Kulinarisk dystopi

TEATER

SNIGLAR: Anders demonstrerer korleis ein hentar sniglane ut av huset med ein tannpirkar før ein et dei. FOTO: TRINE SLETVOLD

«Anno 2050»
Verkstadhallen, Svartlamon, Trondheim
Av Scenisk fiksjon AS v/Philipp Stengele, Cecilie Lundsholt, Anders Nybø, Elisabeth Topp og Synnøve Hatlen
Regi: Philipp Stengele
Scenografi: Anders Lilleby
Lyddesign: Jonas Høgseth
Videodesign: Anders Nybø
Lysdesign: Philipp Stengele og Anders Nybø
Med: Elisabet Topp, Synnøve Hatlen, Philipp Stengele og Anders Nybø

Kanskje ikkje verdas største scenekunst, og ei oppleving meir enn ei framsyning. Men «Anno 2050» gjorde likevel noko med deg, og ettersmaken var av dei heilt sjeldne.

Verda er i ferd med å gå til helvete, og for oss i vesten skjer reisa på første klasse slik at det er endå vanskelegare å innsjå realitetane. Om det ikkje skjer drastiske endringar i livsstil, forbruk, energibruk og co2-utslepp i løpet av kort tid, er scenarioa ganske dystre. Fleire forskarar har rekna tida rundt år 2050 som perioden då verknadane vil slå inn for fullt om vi held fram som i dag. Det er med utgangspunkt i desse dystre spådomane at det vesle nystarta produksjonsselskapet Scenisk fiksjon AS har laga framsyninga «Anno 2050» som hadde førpremiere på Verkstadhallen på Svartlamon i Trondheim måndag i samband med NTNU The Big Challenge Science Festival.

Publikum blir sleppte inn i fire grupper, og må alle ta på seg ein heildekkjande kjeledress før vi benkar oss på provisoriske møbel i det som syner seg å vere eit bomberom. Katastrofen har skjedd, litt uvisst kva og i kva omfang, men saman med våre leiarar, Elisabet (Topp) og Synnøve (Hatlen) blir vi instruerte om vårt nye tilvære, som viser seg å ikkje vare berre nokre timar eller dagar, men i månader og år. Innestengde og svoltne må ein prøve å greie seg som best ein kan, og etter kvart kjem Anders (Nybø) og Philipp (Stengele) også inn, og med dei ganske uventa matrettar.

Frå ei litt famlande opning der vi får høyre kor svoltne vi er, men ikkje kjenner og opplever det, og heller ikkje heilt får inn under huda kva for katastrofe som har skjedd, tek handlinga ei heilt anna retning når naturkokkane Philipp og Anders kjem inn. Før det er det blitt sendt rundt dei siste reminisensane av tradisjonell matproduksjon, – RSP-boksar (Reserve StridsProviant eller Daud mann på boks som han også kallast) utan at nokon eingong freista å smake. Tradisjonell matproduksjon er det slutt på, og det er forbode å ete kjøt og fisk. Skal ein overleve utan vanlege matforsyningar, må ein finne føda sjølv, og her får vi ein pedagogisk og nesten kulinarisk innføring i alt det spiselege og faktisk ganske gode som ligg rett framfor nasane våre. Og etter kvart stig nyfikna og eksperimenteringslysten også hjå publikum. Frå ulike gras- og bladsortar via røter, brennesle, sopp og tang, blir vi servert nydelege supper og ein tarespagetti før krona på verket er dampa sniglar. Det siste var på line med å ete blåskjel.

Samstundes som prøvesmakinga og tilreiinga tek til, og våre fire leiarar i bomberommet greier ut om det vi får servert, skjer det gradvis noko merkeleg i salen. Stemninga letnar, vi tek til å prate med og til kvarandre, kommenterer og utvekslar smaksopplevingar. Og om vi framleis ikkje kjenner svolten og avmakta etter to år i eit indre eksil, eller gleda ved atter å få lov å produsere barn, har serveringa gjort noko med oss, ikkje berre sosialt, men også med tanke på forståinga av matvaresituasjon og kva som finst rett framfor nasen din, rettar som i tillegg ikkje berre er etandes men faktisk ganske gode.

«Anno 2050 er kanskje ikkje så stor scenekunst, og det er truleg meir interessant som prosjekt enn teater. Men dt blei likevel ei heilt spesiell teateroppleving som etter kvart gjorde noko med deg. Ho fekk deg neppe til å endre livsstil over natta eller å bli vegetarianar, men det var i alle fall teater med særs god ettersmak.

Leave a Reply