Shakespeare er også språk

TEATER

MAGI: Når berre Puck får gjort opp att trolldomen, skal alle vakne til å elske den rette. FOTO: GRETHE NYGAARD

«En midtsommernattsdrøm»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av William Shakespeare
Omsett av Niels Brunse
Regi: Maria Kjærgaard-Sunesen
Scenografi og kostyme: Simon Holk Witzansky
Koreografi: Belinda Braza
Komponist og lyddesign: Anders Ortman
Lysdesign: Haakon Espeland
Med: Nina Ellen Ødegård, Ingrid Rusten, Lars Berge, Jacob Vigeland, Ragnhild Tysse, Espen Reboli Bjerke m.fl.

Ei framsyning som i særs liten grad tar vare på det rike språket til Shakespeare.

To dagar etter premieren såg eg «En midtsommernattsdrøm» av William Shakespeare på Rogaland Teaters hovudscene. Det var ei oppsetjing som ikkje på noko vis trefte meg. Til det var ho for tradisjonell, språkleg flat og ikkje så leiken som teksten legg opp til.

Shakespeares komediar er folkeleg underhaldning som slett ikkje treng å vere vanskeleg å forstå. Men i Norge lid mange av desse oppsetjingane under ein språkleg distanse som gjer attkjenning, forståing og identifisering problematisk. Slik var det også med denne produksjonen. Programmet oppgir ikkje kven som har omsett teksten frå engelsk, men gjennom andre kjelder får eg vite at det er nytta ei dansk omsetjing som dei gjennom prøveperioden har tilpassa til norsk. Det er blitt eit ganske konservativt riksmål, langt frå tale både i Stavanger og landet elles. Når eit regionteater set opp Shakespeare, og ikkje legg større vekt på språket, er det diverre ikkje godt nok.

Etter å ha sett heile tre av Shakespeares komediar i Hans-Magnus Ystgaards særs folkelege og lettfattelege omsetjing, veit eg kor gode tekstane kan vere. Då blir det nedtur når ein får presentert ein produksjon som ikkje i same grad tek vare på blødmane, ordspela og dei mange språkblomane. «En midtsommernattsdrøm» er høgst truleg eit bestillingsverk laga berre for å underhalde. Det har inga spesiell djupare meining, sjølv om ein med litt velvilje kan lese inn kor tilfeldig kjærleiken er. Og Shakespeare er forbausande moderne med tanke på kjønnsidentitet og erotiske skildringar, ja endåtil dyresex. Men stykket ville neppe ha vore så mye spela om det ikkje var for den språklege rikdomen.

Intrigen, eller intrigane, er ikkje lette å halde styr på, for her er i alle fall tre parallelle forteljingar samt ein del innspel Shakespeare aldri følgjer opp. Men vi er i antikkens Aten der eit fyrstebryllaup er på trappene. Her er også Hermia (Ingrid Rusten) som elskar Lysander (Lars Berge), men som skal giftast til Demetrius (Jacob Vigeland). Og det er Helena (Ragnhild Tysse) som er ulukkeleg forelska i den same Demetrius. Hermia og Lysander rømmer byen, og Helena og Demetrius følgjer etter. I skogen rår alvekongen Oberon (Espen Reboli Bjerke), ein god fe som vil løyse kjærleiksflokane. Han får hoffnarren Puck (Nina Ellen Ødegård) til å helle magiske dropar i augo på Demetrius for å få han til å elske den første han ser, som skal vere Helena. Men Puck er ikkje til å lite på, og gir dropane til Lysander, og så er forviklingane i gong. Etter mykje om og men får Oberon Puck til å rette opp feilen, og det blir forsoning og kjærleik over heile fjøla. På vegen dit har Shakespeare også vore innom ei gruppe handverkarar som i sjarmerande amatørisme skal setje opp eit stutt og langdrygt (!) teaterstykke i samband med bryllaupet. Og mykje anna.

I staden for å dyrke det underfundige og alle blødmane og ordspela hjå Shakespeare, har Maria Kjærgaard-Sunesen valt å presentere stykket meir som ein rein situasjonskomedie. Då bør spelet og timinga også stå i forhold. Sjølv om omsetjinga er svak, er dette framleis eit drama med mykje tekst. Det krev betre diksjon enn det delar av ensemblet leverer. Dei fire i amatørtruppen skal sjølvsagt overspele, og dei turnerer dette utmerka. Men at også nokre av dei unge elskande er overspela til det heilt outrerte, er verre å godta. Og særleg når Ingrid Rusten som Hermia syner kor godt det kan gjerast utan å ty til unødig karikering. I den grad det er ein hovudperson i denne forteljinga, er det Puck. Rolla er androgyn, og framifrå tolka av Nina Ellen Ødegård, særleg med mykje finstemt mimikk. Men eg stussar på at den er gjort så lita og anonym.

«En midtsommernattsdrøm» er først og fremst blitt ei særs visuell oppsetjing. Simon Holk Witzansky har laga ein vakker og omfattande scenografi der det skiftar effektivt og saumlaust frå greske søyler til skogens lauvverk. Kostyma er mange, fargerike og kreative, og kan tyde på at vi like gjerne er her og nå som i antikkens Aten. Men det visuelle uttrykket og nokre gode rolletolkingar er ikkje nok til å kalle dette særleg vellukka.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 16. september 2019.)

Leave a Reply