Rollespel og intelligent galskap

TEATER

AUDITION: Mange rare friarar møter opp for kongen. Denne er truleg frå Spania. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Dronning Esther»
Jødisk kulturfestival i Trondheim, Comfort Hotel Park
Basert på Esters bok i den hebraiske bibelen
Dramatisering og regi: Rita Abrahamsen
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Med: Madeleine Brandtzæg Nilsen og Ibrahim Fazlic

Eit lite fyrverkeri av ei særs mangefasettert framsyning som såg ut til å treffe full blink på målgruppa, og som i tillegg også baud på stor underhaldning for oss andre.

Det er jødisk kulturfestival i Trondheim denne helga, og i tillegg til konsertar, dans boksamtale og byvandring, er det som i fjor også ei teaterframsyning for dei minste. I eit møterom på Comfort Hotel Park blir det spela særs interaktivt teater for dei frå tre år og oppover, men ei framsyning som var underhaldande så det heldt også for alle oss andre.

Basert på historia om Dronning Ester i Esters bok i den hebraiske bibelen, har Rita Abrahamsen dramatisert og sett i scene ei teateroppsetjing som er ei blanding av forteljarteater, rollespel, metateater og mykje anna. Og som i fjor, er det Madeleine Brandtzæg Nilsen og Ibrahim Fazlic som fyller alle rollene.

Historia skriv seg frå Persia då kong Ahashverosh regjerte for 2500 år sia. Kongen gav dronning Vashiti fyken og utlyste audition for å få seg ny dronning. Esther, ei foreldrelaus jødisk jente som har vakse opp hjå slektningen Mordechai vinn kampen, og blir kongens hustru. I forståing med Mordechai held ho den jødiske bakgrunnen løynd for kongen. Kongens rådgjevar, den vonde Haman, er maktsjuk, sjølvopptatt og kan ikkje noko med Mordechai, så han får kongen til å utlyse eit dekret om at alle jødar skal drepast. Då er det Esther må trå til, fortelje kven ho er og at dekretet også tyder at kongen må drepe henne. Det vil han sjølvsagt ikkje, Haman blir landsforvist og Esther har redda folket sitt. Dette er stuttversjonen av eventyret, og trass i at framsyninga berre varar ein dryg halvtime, greier Rita Abrahamsen og dei to på scena å måle historia ut med særs brei pensel full av humor, påfunn og gags.

Det tek til som ei blanding av meta- og forteljarteater der Madeleine B. Nilsen kjem inn og leitar etter Ibrahim (Fazlic). Ganske raskt får ho ungane i tale og etablerer eit samspel med salen som varer gjennom heile framsyninga. Raskt forstår ungane at ikkje berre har dei lov, men det er forventa at dei kommenterer og intervenerer handlinga. Fazlics entré er gjennom enkel og eigentleg ganske banal humor, men når det blir gjort med slik sjarm og i så godt samspel med publikum, blir det likevel særs underhaldande.

Framsyninga er som sagt ei blanding av mange teatersjangrar. Nilsen og Fazlic legg ikkje skjul på at dette er teater og ikkje røyndom, og dei kranglar openlyst om kven som skal spele kva for rolle. Til slutt endar dei opp med ei salomonisk løysing der dei bytter på. Heile tida, og i stort tempo. For vaksne kan det ofte vere vanskeleg å følgje med i ei framsyning der roller og scener skiftar raskt og ustanseleg, berre ved at ein tek på seg ei kappe eller litt lausskjegg. Slik er det ikkje for ungane. Dei er vande med rollespel, og når ein seier at nå er eg konge, og du dronning, så er det slik uakta kva for kjønn eller påklednad ein har. Alle dei fantasifulle kostyma til Jenny Hilmo Teig som dei to på scena boltrar seg i, gir for øvrig ein ekstra opplevingsdimensjon. Det er kreativitet på høgt nivå, og den upretensiøse spelestilen til Nilsen og Fazlic gjer at dette i like stor grad blir ei reise gjennom roteloftet deira der dei leikar seg med alle rekvisittar som på eitt eller anna vis kan nyttast. Akkurat slik ungar gjer når dei leikar seg.

Framsyninga er leiken, full av absurd humor, og mykje intelligent galskap, og ungane er med slik at den henrykte hylinga frå publikum blir eit ekstra lydbilde som blir ein viktig del av det heile.
Det blir spela i høgt tempo, og med eit utal sceneskift, og mot slutten kunne nok dramaturgien ha vore litt strammare. Og i ei så interaktiv framsyning der ein får ungane til å bli med ut på golvet som brudejenter og -sveinar, ville det vere naturleg at dei også fekk danse og utfalde seg, og ikkje berre stå som pynt. Eg var nok også litt overraska over finalen, og kor raskt og lite utdjupande den alvorlege underteksten og Esthers inngripen for å redde eit heilt folk, var. Ho overtala kongen, og ferdig med det.

Ettersom det har vore stutt prøvetid og ikkje publikumsprøver, er eg overtydd om at desse små innvendingane er detaljar som kjapt blir retta opp. Og då står vi att med ei upretensiøs, særs underhaldande og velspela framsyning full av humoristisk galskap.

Leave a Reply