Leikent og opplevingsrikt

TEATER

STJERNEHIMMEL: Alt tek til i verdsrommet, men for ungane er det vel så spennande at Siri Schnell Juvik har fingre på føtene. FOTO: LISE HOVIK

«Baby Becomings»
Teater Fot, Teaterhuset Avant Garden, Kunsthall Trondheim
Konsept og regi: Lise Hovik
Komponistar: Siri Gjære, Tor Haugerud og Rohey Taalah
Scenografi og figurar: Anne Helga Henning og Lise Hovik
Kostyme: Berit Haltvik With og Lise Hovik
Musikarar: Siri Gjære, Tor Haugerud og Sunniva Hovde
Med: Siri Schnell Juvik, Siri Gjære, Tor Haugerud og Sunniva Hovde

Ei framsyning der opplevingane for dei minste er mange, og dessutan langt viktigare enn den forteljinga som ligg i botn.

I slutten av april i år hadde det vesle teaterkompaniet Teater Fot premiere på «Begynnelser», som eigentleg er andre del av prosjektet «Verken Fugl eller Fisk» der teateret lag for lag avdekkjer ei historie for dei aller minste. «Begynnelser» var mynta på ungar frå 3 til 5 år, og tok for seg eit ikkje mindre ambisiøst tema enn evolusjonen, men der opplevingane som blei skapt, var vel så viktige som historia som blei fortalt. Denne veka var det klårt for del ein, og etter nokre lukka visningar for barnehagar, var det i dag urpremiere for ålmenta for «Baby Becomings», ei framsyning for ungar frå 0 til 2 år.

I eit stort, lyst og ope lokale i Kunsthall Trondheim blir ungar og foreldre inviterte inn til å setje seg på mjuke pledd rundt ei kvadratisk scene forma som eit teppe. Til rolege tonar som nærast høyrest ut som gregoriansk mellomaldermusikk kjem vi inn, set oss ned og ser på skodespelaren Siri Schnell Juvik som i eit fantasirikt kostyme forsiktig freistar å få kontakt med dei minste. Rundt femten ungar, fleire som ennå ikkje kunne gå, sat trygt i kvart sitt foreldrefang og såg inn i det som like gjerne kunne vere ei leikegrind som ei scene. Gjennom musikk og scatsong frå dei tre musikarane (Siri Gjære, Tor Haugerud og Sunniva Hovde) samt varsame tilnærmingar og leikne små sprell frå Juvik, blir det gradvis skapt ein atmosfære av tillit. Det er ein fryd å følgje dei minste der nokre er skeptiske medan andre er langt meir nyfikne. Men sams er at dei alle følgjer med. Og det går ikkje lange stunda før den første freistar å krabbe utpå scenegolvet. Mora held att, men gir slepp når aktørane tydeleg gir tilkjenne at dette er heilt greitt.

Som i «Begynnelser» er det også her ei forteljing som blir avdekt lag for lag ved at dei ulike teppa som dannar scenegolvet blir fjerna. Denne gongen er vi på ei reise frå det ytre verdsrommet og heilt ned til flyndrefisk og andre spennande skapnadar på havets botn. Alt illustrert med ulike teppegolv, og musikk frå varierande stilartar. Forteljinga er vakkert og godt presentert, men er eigentleg heilt uviktig, for her var det alle opplevingane dei små fekk ta del i som var det viktigaste. Både Siri Schnell Juvik og dei tre musikarane hadde full kontroll, og den tilliten dei greidde å opparbeide i løpet av berre ein halvtime var imponerande. Dette var i høgste grad interaktivt teater, og du veit aldri korleis så små ungar vil reagere, langt mindre når du har heile femten av dei. Men dei fire aktørane improviserte, roa, leikte og aktiviserte, og alt glei som om det heile skulle vere regissert.

For meg som nesten er ein pensjonsalder eldre enn målgruppa, var det vel så interessant å følgje publikum som aktørane, og eg fekk ei varmande og rørande framsyning på heile tre plan. Skodespelarane gjorde sitt, song, spela, laga eit utal små opplevingsrike tablå, musiserte og improviserte, og ungane blei meir og meir med. Det var ein sann svir å følgje dei, sjå korleis dei gradvis blei del av det heile, tok mot til seg og fann fram til scena, korleis dei hyla og klukklo slik berre ungar kan, og på det viset Cornelis Vreeswijk har gjort udøyeleg med «Turistens Klagan» om ungane på Karl Johan. Og så var det i tillegg å sjå foreldredimensjonen som var minst like underhaldande. For gjennom denne vesle framsyninga bygde Teater Fot opp ein situasjon med trygge ungar og litt usikre foreldre. Det var eit fornøyeleg paradoks, men seier samstundes noko om den solide kunnskapen om barn som ligg til grunn for Lise Hoviks teaterprosjekt, og den heilt spesielle evna teateret har utvikla til å kommunisere med og trollbinde dei aller yngste. For i finalen tok det heilt av, og eg trur så godt som alle ungane var på scena, leika, dansa og kosa seg i det som stod fram som fem-seks ulike scener. Dei små overtok fullstendig og gjorde at skodespelar og musikarar nærast blei omdanna til eit bakteppe, jamvel om dei fire aktørane framleis lagde heilt naudsynte og fine lydar ungane kunne bevege seg til, og også sjølvsagt var føresetnaden for at dette kunne skje. Det var rett og slett ei magisk oppleving.

Leave a Reply