Sjølvironisk og velspela

REVY

HAR ALT: Ein forrykande Britannia-opera hadde alt som skal til for å lage eit godt revynummer. FOTO: foto.samfundet.no

«Vivillé»
UKA-19, Studentersamfundet i Trondhjem
Av Forfattarkollegiet og komponistkollegiet
Regi: Andreas Gaustad og Brynjar Larssen Bakken
Kapellmeister: Erik Bjørnerem
Songpedagog: Karen Francke
Scenografi: Ingvild Stokke, Ulrikke Schønfeldt og kulissegjengen
Koreografi: Sigrid Johansen og Ingrid Støen
Kostyme: Rebekka Aarskog og kostymegjengen
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT)

Ein revy med ein formidabel første akt, men som ikkje held same nivået etter pause.

I meir enn hundre år, berre avbrote av krigen, har Trondheimsstudentane annakvart år laga UKA, ein kulturfestival som manglar sidestykke i norsk historie. Nærare 2000 friviljuge studentar arbeidar natt og dag, (delvis) ved sia av studia for å få til dette dryge tre vekers arrangementet som nokså trygt kan seiast å vere landets største kulturdugnad. I nitti år har studentane arrangert dette i hus dei eig sjølve, det rare, raude, runde huset ved Elgeseter bru, som dei eig nettopp fordi UKA gir det økonomiske fundamentet for drifta av huset. Og motoren i det heile er UKE-revyen som trass i at han også er ein dugnad laga av amatørar, i alle desse åra har levert numre og songar som kan måle seg med det beste i norsk revyhistorie. I tillegg har revyane også vore både nyskapande og trendsetjande, og ikkje minst vore særs gode til å fange opp strømmingar og tendensar i samfunnet. Mest treffsikre er studentane sjølvsagt på det dei kjenner best, som dei relativt nære ting, men revyane har i alle år vore ein god miks av alvor og skjemt, politisk satire og berre tull og tøys. I år er det eit lite jubileum ettersom det er femtiande gongen det blir spela UKE-revy. Sjølv har eg sett 23 og meld 22 av dei, og kan med ein gong seie at årets revy er blant dei betre eg har sett.

UKA er tradisjon, og slik også med revyen. Han skal ha den før nemnde miksen av satirisk brodd og tull og tøys. Men han skal også ha ei drikkevise og ei Trondheimsvise. Og får dei til ein raud råd, er det heller ikkje å forakte. UKE-namnet er også ein tradisjon ein ikkje tuklar med. Det skal helst ha tre stavingar, omhandle eitt eller anna i tida, og i tillegg ha fleire tolkingar. Årets namn, «Vivillé» føyer seg pent inn i denne malen, og om du ikkje fattar kva det mellom anna kan tyde, er det etter opningsnummeret ikkje tvil. Studentar har si eiga litle verd, og dette er både opplese og vedtatt samt tema for ei av dei mest ikoniske gamle revysongane. I sjølvironiens lys startar det heile med ein jordklode som går til helvete, men det gjer vi eigentleg fan i, for vi vil leve bekymringsfritt, – vi vil le! Nummeret er ei av dei beste opningane eg har sett, framifrå sunge og godt koreografert, og det sette kjapt standarden for resten av revyen. I alle fall første akt.

TULL OG TØYS: Når berre framføringa er god nok, kan det relativt innhaldslause bli god underhaldning. FOTO: foto.samfundet.no

For i første akta kom det eine innslaget betre enn det andre, nære ting og kvardagsfenomen som blei vridd og vrengt på slik som redsla for ikkje å ha jobb før du er ferdig med studiet, restaurantane på Solsiden, og at her er plast (ja, det er ikkje trykkfeil) til alle. To av numra synte at det er ikkje så farleg med innhaldet så lenge framføringa er bra nok. Ein audition til tryggingsvakt på Trondheim kino var framført så godt og på kornet, at han blei nesten hysterisk utan at det eigentleg var nokon historie å fortelje. Og då det kom eit Foodora-bod syklande ned fjerde kvadrant, trudde eg kanskje det ville bli noko om streiken og nye tilsetjingstilhøve i arbeidslivet. Det var det ikkje, men før eg rakk å bli skuffa, hadde skodespelaren sjarmert meg i senk med fantastisk godt spel og berre intelligent vås. I tillegg til at han våga å ta seg lange pausar og late humoren søkke inn. Ei lita perle og på line med moskus-sketsjen frå UKA 17 for dei som hugsar den.

Det er openbert ikkje så lenge sia studentane har vore førskulebarn, for det er ofte ein tendens til å lage parodi på barneunderhaldning. Denne gongen var det ein intelligent tekst om forsøk på pedagogisk barne-TV om omgrep som ironi og satire.

I dag blir alle krenka, og det er vel ikkje så lenge før det blir håplaust å lage god humor i anna enn lukka grupper. Ein sketsj som eg har venta på i mange år, tok opp dette fenomenet ganske underhaldande og treffsikkert. Visa «Nu klinger» frå UKE-revyen «Cassa Rossa» i 1929 er dei siste femten, tjue åra opphøgd til eit nesten religiøst nivå og blir for tida avsunge ståande som om det var ein nasjonalsong. Men teksten er altså frå 1929, og her blir vi mellom anna minna på at «jenter, øl og dram, var kjæmpernes meny». Det er sjølvsagt ikkje gangbart i dag, men så er det altså slik at det politisk og kunstnarleg korrekte ikkje alltid er det same.

