Ein vanleg dag i butikken?

TEATER

HEFTIG: Scener frå ein daglegvarebutikk. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Feilvare»
Rema 1000, Bakklandet, Trondheim
Av Liavaag/Lindberg
Manus og regi: Ingrid Liavaag
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Lyddesign: Yvonne Stenberg
Teknikar: Leik Raknes Finne
Med: Petra Casale, Oda Aunan, Cecilie Solberg og Silje Lindberg

Ei heilt annleis og krevjande teaterframsyning som verkeleg lukkast med det ho sette seg føre.

Verda er ei scene, og du ser spel og teater same kor du er. Ikkje alt er like regissert og fortetta, men om du nyttar augo, kan du oppleve dramatikk der du minst ventar det. Dette har det vesle teaterkompaniet Liavaag/Lindberg tatt utgangspunkt i, og i noko så prosaisk som ein heilt vanleg daglegvareforretning set dei nå opp eit teaterstykke medan butikken går som om inkje var skjedd, tilsette jobbar i kasser og reolar og kundane kjem og går. Det er blitt ei særs spennande teateroppleving der du som publikum fort kjenner ubehaget som ufriviljug kikkar.

Prosjektet heiter «Feilvare», og alle som handlar, om det er daglegvare eller anna, veit at slikt førekjem i varierande grad. I matbutikkane er det stadig spørsmål om utgått dato, og som kundar er det ofte vi granskar varene meir inngåande enn godt er, som når vi klemmer på frukt og grønt. Men feilvare kan vere så mangt. Kva med oss sjølve, og menneskeleg «feilvare», folk som ikkje passar heilt inn, er utgått på dato, ikkje ser like freshe ut som andre eller som har meir løynde lyte og skavankar? Er vi like tøffe med slik «feilvare» som med det vi skal ha med heim til matbordet? Er det rom for menneskeleg feilvare i eit kresent sorteringssamfunn som vårt? Greier vi å akseptere både eigne og andre sine lyte? Slike spørsmål er det Liavaag/Lindberg utforskar i denne produksjonen, og i stor grad må eg seie dei lukkast.

I butikklokala til Rema 1000 på Bakklandet i Trondheim, ein vanleg fredagskveld i åttetida, er vi tjue litt uvanlege kundar som blir utstyrte med høyretelefonar. Så godt vi kan (og det er ganske dårleg) freistar vi å mingle og gå i eitt med butikkens vanlege kundar og tilsette. Silje Lindberg (eine halvparten av kompaniet) er vår guide. Kledd i Rema-klede ter ho seg som ein vanleg tilsett, fortel om butikkjedas filosofi og verdigrunnlag, ryddar i reolane og flyttar på pallar. Det er mye bakgrunnsstøy, voice over og forskjellig å høyre i starten. Men så, gradvis oppdagar vi at tre av kundane ikkje er heilt som andre. Ei (Oda Aunan) tastar til sonen sin, pratar høgt, og blir etter kvart den pratsame litt kleine personen som absolutt skal fortelje deg om korleis ho har det som alkoholikar og narkoman. Medan dei to andre (Petra Casale og Cecilie Solberg) er eit par som er langt meir lågmælte, men som likevel har vanskar med å skjule at dei i røynda ikkje har det så godt, at dei går i terapi og at forholdet er på brestepunktet. Alt skjer gradvis, forsiktig og byggjer seg opp dramaturgisk til det til slutt går hardt ut over både gele, corn flakes og tørkerullar. Den stakkars butikktilsette freistar å rydde opp og roe dei tre. Sjølve høyrer vi dialog og tankar på høyretelefonane, medan butikkens vanlege kundar forstår lite av det heile, og nokre blir ufriviljug med på spelet nettopp ved å late som dei ikkje ser kva som går føre seg. Eit ekstra gjestespel fekk vi på premieren då ein uinnvigd Securitas-vakt fekk det for seg at ho burde gripe inn.

For oss som publikum blir dette ei heilt spesiell type framsyning fordi vi er tilskodarar, og ikkje minst kikkarar, på same tid som vi, om vi vil eller ikkje, blir del av framsyninga. Det ubehagelege ved å bli tilskodar til slikt ein helst ikkje vil bli del av, samstundes som vi blir kikkarar, for det er jo nettopp det som er meininga, gjer at det stundom er godt å ta ein tur bortom nokre mindre dramatiske reolar. På mange vis minner denne framsyninga meg om ein del av produksjonane til Goksøyr & Martens både ved bruk av høyretelefonar, men også kikkardimensjonen som gjer at teateropplevinga også blir fylt av ubehag, til tider ganske sterkt. Og det er flott at det gjer noko med deg når du ser teater. Det er vel i grunnen meininga.

Det er sjølvsagt vanskeleg å instruere ei slik framsyning. Det er mykje teknikk som skal klaffe, og du veit aldri kva publikum, vanlege kundar eller eventuelt ivrige Securitas-vakter kan finne på. Difor må det vere rom for improvisasjon. Eg var imponert over kor synkront Ingrid Liavaag har fått det til å gå, og kor god personinstruksjonen var. Dei fire på «scena» var forbausande truverdige og tilforlatelege fram til maskene tok til å falle, og sjølv då gjekk metamorfosen på eit vis der handlinga gradvis bygde seg opp dramaturgisk, og der dei avdekka seg sjølve lag for lag. Det vi var vitne til skjer sjølvsagt ikkje kvar dag i ein vanleg daglegvarebutikk, men det kunne ha gjort det, og eg trudde på det eg så.

Eg skal halde meg frå å seie korleis det gjekk, og kva dei tre kundane som ikkje hadde det så godt etter kvart fann på. Eg skal i staden konkludere med at dette var ei ganske annleis teateroppleving, tidvis langt meir krevjande enn å sitje framfor eit titteskap, men at kompaniet med denne måten å lage ei stadsspesifikk framsyning i høg grad har lukkast med det dei sette seg føre. Fram til måndag skal framsyninga visast på Rema Bakklandet før ho etter det skal til Rema-butikkar i Verdal, Inderøy og Steinkjer.

Leave a Reply