Livstrøytt nyting

TEATER

HEDONISME: Rein nyting som røyk, fyll og knull er det einaste desse livstrøytte menneska ser ut til å vere opptekne av. FOTO: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

«Lanzarote»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av Michel Houellebecq
Omsett av Thomas Lundbo
Dramatisering, regi og scenografi: Ole Johan Skjelbred
Kostyme: Ane Aasheim
Lysdesign: Steffen Telstad
Med: Kenneth Homstad, Mari Hauge Einbu, Ingrid Bergstrøm, Øyvind Brandtzæg og Honoria Refugio

Humoristisk, velspela og godt observert om tidsanda og mangelen på meining med livet.

Sia 2014 har Ole Johan Skjelbred fått setje opp heile fem produksjonar på Trøndelag Teater. Han har fått ganske frie taumar, og tre av stykka har han sjølv også dramatisert. Det har vore nyskapande, spennande og prisvinnande teater. Nå er han attende på Studioscena med ei relativt fri dramatisering av Michel Houellebecqs fin-de-siècle-roman «Lanzarote» frå 2000 der Skjelbred sjølv har ansvar for både dramatisering, regi og scenografi. Med litt innlån frå fire andre av forfattarens romanar, har han laga ei humoristisk, velspela og mangefasettert oppsetjing om det meiningslause i tilværet der hedonismen kan sjå ut til å ha blitt målet med livet.

Romanens eg-person (Kenneth Homstad) opnar det heile med å fortelje korleis han rundt tusenårsskiftet enda opp med å reise på pakketur til Lanzarote, ein stad som ikkje kan skilte med stort anna enn gamle vulkanar og mykje turisme. På eit firestjerners hotell, «all inclusive», møter han Rudi, ein desillusjonert belgisk politimann, og to tyske lesber som er langt frå fanatiske med legninga si. Dei fire freistar å utforske øya, men nyttar tida i like stor grad til røyk, fyll og knull. I dette menasjeriet dukkar også ei kvasireligiøs sekt opp, og nokre menneske frå andre av Houellebecqs romanar.

Dette er livstrøytte kvite mellomklasse-europearar på leiting etter ei meining i kaoset. Der det meste er skarpt observert og fornøyeleg omskrive i romanen, er det minst like godt formidla i denne oppsetjinga. Kenneth Homstad har vore med i dei fleste av Skjelbreds tidlegare produksjonar på Trøndelag Teater, og er det trygge og sjølvsagte navet i framsyninga. Men Mari Hauge Einbu og Ingrid Bergstrøm som dei to tyske lesbene er også særs overtydande. Og ikkje minst gir det herlege overspelet til Øyvind Brandtzæg som den deprimerte Rudi ein ekstra dimensjon.

Det er ein god del leksikalsk opplysing i romanen, og Skjelbred følgjer opp, men gjer det prosaiske i boka langt meir levande og humoristisk. Utlegninga om den einpukla kamelen, eller var det dromedaren, blir gjennom Brandtzægs kamelkopi og Homstads knusktørre kommentering hysterisk morosam.

Framsyninga er bygd opp av mange små tablå der Skjelbred tar seg mange avstikkarar, og gir seg sjølv stor fridom i tolkinga. Men tidvis vil han litt for mykje. Det er ikkje alle innlåna frå andre bøker som er like vellukka, og mot slutten mistar oppsetjinga litt av intensiteten. Men som sivilisasjonskritikk og ein spegel på vår tid, er dette likevel både skarpt observert og svært så underhaldande.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 11. september 2019.)

Leave a Reply