Teite foreldre

TEATER

NOOB: Elgen er ein noob som også seier noob. Det kan ein koke suppe på. FOTO: ESPEN STORHAUG

«Noob»
Turnéteatret i Trøndelag, Hovudscena
Av Ane Aass og Rasmus Rohde
Regi: Ane Aass
Scenografi: Gjermund Andresen
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Musikk: Rasmus Rohde, Siri Gjære og Erlend Solli Aune
Med: Pia Aamodt-Løken, Sebastian Skytterud Myers, Siri Gjære og Erlend Smalås

Føreseieleg og langt frå vanleg standard for Rohde & Aass produksjoner.

Rasmus Rohde og Ane Aass (Rohde & Aass produksjoner) har laga mye bra teater for barn. Eit varemerke har vore å ta barna og deira dagsaktuelle røyndom på alvor, men gjerne med eit lunt skråblikk. Slik er det også i «Noob» som hadde urpremiere på Turnéteatret i Trøndelag i Verdal torsdag. Denne gongen er det fenomenet gaming som er tema. Maria (Pia Aamodt-Løken) er 13 år, pendlar mellom mor og far, er lidenskapeleg opptatt av playstation og dataspel, men er tilsynelatande også ein habil fotballspelar. Og slik sett altså ingen heilt typisk dataspelnerd.

Når ho vekslar på å vere hjå dei to foreldra, vil dei ha kvalitetstid ut av opphaldet, medan Maria er meir opptatt av skjerm og spel. Det går sjølvsagt ikkje bra, og når ho i framsyninga kjem til pappa (Erlend Smalås) blir det full skjering og konfiskering av spelutstyr. Det kjennest sjølvsagt urettvist. Og er det lov? spør Maria seg. Ho stikk av frå teite og omsorgsfulle foreldre, og hamnar i skogen der ho som ein yngre Doppler møter ein eitt år gamal elg (Sebastian Skytterud Myers) som har det motsette problemet. Han vil vere med mora (Siri Gjære) og småsyskena sine, men blir avvist og kasta ut. I skogen er det darwinismen som rår. På eit merkeleg vis finn Maria og elgen kvarandre, og meir skal eg ikkje røpe av handlinga. Som ein forstår er «Noob» eigentleg eit klassisk drama om generasjonsmotsetningar, men denne gongen med vekt på ungdomens fascinasjon for spel.

Gjermund Andresen har laga ein scenografi som faktisk både kan illudere ein digital bakgrunn og ein skog, og ved sinnrik hjelp av to hjul og fin lyssetting kan scenografien tvinnast og skapast om til det ein måtte ønske. Saman med flott musikk og dyktige songarar og musikarar blir dette ei vakker og særs sanseleg framsyning, men heller ikkje meir. Historia er ikkje heilt grei å få tak i. Tittelen «noob» er for den uinnvigde eit slanguttrykk for ein nybegynnar i gaming, men kan med litt velvilje også vere lyden av ein elg. På dette noko søkte viset freistar teateret å syne samanhengen mellom Maria og elgen. Historia er ganske tunn, og handlinga er tidvis særs føreseieleg. Som når pappa fiklar med mobilen og samstundes kritiserer Maria for å vere for opptatt av datamaskina. Det er så synleg og så openbert at det blir nesten pinleg.

Pia Aamodt-Løken er absolutt til å tru på som Maria, og Sebastian Skytterud Myers elgtolking er ei lita framsyning i seg sjølv. Men trass i ein del fine små tablå, flott musikk og god scenografi, blir «Noob» litt for overflatisk og føreseieleg til å kunne bli godt teater.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. oktober 2018.)

Leave a Reply