Ein avkledd Peer

TEATER

DRAMATISK: Skipbrotet blir meir autentisk med den scenografiske løysinga, men elles blir det vel mykje vatn. FOTO: BÅRD GUNDERSEN

«Peer Gynt»
Gålåvatnet, Sør-Fron
Av Henrik Ibsen
Regi: Marit Moum Aune
Komponist: Erik Hedin og Edvard Grieg
Scenografi: Snøhetta og Even Børsum
Kostyme: Ingrid Nylander
Koreografi: Silas Henriksen
Omsetjing til dølamål: Håkon Sveen
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Med: Pål Christian Eggen, Ågot Sendstad, Charlotte Frogner, Fridtjov Såheim, Anders Mordal, Tom Styve, Sara Khorami, Tani Mathias Dibasey Hansen, Grete Sofie Borud Nybakken og Silas Henriksen

Ein særs lite sjarmerande Peer i ei framsyning der det ikkje er spart på noko.

Marit Moum Aune målar med brei pensel i årets oppsetjing av «Peer Gynt» ved Gålåvatnet. Framsyninga er storslegen, tidvis sakral og særs vakker. Det er store velregisserte massetablå i Ingrid Nylanders tidsriktige kostyme og ein spektakulær scenografi i eit fantastisk samspel med naturen rundt. Og hovudpersonen er ein ufordrageleg Peer utan eit einaste forsonande trekk.

Henrik Ibsen skreiv «Peer Gynt» som eit bittert oppgjer med den sjølvgode nordmannen. Likevel er stykket blitt eit norsk nasjonalepos der den kaute dølaguten er litt dritsekk, men samstundes full av sjarm. Med utferdstrong og til nasjonalromantisk musikk av Edvard Grieg legg han verda under seg. Mange regissørar har etter kvart gjort opprør mot dette vrengebildet, og Marit Moum Aune er avgjort blant dei.

Aune har følgd både Ibsens kronologi og tekst, og der framsyninga skil seg frå andre, er det først og fremst i regigrep og i bruken av naturen. Opninga er nærast lyrisk der Peer som gutunge (Peder Kjøs) dreg ein båt over scena. Den litle følgjer Peers utvikling, og særleg finalen der guten forundra ser kva det blei av han, er ei sterk og overtydande scene og ein annleis måte å vise mannens oppgjer med seg sjølv. Like heldig er ikkje Aune med å nytte dansaren Silas Henriksen som gjennom koreografiens symbolikk skal få fram Peers sjel, om han har nokon. Då er valet av dansaren Grete Sofie Borud Nybakken som Solveig langt heldigare. Ho er vever, grasiøs, kvitkledd og ikkje heilt av denne verda. Slik framstår ho mest som ein fiksjon hjå Peer, og då blir også ventinga hennar meir forståeleg. Og i nokre av dansetablåa mellom Nybakken og Henriksen skjer det magiske ting der Aune i tillit til publikum let oss dvele ved det vakre og ekspressive.

I stor grad handlar denne oppsetjinga om Peer, og berre han. I Peer Gynts verd er alle andre statistar som i beste fall kan tene han, og slik blir det også i framsyninga der alle dei andre rollene er kraftig tona ned. Charlotte Frogner tolkar både Ingrid og Den grønkledde, men det er likevel som framifrå songar ho har fått mest å spele på. Pål Christian Eggen spelar Peer med stor autoritet. Eitt er at han meistrar dialekta til fulle. Men han har eit stemmeleie som endrar seg saumlaust med alder, og eit register og eit scenisk nærvær som er imponerande. Bukkerittet er av dei mest overtydande og autentiske eg har sett. Eggen tek seg gode pausar og opnar òg for ein god porsjon dølahumor. Medan Mor Åse (Ågot Sendstad) held ein ganske nøktern distanse til både sonen og forteljinga.

For å få Gålåvatnet nærare publikum, har Snøhetta gjort mesteparten av scena om til ein vass-spegel. Saman med scenograf Even Børsum har dei med det både skapt rom for mange fine sceneløysingar og fått den flotte naturen rundt til å spegle seg i vatnet. Særleg blir skipbrotet og avslutninga med knappestøyparen på dette viset ekstra dramatiske. Men løysinga er ikkje udelt god, for vass-spegelen er for stor og scena for lita, og mykje av tida plaskar aktørane formålslaust rundt i vatnet.

Erik Hedin har skrive ny musikk, leika seg med Grieg, og i tillegg lånt litt populærmusikk. Dette blir særleg sterkt når Peer i møtet med skopussaren (Tani Mathias Hansen) i Egypt framstår som ein ufordrageleg rasist, og som eit ibsensk frampeik om korleis norske herrefolk ville te seg i dag.

Marit Moum Aune har laga ei spektakulær, vakker og nesten overveldande framsyning som tidvis går i eitt med naturen og der det ikkje er tvil om kven Peer Gynt er. Men når han er så ufordrageleg, er det vanskeleg å forstå korleis han likevel greidde å sjarmere seg fram i verda.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 7. august 2019.)

One Response to “Ein avkledd Peer”

  1. Ellen Jørgensen sier:

    Amund,
    Veldig interessant å lese for oss som ikke får sett
    Peer Gynt på Gålåvatnet.

    Her i Frankrike er det lite Ibsen for tiden, men unge norske dramatikere blir
    satt opp i Paris (Fredrik Brattberg og Arne Lygre bl.a.). I sommer vil både Monica Isakstuen og Kathrine Nedrejord bli presentert under en dramatikkfestival like ved Nancy for førstnevnte og i Avignon for Kathrine Nedrejord.
    Hilsen Ellen

Leave a Reply