Eit sprudlande brygg

TEATER


KJÆRE GUD: Ei bøn om godt fiske og lengre sommar, inderleg framført av Mari Lerberg Fossum. FOTO: GISLE BJØRNEBY

«Operetten om Mack»
Hålogaland Teater, Scene Vest
Av Maja Bohne Johnsen i samarbeid med Trond Lie
Idé: Inger Buresund og Yngvar Julin
Regi: Trond Lie
Scenografi: Gjermund Andresen
Komponist: Simon Revholt
Kostyme: Anette Werenskiold
Koreograf: Hege Holte Østbye
Orkesterleiar: Ole-Morten Indigo Lekang
Lysdesign: Øystein Heitmann
Lyddesign: Jim-Oddvar Hansen
Med: Mari Lerberg Fossum, Finn Arve Sørbøe, Helle Ottesen, Ingrid A. Evertsen, Elisabeth Moberg, Anethe Alfsvåg, Jørn Fuller-Gee, Kristian Fr. Figenschow, Reidar Falck Sørensen/Alexander Martinsen, Anna Karoline Bjelvin, Kyrre Vanebo, Mariama Fatou Kalley Slåttøy, Jardar Johansen, Anne Guri Tvedt, Harald Bakkeby Moe, Eirik Risholm Velle/Lars Kristoff og Julie Støp Husby.

Ein familiekrønike om eit bryggerihus dei fleste i Tromsø har eit kjærleiksforhold til.

Folk i Tromsø er glad i ølet og bryggeriet sitt, og uakta kva ein måtte meine om alkoholpolitikk, må ein medgi at Mack-namnet er ein nordnorsk merkevare av dei sjeldne, og ein viktig identitetsberar. Difor er det vel naturleg at bryggeriet måtte få sitt eige syngespel, sjølv om dette både er tekstreklame og promotering av alkohol. Slike pripne haldningar får ein la liggje, og i staden hygge seg med Tromsøværingane i deira hyllest til bryggeriet sitt. For entusiasmen på premieren torsdag synte at dette gjekk heim hjå publikum.

L. Macks ølbryggeri og mineralvannsfabrikk blei skipa av Ludwig Mack alt i 1877, men her skal vi til dei vanskelege åra frå første verdskrigen og fram til 1928. Forfattaren Maja Bohne Johnsen har tatt utgangspunkt i dei verkelege hendingane, men dikta relativt fritt i detaljane. Ho tar til i Tyskland der Maria (Mari Lerberg Fossum), yngstedottera i huset Mack, gjer karriere ved operaen, men gir etter for kjærleiken, og flyttar heim til Tromsø for å gifte seg med sin fars høgre hand, Lauritz Bredrup (Finn Arve Sørbøe). Kort etter dør gamle Mack, Bredrup tek over, og vil bygge ut og mangedoble produksjonen. Det blir satsa og tatt opp store lån, og gjennom ei rekkje tablå følgjer vi familiane Mack og Bredrup, med Tromsøs befolkning, ulike konjunkturar, sviktande fiske, ein restriktiv fråhaldspolitikk og ei veksande arbeidarrørsle som bakteppe. Gjennom ein mangefasettert familiekrønike får vi presentert lokalhistorie, god humor, velkoreograferte dansenummer og flotte og vel framførte songopptrinn med nyskrive og god musikk av Simon Revholt i ei herleg sjangerblanding.

Det er eit stort ensemble, mange sceneskift og ei mengde ulike tablå, men Trond Lie har fått det heile til å gå relativt saumlaust. Spesielt imponerande er dette fordi Gjermund Andresen har laga ein sinnrik og særs illustrerande scenografi som samstundes er temmeleg krevjande av di han nesten er i konstant endring. Det synkrone samspelet mellom regi og scenografi gir framsyninga ein variasjon som sjølve forteljinga saknar. Ho er diverre litt for episodisk og manglar ein del framdrift. Etter den optimistiske starten, kjem vi raskt inn i nødsår der fisket slår feil, bankane går over ende, fråhaldsrørsla er sterk og det er rett nok lov å produsere og selje øl, men ikkje å servere. Bryggeriet er i konstante økonomiske problem, men det skjer lite. Finalen i 1. akt, ein parafrase over Weather Girls’ «It’s raining men», var eit ellevilt og kjærkome brot.

Etter pause tek det seg litt opp, men framleis dreier det seg mest om kampen for å få nok pengar til å betale ølavgifta. Før alt ordnar seg heilt til slutt, først med godvilje frå kreditorar og skjenkeløyve frå bystyret, og så opninga av Ølhallen i februar 1928, det som kanskje blei det viktigaste kulturhuset i Tromsø i mange tiår framover. Det blir ein feiande finale, men vegen fram er i lengste laget.

Trond Lie har hatt ei god hand om instruksjon og timing av det store ensemblet. Mari Lerberg Fossum er strålande i rolla som Maria, og fleire av songane hennar er gripande og inderleg framført. Ingrid A. Evertsen er herleg med sin folkelege og underfundige humor som hushalderska Jensine. Og så må eg få framheve Helle Ottesen som steppa inn for Kirsti Sparboe berre tre-fire dagar før premiere i rolla som enkefru Agnes. Den tok ho på strak arm og med stålkontroll.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 16. februar 2019.)


Leave a Reply