Gateteater på boks

TEATER

BANNER: Med fire banner som einaste rekvisitt får vi presentert gode tekstar om skuld og ansvar i eit enormt høgt tempo. FOTO: HEIDA GUDMUNDSDOTTIR

«Culpa! i unntakstilstand»
Kilden Teater, YouTube
Av: Taro Vestøl Cooper
Idé og regi: Mine Nilay Yalcin
Kostyme: Synne Reichelt Føreland
Lyddesign: Simen Hefte Endresen
Med: Ann Ingrid Fuglestveit, Kevin Mbugua, Jenny Ellegård og Fredrik Høstaker

Intenst og drivande med god tekst, men ikkje heilt på høgda teknisk.

Kilden Teater i Kristiansand markerer at det er 100 år sia bysbarnet Jens Bjørneboe blei født. Tidlegare i år sette dei opp «Jonas», og då koronakrisa slo til, var teateret godt i gong med førebuingane på «Culpa!», eit gateteater som skulle spelast i fritidsklubbar, skulegardar og parkar. Inspirert av Bjørneboes dikt «Mea Maxima Culpa» (Mi store skuld) frå 1966 fekk regissøren Mine Nilay Yalcin, slampoeten Taro Vestøl Cooper til å skrive ein ny og modernisert tekst for ungdom i første halvpart av tenåra. Men brått var det ikkje lenger mogeleg å spele teater som før. I staden for å permittere dei tilsette og vente til det heile gjekk over, valde den nytilsette teatersjefen, Valborg Frøysnes, å tenke nytt. Framsyninga blei omarbeidd for den unntakstilstanden vi står i og for ei digital plattform, og torsdag var det open premiere med live streaming på YouTube.

Jens Bjørneboes dikt handlar om skuld og skuldkjensle. Med bakgrunn i rap og slampoesi, har Taro Vestøl Cooper skrive ein ny tekst for fire skodespelarar. Bakteppet er røyndomen slik han blir opplevd av ungdom i dag. Det er reklame- og kroppspress, liv i bobler, problema med å skilje sant frå usant i ukritiske sosiale media, og korleis vere nøktern og reflektert i ein stadig hurtigare straum av likes og emojis der du aldri får tid til ettertanke. Og sjølvsagt skuldkjensla over ikkje å strekke til.

Framsyninga blir vist i ein black box utan noka form for scenografi, og dei einaste rekvisittane er fire banner med tekst. Med filming frå eit 360 gradars kamera, må vi sjølve gå inn i framsyninga og med musa velje kven vi skal følgje. Det er mykje tekst, enormt tempo, og eit utal sceneskift der halvvegs formidla standpunkt blir avbrotne av «Swipe!» før dei hastar vidare til nye tema. Så sjølv om det heile varar berre i dryge 20 minutt, kjennest det som ei heilaftans framsyning.

Dei fire skodespelarane er kledde i kvar sin farge, har fått ulike meiningsfelt dei presenterer, og framstår som eit tverrsnitt av det som rører seg blant ungdomen. Det var relativt god koreografi, enormt tempo, tekstsikker framføring og kjappe skift, men teknologien var ikkje heilt på høgda med flimrande bilde og dårleg oppløysing. Denne meldaren er langt frå målgruppa, men både av det eg såg, av kommentarane i sidefeltet og ikkje minst av live chaten etterpå, var det openbert ein bodskap som trefte og engasjerte ungdomen. Mykje er sjølvsagt tapt på vegen frå fysisk gateteater, men ei akseptabel erstatning slik situasjonen er i dag, var det likevel.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11. mai 2020.)

Leave a Reply