Poesi og ironi

TEATER

SJØLVIRONI: I fantasibunadar som overgår det meste, gir Siren Jørgensen, Sandra Kolstad og Ane Skumsvoll oss nærgåande innblikk i livet på landet. FOTO: GRETHE NYGAARD

«Verda er ein skandale»
Haugesund Teater, Stord kulturhus
Fritt etter Agnes Ravatns «Verda er ein skandale»
Dramatisering og regi: Toril Solvang
Scenografi og kostyme: Marcus Olson
Lysdesign: Sofie Anderson
Lyddesign: Stig Morten Sørheim
Komponist og musikar: Sandra Kolstad
Med: Ane Skumsvoll, Siren Jørgensen og Sandra Kolstad

Ei dramatisering som gir nytt innhald til omgrepet «gøy på landet».

Alt frå Agnes Ravatn som ung journalist tok til med sine satiriske og sjølvironiske skråblikk på alle mogelege kvardagsfenomen, vann ho seg ein stor lesarskare. Etter kvart er det også blitt sju bøker, fleire av dei med bakgrunn i avisartiklane. Romanen «Fugletribunalet» frå 2013 blei dramatisert av Det Norske Teatret i 2015, og hausta mange lovord. I løpet av tre veker er det nå premiere på dramatisering av to til av bøkene hennar. Først ute var Haugesund Teaters «Verda er ein skandale» på Stord fredag.

I samband med nedkomstpermisjon for nokre år sia, vel Agnes Ravatn og sambuaren hennar å flytte frå alt det kjende i Oslo for å bu eit halvår, – og berre eit halvår, i huset til sambuarens besteforeldre i Valevåg i Sveio, lengst sør i Hordaland. Huset har stått tomt i tjue år, har ikkje bad, vatn eller kjøkken, mobildekninga er elendig, og internett er eit ukjent omgrep. Med mye dugnadshjelp blir det etter kvart leveleg. Og trass i mange nærast uoverstigelege problem og utfordringar for dei to urbaniserte vestlendingane, viser det seg at plassen byr på kvalitetar dei ikkje visste at dei sette pris på. Ein av dei viktigaste synte seg å vere naboane, lyrikaren Einar Økland og kona hans, Liv Marit.

Dette friviljuge, og tidsavgrensa eksilet, som nå går på ørtande året (!) resulterte i ei rekkje artiklar i Dag og Tid, og etter kvart den vesle essaysamlinga «Verda er ein skandale». Det er ei fornøyeleg lita bok om kvardagen og livet på landet, med det vanlege Ravatnske ironiske skråblikket, men med ein djupt alvorleg undertekst der Einar Øklands klokskap, aforismar og underfundige onelinerar spelar ei stor rolle.

Ein skulle tru det var ei umogeleg oppgåve å dramatisere denne boka, men Toril Solvang har greidd det ved å lage eit sjølvstendig kunstverk, relativt tru mot Ravatns historie, og ikkje minst hennar univers, men som likevel absolutt står på eigne bein. Det er sjølvsagt blitt ei humoristisk framsyning, men enormt mangefasettert både i uttrykk og spel, ei visuell oppleving, og samstundes særs god underhaldning.

Toril Solvang, som også har ansvar for regi, har vald ei presentasjonsform der tre skodespelarar, Ane Skumsvoll, Siren Jørgensen og Sandra Kolstad, alle tidvis er «eg», det vil seie Agnes Ravatn som eit gresk kor som utfyller kvarandre, samstundes som dei også går inn i andre roller. Marcus Olson har laga ein scenografi som er ei slags mosegrøn og særs illustrerande eng med nokre enkle møbel og tittelen i store bokstavar som kan gjerast om til anagram. Men det er kostyma hans som er fantastiske. Her har Solvang og Olson blanda Ravatns univers med Lisa Lies, og det er blitt ein særs heldig kombinasjon som også gjennomsyrar heile framsyninga.

Det heile opnar med at dei tre presenterer seg og bunadane sine, kor dei kjem frå og historia, og med det set dei standarden for humoren, sjølvironien, det lausslopne, det fargerike og litt burleske. Så går dei vidare til dei anekdotiske forteljingane om livet på landet, framført sikkert og med god timing. Dei tre utfyller og står godt til kvarandre. Siren Jørgensen er frå nabokommunen, kan både språk og kodane, og er den som er mest Agnes. Ane Skumsvoll er Einar Øklands alter ego, og syner nok ein gong kva for kjemperegister ho har, når ho etter spørsmålet, kva er det som er pinleg, framfører eit ellevilt rapnummer som får salen i ekstase. Og dei mange tablåa blir bundne vakkert og lyrisk saman med musikk og song skriven og framført av Sandra Kolstad, ein dyktig songar og musikar som nå også overtydde som skodespelar.

Med bakgrunn i postulatet i framsyningas tittel har Toril Solvang skrive inn tre monologar, framført heilt ulikt, men der innhaldet er kva som gjer verda til ein skandale. Det er eit forståeleg ønske om å skape eit illusjonsbrot, men det blei i staden litt påståande teater, og såleis ikkje heilt vellukka.

«Verda er ein skandale» er blitt eit fyrverkeri av ei framsyning, vakker, velspela, ironisk poesi på sitt beste, og ei oppsetjing som gir nytt innhald til omgrepet «gøy på landet».

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 29. januar 2019.)

Leave a Reply