Oppstykka og anekdotisk

TEATER

KVARDAGEN: Sjølv når gleda og optimismen er som størst, lurer ulukker og tungsinn i bakgrunnen på den litle øya. FOTO: INGUN A. MÆHLUM

«De usynlige»
Hålogaland Teater, Scene Øst
Av Roy Jacobsen
Dramatisering og regi: Anders T. Andersen
Lysdesign: Øystein Heitmann
Musikalsk konsulent: Espen Elverum Jakobsen
Med: Trond Peter Stamsø Munch, Guri Johnson, Trude Øines, Kristine Cornelie Margrete Hartgen og Ivar Beddari

Ei innlevingsrik og sterk historie om vår nære fortid, men som gjennom anekdotisk formidling blir litt for oppstykka og episodisk.

Roy Jacobsens store gjennombrotsroman «Seierherrene» frå 1991 skildra mellom anna moras oppvekst på Helgelandskysten i mellomkrigstida med ein autentisitet og detaljrikdom som var imponerande. I 2013 følgde han opp tematikken med romanen «De usynlige» som var første bok i ein trilogi, og som fortalde om ein fiskar- og jordbruksfamilie for hundre år sia. I spennet mellom Johan Bojer og Olav Duun fortel Jacobsen med innleving og kjærleik om eit liv som ikkje er lenger unna enn at dei eldste i landet faktisk har opplevd det, men som samstundes er heilt uverkeleg for dei fleste av oss. Nå har Hålogaland Teater fått Anders T. Andersen til å dramatisere romanen, og i hans regi var det urpremiere på torsdag.

Vi er på Barrøy, ei lita øy på Helgelandskysten der ein familie karrar seg fast, og ved hjelp av lofotfiske, litt heimefiske, potetproduksjon og nokre sauar og kyr så vidt greier å livnære seg. Det er far sjølv, Hans Barrøy (Trond Peter Stamsø Munch), litlesøstera Barbro (Kristine Cornelie Margrete Hartgen), kona Maria (Guri Johnson), dottera Ingrid (Trude Øines) og kårkallen Martin (Ivar Beddari). Sjølv om det er mange forteljarstemmer, er dette likevel i hovudsak Ingrids historie, og vi tar til når ho er tre år i 1913, og følgjer familien fram til 1928. Då er far og bestefar borte, mor sendt på asylet, tre yngre er komne til, og mye dramatisk har skjedd. Det er ei skildring av kampen for tilværet, men langt frå så svart som hjå Duun, for sjølv om naturkreftene er valdsame, livet hardt og utkoma stusseleg, så er her både humor og optimisme som når vårsola blenkjer eller far kjem heim frå lofotfiske.

Anders T. Andersen har vald å iscenesette framsyninga som ei blanding av forteljarteater og forsiktig episodisk dramatisering. På ei flat helle som kan illudere ei lita øy, med berre nokre få rekvisittar og ein bua skjerm for videoprojisering i bakkant, fortel og spelar dei fem eit utal tablå. Dei tek oss med på ei reise gjennom Ingrids oppvekst der ho alt som fireåring blir sett i arbeid med å reinske dun, der ho som sjuåring må reise vekk fjorten dagar om gongen for å gå på skule, og der ho straks etter konfirmasjonen får huspost på fastlandet. Før ein konkurs gjer at ho dreg heim att til Barrøya. Samstundes blir resten av det karrige livet til den vesle familien på øya bretta ut som ein sosial roman, men altså ikkje som ei stor episk forteljing, men som mange små episodar.

Eg har ikkje lese romanen, men av oppsetjinga anar eg konturane av ei god, omfattande og innsiktsfull forteljing full av kjærleik til dette stolte og ordknappe kystfolket der kjensler er noko ein held for seg sjølv. Men i dramatiseringa er det openbert at noko manglar. Den ganske stiliserte presentasjonsforma der skodespelarane fortel litt for deretter å spele ut det dei har fortalt, blir for oppstykka og anekdotisk, og tidvis litt pedagogisk. Og sjølv om historia er både sterk og kjensleladd, greier ho berre unntaksvis å gripe meg.

Skodespelarane har fått få nyansar å spele på, kanskje med unnatak av Trude Øines som tidvis greier å røre meg. Sceneskift, entrear og sortiar verkar veldig regissert og i det heile framstår produksjonen som noko uferdig. Det er synd, for glimtvis ser vi einskildscener som syner at dette har to i seg til å kunne ha blitt den forteljinga og hyllesta som dette stolte kystfolket hadde fortent.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 24. november 2018.)

Leave a Reply