Draum eller livsløgn

TEATER


FAR OG SØNER: Alt er berre løgn og fasade, men det vil dei ikkje innsjå. FOTO: TINGH

«En handelsreisendes død»
Teatret Vårt, Molde
Av Arthur Miller
Omsett av Michael Evans
Regi: Christoffer Berdal
Scenografi og kostyme: Thomas Bjørnager
Lysdesign: Finn Landsperg
Med: Per Egil Aske, Johanna Mørck, Lars Melsæter Rydjord, Kasper Skovli Botnen, Terje Hartviksen, Bjørnar Lisether Teigen, Hugo Mikal Skår og Sara Fellman

Velspela og intenst, men med noko forvirrande regi og scenografi

Med ein dysfunksjonell familie som mikrokosmos og den store altomfemnande amerikanske draumen om rikdom og suksess som bakteppe, er Arthur Millers «En handelsreisendes død» frå 1949 eitt av dei mest ikoniske amerikanske drama. I vårt meir egalitære samfunn har stykket lenge hatt mest akademisk interesse, men med den veksande brutaliseringa av arbeidslivet og den aukande hangen til privatisering og kortsiktig rikdom, er diverre tematikken meir aktuell enn nokon sinne også her heime. Willy Loman (Per Egil Aske) er 63 år, handelsreisande, og klamrar seg til ei gedigen livsløgn. Han ser tilbake på ein suksess han aldri har hatt, og mot ei framtid han aldri vil få. Heime held kona Linda (Johanna Mørck) fortet, glattar over det meste, og sjølv om ho nok ser sanninga, vågar ho aldri å vedgå henne. Sonen Happy (Kasper Skovli Botnen) er glatt og tilpassingsdyktig, og let løgnene få leve i fred, medan eldstesonen Biff (Lars Melsæter Rydjord) er den einaste som verkeleg ser og innser, som freistar å ta eit oppgjer, men som aldri får det til. Det er ein familie på veg mot helvete, og spørsmålet er aldri korleis det går til slutt, men kva som skjer undervegs.

Miller skreiv stykket i eit tilbakeskodande perspektiv der vi gjennom Willy Lomans indre får stadige flashbacks frå alt det store som ikkje var. Gjennom denne vekslinga mellom fortid og nåtid nøstar Miller opp historia og med fine dramaturgiske grep brettar han ut bit for bit der det etter kvart også ramlar skilsetjande skjelett ut av skapet.

Regissøren Christoffer Berdal og scenograf Thomas Bjørnager har laga ei oppsetjing der dei mange sceneskifta stundom skjer så kjapt og saumlaust at det kan bli både episodisk og tidvis uforståeleg. Presentasjonen er eit tett og ganske velspela kammerspel der det aller meste skjer i heimen hjå Loman. Når Bjørnagers scenografi i hovudsak illuderer ein lekker hotell-lobby, blir det difor ikkje berre forvirrande, men heilt malplassert. Willy Loman har ikkje lukkast i noko, og bur i eit nedslite hus i eit trist nabolag, medan scenografien syner oss eit smakfullt designinteriør.

Trass i manglar ved regi og spesielt scenografi, kan ein gle seg over intenst og godt spel, særleg mellom dei fire familiemedlemmane. Per Egil Aske gir ei særs truverdig tolking av den forblinda mannen som nektar å innsjå noko som helst. Johanna Mørck er overtydande som mora som greier å halde det meste i hop, og Lars Melsæter Rydjord syner eit stort og imponerande kjensleregister i den vanskelege rolla som Biff.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 14. januar 2019.)


Leave a Reply