Om å finne heim

TEATER

TRESTOKK: Keitete dans frå Pinocchio (Arthur Hakalahti) medan Maria (Mariama F. Kalley Slåttøy) ser på. FOTO: MARIUS FISKUM

«Pinocchio. Du er bra nok, treskalle!»
Hålogaland Teater, scene vest
Basert på eventyret av Carlo Collodi
Dramatisering og regi: Toril Solvang
Songtekstar: Toril Solvang og Ragnar Olsen
Scenografi og kostyme: Marcus Olson
Maskedesign: Helena Andersson
Koreografi: Belinda Braza
Komponist: Benjamin Mørk
Lysdesign: Øystein Heitmann
Lyddesign: Jim-Oddvar Hansen
Musikarar: Benjamin Mørk og Ingvild Anette Staff
Med: Arthur Hakalahti, Jonas Delerud, Emil Rodrigo Jørgensen, Kristine Henriksen, John Sigurd Kristensen, Ellen Andreassen, Mariama F. Kalley Slåttøy, Anna Karoline L. Bjelvin m.fl.

Eit poetisk og vakkert formidla eventyr om å vere annleis, om eksistensielle val, om forsoning og å finne heim.

Heilt frå den italienske forfattaren Carlo Collodi gav ut boka om tredokka Pinocchio i 1883 har eventyret fascinert generasjonar av både barn og vaksne. Historia om snikkaren og dokkemakaren Gepetto som så inderleg ønska seg ein son, og som opplevde at ei av dokkene hans blei levande, har gitt rom for eit utal ulike tolkingar. Den ganske snille Disney-versjonen der det viktigaste er at du ikkje skal lyge for då veks nesa di, er nok mest kjend, men originalen til Collodi er langt meir morbid og har mange fleire lag. Når Hålogaland Teater har late Toril Solvang dramatisere historia på nytt, er sjølvsagt den veksande nasen der, men moralen om ikkje å vere løgnaktig er ikkje lenger det viktigaste. Solvang er ganske tru mot handlinga, men har lagt meir vekt på spørsmålet om å vere annleis, om å ta dei rette vala og ikkje late seg lure av kortsiktig lykke. Solid forankra i handlinga i eventyret har ho laga ei modernisert utgåve om mobbing, vennskap, val og kjærleiken mellom far og son. Resultatet er blitt ei storslått og magisk oppleving der teateret ikkje har spart på noko.

Alt frå opninga set Solvang tonen ved at Gepetto, lågmælt og inderleg spela av Jonas Delerud, vender seg til publikum og fortel oss om saknet ved å vere barnlaus. Slik skapar han ein intim og fortruleg kontakt med salen. Vi trur på han og føler verkeleg med denne snille og litt saktmodige snikkaren. Og så syner det seg altså at ei av dokkene hans får liv. Pinocchio (Arthur Hakalahti) blir Gepettos velsigning, – og utfordring. Han er ikkje som dei andre, og sjølv om han får seg ein god venn i Timmy (Emil Rodrigo Jørgensen) og blir tett følgd av fea (Kristine Henriksen), blir han eit mobbeoffer, likar seg ikkje på skulen, og set ut i livet på eiga hand. Der møter han utfordringar, tek galne val og forstår etter kvart at han må søkje attende til faren. Han har på si side lagt ut på ei båtreise for å finne sonen, og er blitt slukt av ein kval. Så ender det med at Pinocchio finn att faren, reddar han, og det blir ei lukkeleg forsoning.

Dette kunne lett ha blitt klissete lirumlarum, men i Solvangs regi er det i staden blitt ei visuell, poetisk, sanseleg og ikkje minst magisk reise i menneskelege utfordringar. Marcus Olson har i tillegg til fantasirike kostyme, laga ein scenografi som med diskré bruk av dreiescene og nydelege sceneskift skapar situasjonar, oppleving og rom for magien. Musikk av Benjamin Mørk til songtekstar av Toril Solvang og Ragnar Olsen gir ekstra dimensjonar til framsyninga. Og så er koreografien til Belinda Braza oppfinnsam og poetisk, særleg i ei vakker og kreativ dansescene mellom Pinocchio og den nye venninna hans, dokka Maria (Mariama F. Kalley Slåttøy) der dei nærast flyg over scena.

Men det mest imponerande er tolkinga av Pinocchio sjølv. Arthur Hakalahti er berre 24 år, har inga formell teaterutdanning, og sjølv om han har spela i ein del filmar og seriar, er han så godt som heilt fersk på teateret. Og for ein debut! Alt frå han keitete vaknar til liv, og kalvbeint og som ein trestokk tek seg fram i verda, til mimikk, spel, artikulert og godt framførte replikkar, og ikkje minst til vakker dans og song, er han rett og slett formidabel.

Toril Solvang har tidlegare gjort mye spennande teater både med og for barn, mellom anna med Tigerstadsteatret, og er kjend for å gjere god personinstruksjon. Men det er første gong ho regisserer ei hovudsceneoppsetjing av eit slikt format. Det greidde ho godt. Midtvegs er ho kanskje litt vel pedagogisk og redd vi ikkje skal sjå poenga. Men i hovudsak har ho skapt ei komplett og storslått teaterframsyning, eit godt fortalt eventyr om utfordringar og eksistensielle val, om vennskap forsoning og å finne heim. Alt sett inn i ei opplevingsrik, vakker, poetisk, velspela og heilt magisk innramming.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 18. februar 2020.)

Leave a Reply