Statisten

TEATER

ÅTTI ÅRS LEIK: Gjennom åtti år har dette huset vore til glede for og del av leiken til to familiar og tre generasjonar med ungar, og nå er det blitt statist på Trøndelag Teater. FOTO: KARL-MARTIN HODDEVIK

«Et dukkehjem»
(«Nøtteknekkeren»)
Trøndelag Teater, hovudscena
Av: Innsette i Oslo Kretsfengsel
Scenografi: Bård Lie Thorbjørnsen
Med: Eit lite umælande dokkehus frå 1938

På Trøndelag Teaters hovudscene får eg for tida eit rørande gjensyn med barndom og oppvekst for rundt seksti år sia.

I mine mange teatermeldingar er det sjeldan eg skriv om statistar. Og om rekvisittane skriv eg berre heilt unntaksvis. Men denne gongen gjer eg eit unnatak ettersom statisten/rekvisitten er eit kjært barndomsminne både for meg, store delar av familien min, og også ein annan familie i Trondheim.

Bård Lie Thorbjørnsen er ein av landets beste scenografar og ein mann eg har stor respekt og vørdnad for. Då han og Trøndelag Teater for ei dryg månad sia gjekk ut og spurte etter gamle leikar dei kunne få og nytte i scenografien til «Nøtteknekkeren», svara eg dei, og sa at eg hadde ein leike dei kunne få låne, men ikkje få. Det dreidde seg om eit dokkehus i to etasjar og i målestokk rundt 1:20 av normal storleik. Eg sende over nokre bilde, Bård likte det han såg, og i månadsskiftet blei dokkehuset henta til teateret.

Rett før premieren på «Nøtteknekkeren» la teateret ut bilde frå framsyninga, og der var ikkje huset med, så då tenkte eg at det blei vel ikkje plass til det, og slo meg til ro med det sjølv om eg i det lengste hadde håpa på noko anna. Men då eg såg framsyninga, var dokkehuset så avgjort der. Med møbel og innreiing, og endåtil med lys. Og til stades både i første akt, og i finalen i andre akt. For meg blei det sjølvsagt eit rørande gjensyn, og her skal du få historia om dokkehuset, eller «Et dukkehjem» som denne gongen ikkje er skrive av Henrik Ibsen, men som er laga av innsette i Oslo Kretsfengsel.

Mor mi, Jorunn Grimstad, var berre knapt seks år gamal då ho mista mor si i 1936. Å vere enkemann og åleinefar på denne tida var ikkje spesielt vanleg, og ei tid budde mor hjå ulike slektningar, før bestefar min fekk ho heimatt vinteren 1938. Då mor den 27. mai same året fylte åtte år, fekk ho ei stor, og etter måten uvanleg gåve av far sin. Det var eit dokkehus i to etasjar og med fire rom, ei stove, eit soverom, kjøkken/spiserom og bad. Huset er ganske stort, rundt meteren langt. Det er laga av innsette i Oslo Kretsfengsel, og det var nok grunnen til at bestefar hadde råd til å kjøpe noko så fantastisk i gåve til dotter si.

Innreiinga er ei historie for seg. Stuemøblementet er i grøn art deco-stil, har i tillegg ein peis i rød tegl, og er nok kjøpt inn for formålet. Det same gjeld badet som har både klosett og servant. Soverommet er innreidd med senger som er skorne ut av sigarkasser av bestefar min. I tillegg er det kome til ein del andre møbel etter kvart, mellom anna er det rosa plaststolar på kjøkenet, og dei er så avgjort ikkje frå 1938. Og så var det faktisk opphaveleg lagt inn elektrisk lys i huset, men det gjekk sund ein gong på 60-talet.

Dokkehuset følgde mor gjennom oppveksten, og då ho i 1951 gifta seg, og året etter fekk meg, og i 1955 og 1957 dei to syskena mine, var det sjølvsagt at også vi fekk leike oss med huset. På slutten av 60-talet, då vi budde i Folldal og for lengst var vakse frå å leike med dokker, gav mor og far bort huset til ein kollega av far, og med det rekna vi husets historie som avslutta for vår del. Men på starten av 1980-talet møtte eg den nye eigaren, som då hadde flytta til Trondheim, og i samtalen kom vi inn på dokkehuset. Enden på visa blei at eg fekk det att ettersom også ungane hans var vakse frå leikestadiet. I 1984 fekk bror min den første dottera si, og då han i 1986 flytta til Trondheim, var det berre rimeleg at han overtok huset. Fem jenter har i åra etter leika seg med dokkehuset før bror min flytta ut av landet for to år sia, og huset nok ein gong blei deponert hjå meg. Etter det har det stått lagra i påvente av eit nytt liv, og nå har det plutseleg fått eit langt større publikum enn det nokon sinne har hatt. I tillegg har lysdesignaren Eivind Myren fått inn att elektrisk lys.

Så å sjå «Nøtteknekkeren» blei for meg langt meir kjensleladd enn det til vanleg er å sjå teater. Og eg reknar med at lesaren forstår. Foreldra mine er også rørt over å høyre at huset har fått plass på Trøndelag Teaters hovudscene. Gjennom meir enn åtti år har dette dokkehuset vore til glede for ungar i tre generasjonar og to ulike familiar, og det spesielle er at huset, og ikkje minst interiøret er så intakt etter eit utal flyttingar og ikkje alltid like respektfull leik av små ungar.

Nå er nok tida for denne type leikar over, så i samråd med foreldra mine, har eg bestemt meg for at når teppet går ned for «Nøtteknekkeren» for siste gong, vil eg ta kontakt med ulike museum for å høyre om nokon av dei kan vere interessert i å ta vare på huset for å fortelje framtidas ungar korleis ein leika seg på 1900-talet.

Leave a Reply