Revyen skal ha ei Trondheimsvise, og mange gode er det blitt etter kvart, men derfor sjølvsagt også vanskeleg å finne ein ny vri. Det gjorde forfattarkollegiet i år. Songen er framført av ei jente frå Bergen som diverre må til Trondheim for å studere ønska fag, og som med stor skepsis likevel forlét Stiftsstaden etter fem år med eit kjærleiksforhold til byen. Dette er ei vise som eg trur vil få eit liv etter dette, som var både litt sår, humoristisk, og kjenslefylt, samstundes som ho blei framført inderleg og særs truverdig.

Men det var finalen i første akt som tok prisen. Ei av byens storstuer, Britannia hotell er pussa opp for milliardbeløp, og dette gav bakgrunn for ein formidabel og velframført opera i ikkje mindre enn 30 aktar(!), eit innslag som hadde alt. Her var historia om hotellrestaureringa og eigaren, Odd Reitan, om Åge Aleksandersen og trønder-rockens forbanning, og det var ein herleg operaparodi, ei pompøs og overspela historie om Rosalita og Tagliatelle. Det var overskot, gjøglarglede, og alt eit godt revynummer skal ha, eit innslag som kan måle seg med den ikoniske Erichsen-operaen frå «Ræggeti» i 1979.

Det var ein formidabel første akt, og aldri kan eg hugse at eg har vore like nøgd til pause. Og som oftast tek det seg opp i siste akta. Det gjorde det ikkje denne gongen. Her var mange innslag som hadde gode poeng, men som, i alle fall førebels, var uforløyste. Som til dømes drikkevisa, sal i Midtbyen, ein ode til kaffien og den trønderske iveren etter å sløse bort pengar på store idrettsarrangement. Men akta baud også på god underhaldning. Ein sketsj om skjeggkreas arbeid for å bli betre likt, var nok eit døme på at flotte kostyme, godt spel og overraskande vriar kan gi strålande innslag utan at det eigentleg er så mykje å fortelje. Slik var det også med ein sketsj om toll, eller toill og tull, som har potensial til å bli god om han berre blir stramma litt.

Det einaste forsøket på politisk satire, var eit takknemleg innslag frå bakrommet til Bompengepartiet, deira håplause arbeid for ikkje å framstå som eit ei-saksparti, og der mange poeng var tatt godt på kornet. Det same galdt dei som stod i kø for å kome seg på Mount Everest, og der skodespelarane nok ein gong våga å ta lange pausar og i staden la mimikk gjere jobben. Eit lyrisk lite innslag om fenomenet dickpics var eit takknemleg brot, heilt annleis enn alt det andre, hadde eit overraskande poeng, og i tillegg ein god tekst, og blei slik eit høgdepunkt etter pause.

Men det var finalen som berga andre akta. Ringen er slutta, og vi er attende til opningsnummeret og ukenamnet. Så lenge vi opptrer som det Nordahl Grieg kalla «gumanistar», personar som ser og erkjenner verdas elende, men ikkje gjer noko med det, får det vere nok. Vi sender gode tankar dit det trengst, men helst vil vi berre le.

Det er mykje som skal klaffe for å få til ein heilstøypt revy. I eit produksjonsapparat på nesten 200 studentar, og alle amatørar, kan ein ikkje vente at absolutt alt skal vere perfekt. Men det meste held mål og vel så det. Spelet til dei åtte på scena er overtydande og godt, og songprestasjonane deira er imponerande. Det er mange danseopptrinn som er synkrone og velkoreograferte. Orkesteret gjer ein kjempejobb for å sy det heile samen. Dei sit på dreiescena, og er tidvis synlege. Lydkøyringa i storsalen i Samfundet er ei utfordring, men der eg sat, var det aldri problem med at musikken og lydnivået kom i vegen for song eller tekst. Kostyma var fantasifulle og avgjerande for nokre av numra, spesielt innslaget om skjeggkre. Scenografien var ganske omfattande og tok i bruk både scene, galleri, eine kvadranten og delar av salen, men kanskje var han litt for komplisert. For sjølv om revyen blei framført med fart og masse energi, stussar eg på at sceneskifta ikkje var betre regissert. Dei var langt frå saumlause, og jamvel om orkesteret freista å fylle skifta, var det litt amatørmessig med alle scenearbeidarane som i stummande mørke freista å rigge om mellom nesten kvart einaste nummer.

«Vivillé» er ein UKE-revy som har ein formidabel start og første akt, men som fell litt saman etter pause. Mykje av dette kan nok gå seg til med litt skjerping av poeng og punchlines. Personleg kunne eg nok ha tenkt meg litt meir og skarpare politisk satire, for om revyen mangla noko, så var det vel først og fremst det. «Vivillé» er velspela og underhaldande, ikkje den beste revyen eg har sett, men absolutt av dei betre.

One Response to “Sjølvironisk og velspela”

  1. Odd Storsæter sier:

    Mye enig med deg. Gode skuespillere, svært god musikk. Men «ufarlig» og snilt – bortsett fra litt om rektor. Oppdateringen av studentsangen fra 1929 ar framifrå. Men rammen som Studentersamfundsmøte ble gammeldags. Og alle på scenen var hvite eller bleike. En litt mørkere kom opp blant alle 40 som fikk blomster. Adressa skrev noe om «gullfiskebolle» på 70 tallet. Jeg fikk litt følelsen av å være på besøk i studentbobla. Men du verden hvor godt spilt. Men litt politikk hadde vært greit. (Så Mikael Wiehe og Ella Forsberg i Oslo med Dylan på svensk – så kontrasten ble stor. Ole Jacob Hoel var mye enig med deg. Jeg syntes ikke Operaen var så spennende – men smak er forskjellig. Fin anmeldelse – igjen!

Leave a Reply