulike anekdotane og forteljingane som Marianne Meløy presenterer, og nokre songar blir det også, dei fleste ganske mollstemde.

Marianne Meløy er ein folkekjær skodespelar med eit spesielt komisk talent og med eit oppkome av historier. Trygg på det ho fortel, auser ho her av det meste. Men under skjemtinga og den nordnorske humoren ligg det denne gongen ein langt alvorlegare undertone. På vandringa med faren er dei innom mange og så ulike fenomen som bruk og kast, venninnemangel, plastsøppel, tukling med naturlege biotopar, og humoristiske vurderingar av kvifor dei dresskledde som ser heilt likeins ut, er dei som ropar høgast om innovasjon. Marianne Meløy har så mange historier ho vil fortelje, og stundom blir det i meste laget. Men finalen, med ein vakker hyllest til foreldregenerasjonens framtidsoptimisme kombinert med trua på at det framleis skal gå bra, blei eit mektig punktum.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 17. juni 2020.)

Leave a Reply