Eit magisk kunstverk

TEATER

LØYNDOM: Kva kan skjule seg bak lukka og forbodne dører? FOTO: TERJE VISNES

«Den hemmelige hagen»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av Frances Hodgson Burnett
Omsett av Hege Mehren
Dramatisering og regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Komponist og lyddesignar: Magnus Børmark
Koreografi: Svetlana Stokke
Lysdesign: Eivind Myren
Videodesign: Stein Jørgen Øien
Med: Maria Omarsdottir Austgulen, Silje Lundblad, Olve Løseth, Marianne Meløy, Jon Lockert Rohde, Trond Peter Stamsø Munch og Natalie Bjerke Roland

Ei lågmælt og uvanleg vakker framsyning.

Ein trur gjerne at barn skal ha fart og action, og at dei ikkje har tolmod til lågmælt og litt saktegåande teater som krev konsentrasjon og undring. Godt då at det finst regissørar som Kjersti Haugen som stoler på både forteljinga og publikum, og som lag for lag lèt oss bli med inn i ei verd full av magi, men også av både død og humor.

Den britiske barnebokforfattaren Frances Hodgson Burnett skreiv «Den hemmelige hagen» i 1911. Boka handlar om den ti år gamle Mary (Maria Omarsdottir Austgulen) som er vakse opp i britisk overklasse i India. Etter å ha mista båe foreldra i kolera blir ho send til sin ukjende og rike onkel Archibald Craven (Trond Peter Stamsø Munch) i England. Der blir ho tatt hand om av den tilsynelatande vonde hushaldaren Mrs. Medlock (Marianne Meløy) og den langt meir folkelege og hyggelege tenestejenta Martha (Silje Lundblad). Det herskar ei forbanning og ein tagnad over herresetet etter at Mrs. Craven døydde for ti år sia, og her er løynde rom og hagar som ingen får kome inn i. Som alle barn er Mary nyfiken, det ulovlege er alltid litt lokkande, så her opnar det seg både rom og hagar etter kvart.

Mary er ein bortskjemt og arrogant snobb når ho kjem til England, men i møtet med Martha, og litlebroren hennar Dickon (Jon Lockert Rohde), blir det litt om litt folk av henne. I lag med Dickon og Colin (Olve Løseth), den endå meir eksentriske fetteren hennar, utforskar Mary det løynde og ulovlege, og det syner seg etter kvart at naturen kan gjere underverk med menneskesinnet.

Saman med scenograf Katrin Bombe, komponist Magnus Børmark, lysdesignar Eivind Myren, koreograf Svetlana Stokke og videodesignar Stein Jørgen Øien har Kjersti Haugen skapt eit kunstverk av ei framsyning, ei audiovisuell openberring. Til fuglekvitter og den nydelege musikken til Børmark leier Haugen oss inn i ei magisk verd der alle teaterets ingrediensar går opp i ei samstemt og høgare eining. Roleg lèt ho oss få del i historia, og like forsiktig blir endringane hjå desse menneska formidla. Eit vakkert og godt grep er å late Natalie Bjerke Roland vere ein dansande og syngande raudstrupe som kanskje også er Mrs. Cravens reinkarnasjon, og som leier menneska på rett veg. Katrin Bombes stilreine og enkle scenografi kombinert med utsøkt og forsiktig videobruk gir fantasien vår akkurat det han treng. Spelet er framifrå og stort sett neddempa med unnatak for nokre særs komiske scener, og Maria Omarsdottir Austgulen syner eit imponerande register i presentasjonen av Marys utvikling som menneske. Kjersti Haugen har både dramatisert romanen og vore regissør, og her har ho skapt eit magisk lite kunstverk.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 7. oktober 2019.)

Leave a Reply