Underhaldande og forståeleg

TEATER 

GIFTIG: Britney Spears «Toxic» med Griegs «I Dovregubbens hall» som komp blir heftige greier. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Peer på pub»
Av Henrik Ibsen
Lerkefugl Produksjoner
Vinterlysfestivalen, Nordland Teater, foajeen
Regi og tilarbeiding: Ida Høy
Kostyme: Gjøril Bjercke Sæther
Lysdesign: Erik Spets Sandvik
Komponist: Espen Gjelstad Gundersen
Musikar: Tor Egil Braseth
Med: Martin Karelius Østensen, Johanne Fossheim, Henrik Hoff Vaagen og Hanne Korsbrekke Askeland

Ein Peer som har potensiale til å nå langt fleire enn dei som kan bukkerittscena utanåt.

Lerkefugl Produksjoner er i følgje heimesida deira eit lite kunstnarleg kollektiv med base i Skien og Telemark, altså midt i Ibsenland slik også namnet «Lerkefugl» tyder på. Initiativtakarar er regissør og produsent Ida Høy og skodespelar Hadle Reisæter. Produksjonsselskapet er i ferd med å byggje opp ein bank av ulike tilbod med bakgrunn i Henrik Ibsens drama. Ettersom kompaniet starta opp i fjor, er ikkje «forvaltningskapitalen» i denne banken så stor ennå, men i juni i fjor debuterte dei med den første produksjonen som dei kalla «Peer på pub», og som er ein nesten fullformats versjon av Peer Gynt. Den har dei sidan turnert med i tre versjonar, ein dei kallar «fullt og helt» og dei to andre «stykkevis og delt». Vidare forklåring skulle vere unødvendig. På Vinterlysfestivalen som nå blir avvikla i Mo i Rana fekk eg høve til å sjå «fullt og helt», og det var ein overraskande god, tilgjengeleg og forståeleg Peer Gynt.

Eg snubla nok litt i tittelen og trudde at dette var ein lettbeint, upretensiøs og humoristisk Peer ved bardisken til det teateret, hotellet eller restauranten som ga oppsetjinga scene. Men dette var berre delvis rett, og eigentleg ganske langt frå den teateropplevinga eg fekk. Oppsetjinga er så tru mot originalen at dei like gjerne kunne ha kalla han «Peer Gynt», og eg har sett mange oppsetjingar av Peer som går mykje lenger frå originalen enn denne. Den største skilnaden er at dei har gitt fanden i eventuelle scenetilvisingar, og spelar dramaet i eit restaurantlokale. Denne gongen var det foajeen til Nordland Teater der det er ein bar, ei lita scene, ein midtgang og flust med stolar og bord. Og så er dei berre fire aktørar pluss ein musikar. Men resten er Ibsens Peer i ei særs sannferdig tapping.

Vi tek til ved eit kafébord der Peer (Martin Karelius Østensen) møter mor Åse (Johanne Fossheim), og ganske raskt får vi bukkerittet i ei litt meir munnleg, og ikkje bunden form. Framsyninga vidare går i ei blanding av det bundne og det litt friare, og det fungerte faktisk ganske bra. Så går det slag i slag der nokre av dei mest folksame scenene sjølvsagt er skalert noko ned, men der alt, så nær som dårekista og prestens tale er med. Med berre fire skodespelarar og ein musikar, og der Østensen berre er Peer og Hanne Korsbrekke Askeland berre er Solveig, blir det desto meir på dei to siste. Men både kostyme- og sceneskift går smidig og greitt. Martin Karelius Østensen er ein vital, spenstig og kaut Peer, sjølvsikker og ikkje så reint lite sjarmerande trass i at han også får godt fram dritsekken. Peer er ein horebukk som ser på kvinner som bruksgjenstandar, han lyg og bedrar og han tener seg rik på menneskehandel. Trass i dette er Peer blitt ein slags nasjonalhelt der ein til og med kårar årets Peer Gynt som om det var noko å trakte etter. I dei fleste tolkingar er det sjarmtrollet som blir viktigast, medan nokre andre er så opptekne av å syne den ufordragelege dritsekken at det er uråd å sjå korleis han kunne sjarmere seg fram i verda. Denne balansen greier Østensen godt, for han gir oss på ingen måte nokon likande Peer, men samstundes forstår vi korleis han kunne sjarmere både mor si og andre i senk. Ei stund. I oppgjeret med knappestøyparen og der Peer gjer opp rekning med seg sjølv, kunne nok oppsetjinga ha vore litt meir dvelande og grundig, men i hovudsak får vi ein Peer som er både forståeleg og truverdig.

PROSAISK DØD: Mor Åse er glad i ein skarp ein, og det er naturleg at ho avsluttar livet, ikkje ved, men på bardisken. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Mor Åse blir vanlegvis framstilt som ei god, men også i overkant godtruande mor, men utover det med få karakteristikum. I Johanne Fossheims ganske infame tolking er ho ei innrøykt dame med røykestemme og med sterk sans for ein skarp ein i ny og ne. Det gir henne nokre ekstra dimensjonar og litt meir personlegdom, og gjer i tillegg at det etter kvart er heilt greitt at Peer parkerer henne på bardisken og også let henne døy der. Johanne Fossheim spelar også Ingrid, den grønkledde og Anitra, men med unnatak av den grønkledde, som er framstilt både heftig og erotisk, har ikkje regien gitt rom for at desse rollene har fått like tydeleg plass i framsyninga.

I eit restaurantlokale er det naturleg å nytte musikk. Eg trudde vel at ein på pub i 2020 ville ha unngått Edvard Grieg, men kompaniet leikar seg i staden med musikken hans og nyttar han i ei ganske fiffig blanding med Prince, Britney Spears og The Doors. I Peers møte med den grønkledde samplar dei slik at «I Dovregubbens Hall» ligg i botn som eit komp til Britney Spears «Toxic». Det var heftig, og då dampa det av erotikk.

Solveig blir spela av Hanne Korsbrekke Askeland. Ho er ein skolert operasongar som kontrasterer det litt røffe og populærkulturelle både med Griegs originalmusikk og med nyskriven musikk av Espen Gjelstad Gundersen. Ibsens Solveig er aldri lett å få tak på, men i Askelands tolking er ho meir ein representant for Peers tvisynte lengt etter ei madonna blant alle skjøkene, og ei hildring meir enn eit heilt menneske.

Vi er på pub, og då er det sjølvsagt ein bartender som både serverer Peer og Åse, og som ser til at alt er greitt. Henrik Hoff Vaagen akslar denne rolla i tillegg til Dovregubben, knappestøyparen og nokre til, og er i røynda den som er limet i framsyninga. Bortsett frå at Dovregubben har fått eit utruleg tåpeleg Hårek-kostyme (den såkalla vikinghjelmen med horn, du veit), får Vaagen likevel det vesentlege ut av Peers møte med trolla. Men når Peer mot slutten møter knappestøyparen blir det nok litt meir uforløyst.

«Peer på pub» er blitt ei nesten fullformats framsyning der det ikkje er kutta meir enn det som ofte er vanleg. Oppsetjinga er tru mot både tekst og innhald samstundes som settinga, lett modernisering og ikkje minst det gode musikalske gjer framsyninga både underhaldande, og ikkje minst forståeleg for den som ikkje er for godt kjend med Ibsens originalmanus.

Leave a Reply