Sviket i Getsemane hage

TEATER

STILLEBEN: Det siste måltid framstilt som ein humoristisk kommentar til Leonardo da Vincis «Nattverden». FOTO: OLE EKKER

«Jesus Christ Superstar»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Andrew Lloyd Webber og Tim Rice
Omsett av Ola E. Bø
Regi: Ronny Danielsson
Musikalsk leiing og arrangement: Åsmund Flaten
Scenografi: Martin Chocholoušek
Koreografi: Roger Lybeck
Kostyme: Annsofi Nyberg
Lysdesign: Mikael Kratt
Lyddesign: Siril Gaare
Med: Olve Løseth, Mads Bones, Silje Lundblad, Ole Christian Gullvåg, Øyvind Brandtzæg, Hans Petter Nilsen, Trond-Ove Skrødal, Ida Göransson m.fl.

Ein modernisert versjon der Jesus omsider får bli hovudperson i si eiga historie.

Jesu lidingshistorie, forholdet til disiplane, og ikkje minst til Maria Magdalena og Judas Iskariot, er ei av verdshistorias mest kjende forteljingar. Og med Tim Rice og Andrew Lloyd Webbers femti år gamle rockeopera, «Jesus Christ Superstar», er ho også blitt ein del av underhaldningsindustrien. I all dramatisert framstilling av denne lagnadstunge veka i Jerusalem, har den mest interessante rolla likevel ikkje vore Jesus. Sjølv om han er verdshistorias mest kjende sonoffer, er han from, snill og god, og vanskeleg å framstille som spesielt komplisert og motsetnadsfylt. Då er det annleis med Judas. Han elska Jesus, men det var førehandsbestemt at han skulle svike sin meister. Gjorde han ikkje det, ville han i staden svike verdshistoria. Hadde han eit val? Kva slags umenneskeleg lagnad var dette? Difor er Judas ofte blitt hovudpersonen i historia om Jesu siste dagar. Men ikkje slik i Trøndelag Teaters moderniserte versjon av rockeoperaen der Olve Løseth gir ei djuptgripande og framifrå tolking av kor sårbar også Jesus var.

Til å regissere oppsetjinga har Trøndelag Teater henta inn Ronny Danielsson som tidlegare har hatt stor suksess med musikalar på same scena. Med unnatak av det musikalske, har han tatt med sitt eige kunstnarlege team, og det har resultert i ei uvanleg komplett framsyning der alle element dreg i same retning. Ein god del vellukka modernisering er det også blitt. Ei stund syntest eg det blei vel mykje gull, glitter og fjør, inntil eg forstod at dette også var ein beisk og treffsikker kommentar til dagens hemningslause idoldyrking.

Åsmund Flaten har arrangert musikken, og laga eit langt råare og mindre melodiøst uttrykk, noko som kler oppsetjinga. Det heile startar med at Skjalg M. Raaen dreg nokre heftige og sugande gitar-riff, og bokstaveleg set tonen, før det held fram med enorm energi og utan eit einaste daudpunkt. Eit veldrilla og samkøyrd ensemble på vel tjue personar dansar, syng og spelar med imponerande presisjon og med eit utal saumlause rolle- og kostymeskift. Kostyma til Annsofi Nyberg er tydelege, mangefasetterte, og frå vår tid. Koreografien til Roger Lybeck sørger for synkrone, spektakulære og godt integrerte danseopptrinn. Og samspelet mellom scenograf Martin Chocholoušek og lysdesignar Mikael Kratt er førebiletleg. Ein stilisert og relativt symmetrisk scenografi med eit sinnrikt mobilt horisontalplan gir gode rom for alt frå det siste måltid, via masseopptrinn til krossfestinga, for ikkje å seie eit hysterisk poolparty hjå kong Herodes. Og med ei imponerande lyssetting greier Mikael Kratt å skape ei mengd rom og situasjonar inne i scenografien.

Og midt i det heile er det trekløveret alt dreier seg om. Maria Magdalena, den «falne» kvinna som elskar Jesus, og som er den einaste som ikkje fornektar han, er tydeleg tolka av Silje Lundblad som med stor stemmeprakt gir oss nokre av dei vakraste og mest lyriske songinnslaga. Mads Bones er Judas som også elskar sin herre, men som altså har fått eit umenneskeleg historisk oppdrag. Eit umogeleg dilemma som blir tolka overtydande, sårt og med stor innleving. Men denne gongen er det Jesus det først og fremst handlar om. Olve Løseth gjer ein formidabel og imponerande tolking der han ved å ta i bruk heile sitt omfattande register, også det songlege, syner oss tvilen og tvisynet, og vrengjer fram det sårbare og dermed det djupt menneskelege ved Jesus.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 20. januar 2020.)

Leave a Reply