Minne frå krigen

TEATER

DRAUMEN: Krigens draumar blir sjeldan røyndom, same kor nær ein kjem. FOTO: ERIKA HEBBERT

«Narvik»
Nordland Teater, Stormen kulturhus, Bodø
Av Lizzie Nunnery
Omsett av Ragnar Olsen
Musikk: Vidar Norheim og Martin Heslop
Regi: Kim Sørensen
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Med: Christine Guldbrandsen, Sondre Krogtoft Larsen, Kristian Winther og musikarane Johannes Winther Farstad og Kari Nesdal Sandnes

Ei vakker og poetisk framsyning om korleis krigen og omstenda rundt han kan øydeleggje det meste.

Frå oppveksten av hadde den britiske dramatikaren og musikaren Lizzie Nunnery høyrd bestefaren fortelje fragment av historier frå si tid som radiotelegrafist i den britiske flåten under andre verdskrigen. Og stadig kom han attende til Narvik. For lenger sør i Europa er Narvik framleis eit omgrep, og langt meir enn ein by i Norge. Dette var den første staden Hitler gjekk på eit nederlag i andre verdskrigen, og mange allierte soldatar har sterke minne frå kampane i Ofoten.

Med dette som bakgrunn, men elles ganske fritt, skreiv Nunnery musikkteateret «Narvik» i 2015, og for ei dryg veke sia hadde Nordland Teater norgespremiere i Narvik. Det er blitt ei sterk, visuell og vakker historie om kjærleik, overleving og kva krigen gjer med menneska. I Gjermund Andresens symboltunge og spektakulære scenografi, eit rammeverk som minner om spanta til eit skipsskrog, men som også gir rom for mykje meir, rullar Kim Sørensen ut historia til fiskaren og sjømannen Jim frå Liverpool. I livets siste fase fell han, slår hovudet og kallar fram dei løynde minna frå krigsåra. Vi tek til ein førkrigssommar då Jim (Sondre Krogtoft Larsen) er i Oslo og forelskar seg i norske Else (Christine Guldbrandsen), og vi får del i brevvekslinga og dei fiktive samtalane som følgjer. Så kjem krigen, og Jim er på veg til Narvik som radiotelegrafist saman med Kenny (Kristian Winther). Narvik blir berre eit bakteppe, for i det vidare følgjer vi dei to i konvoiar mellom England og Murmansk, torpedering, frykta, draumane og diskusjonane om meininga med det heile. To særs ulike personar utviklar eit underleg og motsetnadsfylt kameratskap slik det må bli i eit så tett lagnadsfellesskap, vakkert portrettert av dei to. Når krigen omsider er over, er Jim med i flotiljen som bringer den norske kronprinsen heim til Oslo, og draumen om å treffe att Else endar i det motsette.

Nunnery har fått ektemannen Vidar Norheim og Martin Heslop til å skrive musikk til stykket. Med solid framføring av dei tre aktørane på scena, og med hjelp av dei to musikarane Johannes Winter Farstad og Kari Nesdal Sandnes, gir songane ein ekstra lyrisk dimensjon til innhaldet. Spelet er framifrå, og sjølv om historia er litt vanskeleg å kome inn i, og avslutninga er vel melodramatisk, er Kim Sørensens «Narvik» blitt ei visuell og poetisk framsyning om krigens innestengde redsler, ei overtydande historie om overleving, kjærleik, kameratskap, draumar og korleis omstenda kan øydeleggje alt.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 14. oktober 2019.)

Leave a Reply