Fastgrodde konvensjonar

TEATER

KJENNER TYPEN?: Mette Arnstad portretterer ein sexistisk teaterleiar så på kornet at ein kan mistenke henne for å ha vore borti nokre av sorten. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Status Quo»
Rogaland Teater, Intimscena
Av Maja Zade
Omsetjing og regi: Audny Chris Holsen
Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes
Lysdesign: Haakon Espeland
Lyddesign: Åsmund Skretting Austvoll
Med: Marko Kanic, Mari Strand Ferstad, Mette Arnstad, Svein Solenes og Marianne Holter

Merkeleg nok er det lettast å forstå røyndomen når han blir snudd opp ned.

Tysk-svenske Maja Zade har arbeidd som dramaturg og omsetjar ved Schaubühne i Berlin i tjue år, og debuterte i fjor også som dramatikar med komedien «Status Quo». I helga hadde stykket norgespremiere på Rogaland Teaters intimscene.

Mange konvensjonar og veremåtar er så inngrodde og vanlege at vi ser dei som normale same kor galne, eller absurde dei måtte vere. Dette gjeld i særleg grad kjønnsroller. Trass tiår, ja hundreår med kvinnekamp sit konvensjonane i ryggmergen, og sjølv om dei burde vere heilt openberre, er dei likevel ikkje så lette å sjå fordi dei trass alt framstår som del av normaliteten.

Då trengst det nokon som held opp ein spegel og syner oss vrengjebildet av røyndomen. Her heime gjorde Gerd Brantenberg det alt i 1977 med «Egalias døtre», ein satirisk roman om fantasilandet Egalia der kjønnsrollene var snudd opp ned. Og nå gjer Maja Zade det same i komedien «Status Quo». Gjennom tre parallelle historier der hovudpersonen er tre menn som alle heiter Michael, syner Zade oss verda slik ho ville vere om kjønnsrollene blei snudde på hovudet. Michael (Marko Kanic) er gift og apotekarlærling, han er assistent hjå ein eigedomsmeklar og han er skodespelar på eit teater. I alle roller er han prisgitt kvinnene som både styrer heilt konkret og gjennom usynlege maktapparat. Mennene er heime med barn, er dårlegare betalt, og blir tafsa på og utsette for hersketeknikkar og sexpress. Gjennom eit utal tablå syner Zade oss det som nå framstår som temmeleg komisk, men som altså er røyndomen, berre med motsett forteikn.

Audny Chris Holsen har ansvar for både omsetjing og regi. Språket er munnleg og naturleg, og dialogen flyt godt. Men regien har ein del problem. Sceneskifta går relativt greitt sjølv om det ikkje alltid er like enkelt å hengje med. Men framsyninga er blitt ei lang rekkje humoristiske tablå utan særleg dramaturgisk stigning, og då blir det etter kvart litt monotont og føreseieleg. Åse Hegrenes’ relativt opne scenografi gir med nøktern møblering og enkle middel god plass til mange ulike rom og situasjonar. Spelet er ensemblespel av beste klasse slik Rogaland Teater har for vane. Marko Kanic er ein truverdig og litt naiv Michael som stillferdig og utan problem sjonglerer dei tre Michael-ane. Bak all humoren ligg sjølvsagt også eit alvorleg bakteppe. Særleg synleg blir dette i møtet med Elizabeth, ein kynisk, sexistisk og manipulerande teaterleiar, så infamt og glitrande portrettert av Mette Arnstad at ein kunne mistenke henne for å ha vore borti nokre av sorten.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 3. februar 2020.)

Leave a Reply