Bak kvardagspraten

TEATER

PROPORSJONAR: Attkjenneleg familiedrama i ein absurd scenografi der alt er ute av proporsjonar. FOTO: MAGNUS SKREDE

«Sørsiden»
Den Nationale Scene, Lille Scene
Av Fredrik Brattberg
Regi: Tyra Tønnesen
Scenografi og kostyme: Leiko Fuseya
Komponist og lyddesignar: Alf Lund Godbolt
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Med: Sissel Ingri Tank-Nielsen, Sverre Røssummoen, Knut Erik Engemoen, Sunniva Du Mond Nordal og Embla Oledottir/Evelina Rygg

Observant og symboltungt om det heilt trivielle.

Som havets dønningar som rullar fram og attende, eller som eit musikkverk med variasjonar. Slik er komposisjonen til «Sørsiden» av Fredrik Brattberg som hadde urpremiere på Den Nationale Scene onsdag. Og det er nettopp til havet og bølgjene Brattberg og regissør Tyra Tønnesen tek oss når det heile opnar med ei tildekt scene som ved hjelp av vindmaskin og gode lydeffektar etter kvart illuderer eit hav i opprør. Og som slik gir eit frampeik om kva vi har i vente.

Tre generasjonar skal ha ferie i lag på hytta ved sjøen. Dei skal vere saman, bade og kose seg. Dette er ei setting dei fleste vil kjenne seg att i. Men mykje er fasade, og bak den skjuler det seg grums og konfliktar, faktisk ganske ofte om det heilt trivielle. Dette er det Fredrik Brattberg med klårsyn og treffsikker observasjonsevne formidlar i «Sørsiden». Besteforeldra (Sissel Ingri Tank-Nielsen og Sverre Røssummoen) har invitert sonen og svigerdottera (Knut Erik Engemoen og Sunniva Du Mond Nordal) og barnebarnet Frida (Embla Oledottir) til avslappande dagar. I Leiko Fuseyas scenografi, der alle utanom barnebarnet er grå og fulle av sand og støv, og der alle rekvisittar er ute av proporsjonar, vaknar dei fem opp til den første feriedagen. Alt er tilsynelatande idyll. Men så skjer det stadige brot ved at Frida skrik som ein måke, og alle går attende til utgangspunktet. Og i fem-seks repetisjonar av den same situasjonen, men med små variasjonar og tillegg for kvar gong, avdekkjer Brattberg og Tønnesen at det er mykje anna bak fasaden.

«Sørsiden» er eit symboltungt drama der både rekvisittar og repetisjonane gir rom for mange tolkingar. Sakte, gradvis, og også med ganske mykje humor blir vi presenterte for den same scena slik ho utviklar seg frå det idylliske til det særs dramatiske. Og alt er gjort med ein imponerande observasjonsevne som gjer at vi kjenner oss att. Personinstruksjonen er solid, og dei fem meistrar dei små nyanseskilnadane frå scene til scene godt. Tidvis er det litt for mye overspel, men det står samstundes godt til den noko absurde, og ganske humoristiske scenografien og rekvisittbruken til Leiko Fuseya. I både scenografi og regi er dette uvanleg symboltungt, og nokre gongar kan det bli for tydeleg og ferdigtogge.

Fredrik Brattberg og Tyra Tønnesen har med «Sørsiden» laga eit humoristisk og observant drama om det heilt kvardagslege og kva som skjuler seg under den familiære overflata. Det er ein underhaldande og innsiktsfull situasjonsrapport, men eg er uviss på om dei ønska å seie noko meir?

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 9. november 2019.)

Leave a Reply