Forakt og kjærleik

TEATER


HAUST: Ei whiskyflaske og såre tonar frå eit dragspel akkompagnerer vegen til helvete. FOTO: BENGT WANSELIUS

«Lang dags ferd mot natt»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Eugene O’Neill
Omsett av Bjørn Alex Herrman
Regi: Johannes Holmen Dahl
Scenografi og kostyme: Nia Damerell
Lysdesign: Eivind Myren
Musikalsk ansvarleg/komponist: Alf Lund Godbolt
Med: Hildegunn Eggen, Trond-Ove Skrødal, Jon Lockert Rohde, Vetle Bergan og Ingrid Unnur Giæver

Minimalistisk, innsiktsfullt og uvanleg velspela drama om ein familie på veg mot fortaping.

Dei beste og mest spela amerikanske drama frå nittenhundretalet handlar i stor grad om dysfunksjonelle familiar, og den som starta realismen, og reidde grunnen for dramatikarar som Arthur Miller og Edward Albee, var Eugene O’Neill (1888-1953). Det mest kjende av hans drama er «Lang dags ferd mot natt» frå 1941, eit stykke som er så sjølvbiografisk at O’Neill la ned forbod mot å setje det opp før 25 år etter hans død. Men enka trassa klausulen, og alt i 1956 hadde det urpremiere i Stockholm.

Vi er heime hjå familien Tyrone der faren James (Trond-Ove Skrødal) er ein tidlegare vidgjeten skodespelar og Shakespearetolkar som etter kvart har gjort karriere som forretningsmann, men som er gjerrig, alkoholisert og totalt utan sjølvinnsikt. Mora Mary (Hildegunn Eggen) blei uforvarande morfinist i samband med den yngste sonens fødsel, og ho er akkurat heimkomen etter behandling. Eldstesonen Jamie er ein mislukka skodespelar, dagdrivar og om mogeleg meir alkoholisert enn faren. Og yngstesonen Edmund, forfattarens alter ego (Vetle Bergan), er tæringssjuk. At sjukdomen akkurat har tatt ei ny og verre vending er det som utløyser mykje av det som skjer i dette tette kammerspelet. I løpet av eit døgn følgjer vi dei fire familiemedlemane og tenestejenta deira i eit tilnærma lukka rom der fortida blir rulla opp lag for lag samstundes som vi blir vitne til korleis manglande sjølvinnsikt og kommunikasjon, kombinert med ei eksplosiv blanding av forakt og kjærleik riv den vesle familien frå kvarandre.

Johannes Holmen Dahl har gjennom tidlegare produksjonar, spesielt «Glassmenasjeriet» og «Byggmester Solness», båe på Trøndelag Teater, synt at han har tillit både til tekst, skodespelarar og ikkje minst publikum. Slik er det også denne gongen, for her er det replikkane, monologane og det som heng att etter manglande kommunikasjon som skal gjere jobben. Saman med lysdesignar Eivind Myren og scenograf Nia Damerell har han skapt eit scenerom der aktørane har minimalt med ytre staffasje å lene seg på. På hovudscena, som i røynda er alt for stor for eit slikt kammerspel, blir avstanden mellom aktørane påtrengjande synleg. Og det er her Johannes Holmen Dahl først og fremst viser tillit til publikum, for han vågar å utfordre oss ved å gjere ubehaget som publikummar ekstra stort gjennom tidvis ganske langdryge sekvensar der vi må lide oss med aktørane og deira fortvila liv. Dette er ikkje underhaldning, men innleving. Og sjølv om regissøren har lagt inn ein del varm og forsonande humor, skal det gjere litt vondt, og eg ser at dei fleste i salen toler det.

Framsyninga startar med eit nake rom der den einaste rekvisitten er eit klaverinstrument heilt attende på bakscena. Så tek det til å dale lauv, for vi er på seinsommaren, Edmund klynger seg lenge til at sjukdommen berre er restane etter ei sommarforkjøling, men her er det umiskjenneleg haust både reelt og i menneskesinnet. Roleg og lydlaust fell lauvet til jorda og illustrerer på like enkelt som genialt vis i kva retning dette går. Nia Damerell er endå meir minimalistisk med scenografien enn det Dahl er i regien, men nettopp difor blir uttrykket så sterkt og tydeleg utan å vere påtrengjande. Og i samspelet med Eivind Myrens lyssetting greier ho å lage eit lukka rom ut av det store, opne scenerommet, eit rom der det ikkje er fysiske stengsler mot omverda, men der dei fire likevel er fanga i eigen lagnad. Berre tenestejenta Cathleen (Ingrid Unnur Giæver) representerer alternativet, livet, ein røyndom dei fire for lengst har tatt farvel med.

Her er som sagt lite staffasje, korkje i scenografi, rekvisittar eller spel. Difor blir også dei få verkemidla så sterke. Nennsam og forsiktig, men utsøkt bruk av musikk er med på å skape stemningar, men bortsett frå musikken og lauvet, er det berre spel og replikkar der alle får særs god tid til å dvele ved sitt, som gjer jobben. Med dyktig personinstruksjon og heilt uvanleg gode skodespelarprestasjonar blir dette ei intens og tett reise inn i fire menneske som tilsynelatande vandrar viljelause om, fullstendig i lagnadens, eller fortidas, vald. Jon Lockert Rohde gir oss på overtydande vis ein eldsteson som freistar å følgje farens karriere som skodespelar, og som ønsker seg ut, men som er fylt av øydeleggjande hat, avundsjuke og aggresjon som han søkjer å drukne i whisky og horehus. Vetle Bergan er forfattarens alter ego, den sarte, sjukelege kunstnarsjela som er overtydd om at tæringa snart vil ta livet av han. Vart og forsiktig syner han oss eit menneske fylt av skuldkjensle og maktesløyse, men likevel ikkje utan kjærleik.

Trond-Ove Skrødal og Hildegunn Eggen er røynde og velmeritterte skodespelarar, men her syner dei båe noko av det beste eg har sett frå dei. I intense, nære og samstundes avstandsfylte samspel får dei fram kjærleiken som var, og som det framleis finst små reminisensar av, men som etter kvart likevel er blitt så umogeleg. Og i to heilt eineståande monologar gir dei oss eit lågmælt, inderleg, sårt og fullstendig overtydande innblikk i to forhutla menneske på full fart mot fortaping. Mary drøymer seg 35 år attende til brurekjolen ho la så mye arbeid og innsats i, medan James med ei whiskyflaske og såre tonar frå et dragspel gir ei nærast ufriviljug oppsummering av familiens og eige liv. Desse to monologane er tablå som kunne ha stått på eigne bein, og som er symptomatiske for heile denne produksjonen. For «Lang dags ferd mot natt» er scenekunst av verkeleg høg klasse.

(Ei forkorta utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen måndag den 25. mars 2019.)


Leave a Reply