Hedonisten

TEATER

UTVENDIG: Alt er fasade og lekkert, berre for å skjule kor uendeleg tomt det er innafor. FOTO: TERJE VISNES

«Bildet av Dorian Gray»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av Oscar Wilde
Dramatisert av Eirik Willyson og Hildur Kristinsdottir
Regi: Hildur Kristinsdottir
Scenografi og kostyme: Katja Ebbel
Musikk/lyddesign: Magnus Børmark
Med: Mats Moe, Kenneth Homstad, Trond Peter Stamsø Munch, Ida Cecilie Klem, Janne Kokkin og Ragne Grande

Framsyninga er som eit vakkert portrett der ein saknar det som skjuler seg bak fasaden.

Den irske dramatikaren og lyrikaren Oscar Wilde (1854 – 1900), ein av verdas mest kjende dandyar, skreiv berre ein roman, «Bildet av Dorian Gray» frå 1891. Den skulle bli medverkande til hans bane då han fem år seinare blei dømd til to års fengsel, mellom anna på grunn av homoerotiske motiv i boka. Nå har Eirik Willyson og Hildur Kristinsdottir dramatisert romanen, og Kristinsdottir har sett stykket i scene for Trøndelag Teater.

Det er ei dystopisk endetidsstemning over dette dramaet, i dobbel tyding fin-de-siècle der dekadansen står i høgsetet. Det dreier seg om tre menn, alle med trekk frå forfattaren sjølv. Målaren Basil Hallward (Trond Peter Stamsø Munch) har funne ein ung og guddommeleg vakker Adonis, Dorian Gray (Mats Moe), som han lagar eit like vakkert portrett av. Målarens kyniske og dekadente venn, Lord Henry (Kenneth Homstad), fyrar opp under den unge Dorian, som på narsissistisk vis forelskar seg i sin eigen ungdom, og som vil at portrettet skal eldast medan han sjølv kan vere ung og like vakker. På eit merkeleg vis blir ønsket oppfylt, og i årevis forsyner han seg grådig og skruppellaust av alt livet kan by på, der han bokstaveleg tala går over lik for å få si tilmålte nyting. Før det sjølvsagt må gå som det må.

Saman med scenograf og kostymedesignar Katja Ebbel, har Hildur Kristinsdottir laga ei lekker framsyning der scena er ei enorm trapp, og der kostyme og fantasifulle rekvisittar står i stil med eit liv der det meste er fasade. Livstrøytte menn, berre kontrastert av den naivt kjærleikshungrande skodespelaren Sibyl (Ida Cecilie Klem), mora hennar (Janne Kokkin) og den rettferdssøkjande broren James (Ragne Grande). Det er eit strålande opplagt og velinstruert ensemble som gir oss truverdig og særs godt spel, toppa av dei nærast flaneriske samtalane mellom dei tre hovudpersonane der eleganteri blir kombinert med Wildes kjende epigram og onelinerar. Mats Moe gjer ein formidabel debut på Trøndelag Teater, og Kenneth Homstad er like god som han er motbydeleg i rolla som Lord Henry. Trass i at det meste er framifrå laga, sit eg likevel att med ei kjensle av at framsyninga på eit vis blir sitt eige bilde, vakkert, men relativt innhaldslaust. Det heile opnar med at regissøren sjølv les ein noko omstendeleg intro om forfattaren og rettssaka mot han, og tek opp att dette i samband med eit seinare sceneskift. Det er nokså umotivert, litt forvirrande, og kjem i vegen for framsyninga. «Bildet av Dorian Gray» er eit drama som nok kan underhalde, men som aldri greier å røre meg i særleg grad.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 13. april 2019.)


Leave a Reply