Dødsens humor

TEATER

SJØLVMORDSEKSPRESSEN: Det er etter kvart ikkje så mye depressivt att hjå denne gjengen sjølvmordskandidatar. FOTO: LARS SOLBAKKEN

«Kollektivt selvmord»
Nordland Teater, Hovudscena
Av Arto Paasilinna
Omsett av Tor Tveite
Dramatisering og regi: Bjørn Ravn Carlsen
Scenografi og kostyme: Even Børsum
Med: Stein Grønli, Rudy Claes, John Sigurd Kristensen, Ida Marie Bakkerud, Dagrun Anholt, Lars August Jørgensen og Stein Elvestad

Når det meste av Paasilinnas absurde humor skal med, går det fort ut over den meir subtile underteksten.

Den finske forfattaren Arto Paasilinna (1942-2018) har ein stor lesarskare. Han debuterte i 1972, fekk gjennombrotet med «Harens år» i 1975, og fram til han i 2009 fekk slag, skreiv han 35 romanar. Dei er selde i millionopplag over heile verda. Nå har Bjørn Ravn Carlsen dramatisert og iscenesett ein av dei mest kjende og populære, «Kollektivt selvmord» frå 1990. Og torsdag var det urpremiere på Nordland Teater i Mo i Rana.

Paasilinna skreiv om daglegdagse tema med ein svart og morbid humor, og der dei mest fantastiske ting kunne skje. Slik også med denne forteljinga. Direktør Rellonen (John Sigurd Christiansen) er etter sin fjerde konkurs på veg inn i ein låve for å skyte seg. Men tilfellet ville ha det til at den like mislukka oberst Kemppainen (Stein Grønli) også er i låven og i ferd med å henge seg. I staden for å fullføre ærendet, tek dei to ein forsonande dram (det blir mange av dei etter kvart) og finn ut at det sikkert er fleire der ute som tenker i same baner. Så dei set inn ei annonse for å samle dei suicidale, og får eit utal svarbrev. Saman med ei av respondentane, viserektor Puusaari (Rudy Claes), sorterer dei svara og kallar inn til seminar der møtelyden vedtar å gjere kollektivt sjølvmord. Sjåføren Korpela (Dagrun Anholt) stiller turistbussen sin til disposisjon, og saman legg den temmeleg brokete gjengen ut på ei reise frå Nordkapp til Portugal for å gjere det av med seg i det eine meir pittoreske sjølvmordsmålet etter det andre.

Undervegs er vi vitne til det eine opptrinnet galnare enn det førre, og når bakteppet er at dei alle eigentleg vil døy, blir det mye absurd humor bygd på at dei fleste munnhella våre tar utgangspunkt i eit langt og lukkeleg liv.

Bjørn Ravn Carlsen, som både har dramatisert og regissert framsyninga, har tatt vel vare på alt dette, og er i det meste tru mot Paasilinnas forteljing. Men det er også eit problem, for når alt skal med, kan det bli litt springande og episodisk. I romanen er det ein heil busslast med suicidale, medan Carlsen berre nyttar sju skodespelarar. Når direktøren, obersten og viserektoren stort sett held seg til dei rollene, blir det mange roller og sceneskift for dei fire siste, og sjølv om dette stort sett fungerer brukbart og blir framført godt og truverdig, går det stundom litt over stokk og stein. Stein Elvestad er den som har flest roller, og han taklar dei framifrå, hoppar ut og inn av rollene, og syner eit formidabelt komisk talent.

Å lage scenografi til ei slik framsyning er ikkje enkelt, og å gjere han egna til turné er endå verre. Even Børsum har søkt å løyse det ved å lage ein stilisert buss som også kan vere motell, sommarhus og meir til. I tillegg nyttar han illuderande modellar. Det er eit godt forsøk, men ikkje heilt vellukka. Mellom anna blir nokre av sceneskifta, og illusjonen av at det skjer ein del mellom dei, ganske masete flytting av scene-element. For å gjere skifta meir saumlause blir det også nytta mye kjend populærmusikk med assosierande tekstar, men bruken blir tidvis litt påtrengande.

Etter kvart som sjølvmordskandidatane blir kjende med og finn kvarandre, forsvinn det depressive, og livslysta kjem att. Slik blir «Kollektivt selvmord» i røynda ei hylling av livet. Ein del av underteksten forsvinn diverre når så mye skal med, men ettersom dette er både relativt velspela, ganske absurd og temmeleg humoristisk, trur eg likevel at det talrike og entusiastiske publikummet til Paasilinna vil få valuta for pengane.

Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 23. mars 2019.



Leave a Reply