Ikkje sløkk lyset

TEATER

TÅKEHAV: Kan ei lita jente i robåt forhindre skipskollisjon når fyra er sløkte? FOTO: JOHANNES L. F. SUNDE

«Fyr»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Espen Dekko, Marianne Meløy og Anne Marit Sæther
Regi: Morten Røsrud
Scenografi: Gilles Berger
Lysdesign: Eivind Myren
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Komponist: Martin Smidt
Med: Nami Kitagawa Aam, Roar Kjølv Jenssen, Espen Dekko, Marianne Meløy, Ingrid Bergstrøm og Anne Marit Sæther

Som installasjonskunst var «Fyr» ei makelaus oppleving, men diverre ikkje som teater.

Nokre av dei vakraste og mest poetiske teaterframsyningane eg har sett, har vore av den vesle frigruppa Cirka Teater i Trondheim. I meir enn 35 år har dei skapt rom, bilde og situasjonar med eit visuelt språk dei er ganske åleine om, og eit utal prisar er det også blitt. Ved fleire høve har dei samarbeidd med Trøndelag Teater, og i 2014 fekk den magiske familiemusikalen «Hundre hemmeligheter» to Heddaprisar. Nå er Cirka nok ein gong invitert inn til ein ny samproduksjon, og denne gongen er det blitt ei familieframsyning om ein over 2000 år gamal, men utdøyande tradisjon, nemleg fyrtårna.

Den vesle jenta Sinas, energisk og overtydande spela av Nami Kitagawa Aam, står ved stranda og snakkar i mobil, går tom for batteri og ropar om hjelp. Fyret Filos (Roar Kjølv Jenssen) høyrer henne, kjem til og blir irritert over at ho berre var tom for batteri og ikkje i havsnaud. Filos er også i ferd med å gå tom. Han vil sløkkje fyret for siste gong, og saman med fyra Patos, Kosmos, Faros og Kokus, er han lei av alt og vil søkje seg ned til Marianegropa, verdshavas djupaste grop. Men Sinas vil det annleis. Ho meiner det er livsfarleg om fyra sløkkjer. Og rundt dette freistar dei tre forfattarane Espen Dekko, Marianne Meløy og Anne Marit Sæther å spinne ei historie. Den forteljinga er det vanskeleg å skjøne så mykje av sjølv for oss vaksne, og eg er redd dei yngste vil fatte endå mindre. Morten Røsruds regi er litt retningslaus, og det gjer diverre ikkje saka betre at musikken ofte overdøyver replikkane. Det blir difor ekstra vanskeleg å fatte kva det er teateret vil fortelje oss.

Men om ein gløymer at ein skal på teater, og i staden skal sjå ein installasjon, eit kunstverk, så får ein verkeleg valuta for pengane og høve til å gle seg. Gilles Berger er ein trollmann med scenografi. Han opphevar tyngdekrafta og gir oss forunderlege og heilt magiske illusjonar. Denne gongen har han samarbeidd tett med Eivind Myren, ein av landets beste lysdesignarar, og saman har dei skapt ei opplevingsverd og eit kunstverk av fyr og prisme, skip, fiskestimar, skate, havhest, breiflabb, dokker og ikkje minst lys presentert med imponerande detaljrikdom og presisjon. Mykje samstemt mekanikk, presis dokkeføring og eit mangfald av opplevingsrike figurar. Der dette svikta som teater, har Myren og Berger i staden gitt oss ei visuell oppleving av det sjeldne, eit verkeleg kunstverk.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 21. februar 2020.)

Leave a Reply