Ein mann i mørk dress

TEATER

TRU: Trass i både forbanninga og vekslande forhold til kyrkja, har Strømdahl aldri vendt ryggen til gudstrua. FOTO: TERJE VISNES

«Dømt til evig fortapelse»
Trøndelag Teater i samarbeid med Nidaros Domkirke og Vår Frue menighet, Nidarosdomen
Av Wenche Strømdahl og Petra Bjørkhaug
Komponist og organist: Petra Bjørkhaug
Regi: Aslak Moe
Med: Wenche Strømdahl

Ei sterk og personleg beretning om ei fordømming som skulle syne seg å koste fleire tiårs kamp.

Då atten år gamle Wenche Strømdahl kom heim frå eit år som utvekslingsstudent i USA, hadde ho tatt fag ho tidlegare ikkje ana eksisterte. Eitt av dei var drama, og det hadde vore skilsetjande for den unge jenta som i eit intervju med lokalavisa fortalde at nå skulle ho bli skodespelar. Nokre dagar seinare fekk ho eit brev frå forstandaren i frikyrkja ho var medlem av. I målande ordelag la han ut om kor skuffa han var, om at teateret var djevelens verk, at ho nå var fanga i den vondes garn og dømt til evig fortaping. Slik skreiv ein forstandar utan forstand i eit brev som har følgd og forfølgd Strømdahl i alle år etter.

Wenche Strømdahl er i dag ein veletablert og folkekjær skodespelar ved Trøndelag Teater. Etter godt over 40 år, mykje motgang, og stadige gjensyn med «ein mann i mørk dress», har ho etter kvart fått mot og overskot til å fortelje historia si. Den er både vond og dramatisk, men er diverre neppe noko ho er åleine om å ha opplevd. Saman med domkantor Petra Bjørkhaug, og med god og respektfull regihjelp frå Aslak Moe, har ho laga monologen «Dømt til evig fortapelse» som hadde premiere i Nidarosdomen fredag. Det er blitt eit sterkt og personleg vitnemål om ein einsam kamp, ikkje mot Vårherre, men mot dei uforstandige løytnantane hans. Og den symboltunge og naturlege scenografien som Nidarosdomen baud på, og den mektige musikken frå Steinmeyerorgelet, ga framsyninga nokre ekstra og særs forsterkande dimensjonar.

Oppvaksen på ein liten plass i Nord-Norge, måtte Wenche Strømdahl alt som sjuåring flytte heimanfrå for å gå på skule. Ho fortel om ein trygg og god oppvekst, men med tidleg heimlengt for den alt for unge internatjenta. Gudstrua og kyrkjelivet var ein viktig del av kvardagen, og ho hadde ingen grunn til å tvile på det som dei religiøse autoritetane sa og stod for, sjølv om ho heile tida omtalar forstandaren som ein mann i mørk dress. Difor blei også sjokket og verknaden desto større då ho, i gleda over å ha funne sin veg i livet, fekk eit så fordømmande og øydeleggjande brev frå han som skulle vere ein av hennar viktigaste mentorar. I framsyninga fortel ho tidleg om det skilsetjande brevet, medan ho vidare i monologen hoppar fritt og ukronologisk mellom ulike epokar i livet. Ein skulle kanskje tru at det gjekk an å leggje bak seg ei slik oppleving frå attenårsalderen, men så enkelt er det ikkje. Kvar gong ho møter motstand, både som skodespelar og i privatlivet, dukkar mannen i mørk dress opp att i minnet, og Strømdahl kjempar mot.

Gjennom halvannan time, og med akkompagnement frå Bjørkhaugs mektige orgelmusikk, fortel Strømdahl overtydande og intenst om eit liv med tvil og skuldkjensle, og i kamp for det ho har trudd på. Særleg vellukka er dei mange passasjane der ho nærast sparrar med ulike roller ho har spela på teateret. Overraskande nok har ho behalde gudstrua, sjølv om ho har gått ut og inn av statskyrkja. Men frå forstandarens uforstand, fortel ho etter kvart om møtet med langt meir empatiske og tolerante kyrkjeleiarar.

Aslak Moe har dei siste åra vore instruktør for ei rekkje særs vellukka monologar og personlege beretningar, som mellom andre Morten Joachims «Fire begravelser og ett bryllup» og Ole Christian Gullvågs «Rotsekk» som båe etter kvart fekk eit langt liv med Riksteateret. Sams for dei alle er at Moe er så lydhøyr og samstundes lojal mot forteljingane. Slik er det også denne gongen der ørsmå regigrep i det enorme kyrkjerommet er med og forsterkar historia. Ei historie full av små sigrar, og som nå blir krona med denne modige skodespelarprestasjonen.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. november 2019.)

Leave a Reply