Gir faen i teaterkonvensjonane

TEATER

STEREOTYPI: Å vere kvinne er ikkje berre å utfordre, men kan også vere å leve opp til konvensjonane og stereotypiane. FOTO: ELISABETH JAKOBSEN

«Bare en våt munn»
Teaterhuset Avant Garden
Av og med: Madeleine B. Nilsen og Katja Brita Lindeberg
Regi: Madeleine B. Nilsen og Katja Brita Lindeberg
Scenografi og kostyme: Sylvia Denais
Komponist: Martin Mulholland

Om den verkeleg mangefasetterte kvinna som først og fremst vil bli tatt på alvor i sitt eige bilde.

Det er nå 70 og 65 år sia dei to Kinsey-rapportane slo ned som ei bombe i vesten og fortalde relativt ope kva som var menns og kvinners seksuelle røyndom. Særleg var nok rapporten om kvinneleg seksualitet frå 1953 overraskande for mange, og saman med oppfinninga av p-pilla nokre år seinare, var rapporten med på å danne grunnlaget for den seksuelle revolusjonen som tok til på 60-talet, for ikkje å seie kvinnefrigjeringa og alt som følgde i kjølvatnet av henne..
I 1996 skreiv Eve Ensler «Vaginamonologene» som på mange vis var ei scenisk vidareføring av Kinseyrapporten. Då eg for ein god del år sia såg stykket som gjestespel på Trøndelag Teater, var eg einaste mann blant relativt godt vaksne damer. Og inspisienten møtte meg med følgjande kontante utsegn då eg gjekk inn i salen: «Dette er ikkje noko for deg!» Det hadde han for så vidt rett i. Ikkje fordi eg var mann og såleis neppe målgruppa, men fordi framsyninga var i overkant amerikansk og slo inn vidopne dører i den norske røyndomen.
Nå har dei to scenekunstnarane Katja Brita Lindeberg og Madeleine B. Nielsen laga teaterframsyninga «Bare en våt munn», basert på eit drygt tjuetals intervju med kvinner i ulike aldrar om kva det vil seie å vere kvinne, og eit tilsynelatande ganske uredigert og randomisert utdrag blir presentert scenisk som var det dei to skodespelarane sine eigne fantasiar, draumar, og intime vitnesbyrd vi fekk servert. Og sjølv om framsyninga er i same gata som «Vaginamonologene», var dette langt meir aktuelt og spennande. Ho utfordra tabu, og ho synte at å vere kvinne kan vere ganske mye temmeleg ulikt. Men framsyninga var likevel ikkje utan openberre problem. Når det er sagt, må eg ile til og understreke at denne meldaren er ein heteroseksuell mann som nærmar seg pensjonsalderen, og såleis neppe i målgruppa, så eventuelle kvinnelege lesarar får ha meg orsaka for å måtte ta ei ganske akademisk og lite personleg eller kjensleladd tilnærming til framsyninga.
Det er eit stort og omfattande tema Lindeberg og Nilsen har gitt seg i kast med, og dei pretenderer heller ikkje å gi oss det endelege bildet, men i staden mange små puslespelbitar av det. Det heile blir presentert med ei gi-faen-innstilling som kler framsyninga. Regi og framføring er på mange vis i slekt med Lisa Lies produksjonar der ein gir fullstendig blaffen i vande teaterkonvensjonar, gjer seg ferdig med eitt tablå utan eingong å freiste å gjere forsøk på ein glidande overgang til neste som ein anten berre snublar over i, eller der ein tar seg god tid i eit heilt ope sceneskift. Det er eit på mange vis frigjerande regigrep, og samstundes blir presentasjonen både litt uferdig og ikkje minst uhøgtideleg. Det står til innhaldet.

I ei blanding av lateks og rosa tyll, berre for å gni stereotypiane inn, fortel dei to i første person om seksuelle fantasiar, ofte relativt tabubelagde, om hårfine grenser mellom nyting og overgrep, og om kravet om å bli tatt på alvor, samstundes som dei syng, dansar og onanerer. Og presenterer ein og annan oneliner. Mye av dette skal sikkert vere både litt kleint og kanskje også provoserande, men blir eigentleg aldri nokon av delane. Dei to er leikne, fortrulege med stoffet, og presentasjonen er det heller ikkje noko å seie på. Og eg forstår det slik at framsyninga i hovudsak skal reise spørsmål utan å peike ut svar. Men ho kunne nok med fordel likevel ha hatt ei tydelegare retning, eller gått litt djupare inn i problematikken. For meg, med dei atterhald eg alt har presentert, blei dette i for stor grad relativt overflatiske risp, og eg trur vi kunne ha tolt langt meir. Når det er sagt, skal dei to ha kred både for prosjektet, for viljen til å gå nye vegar, og ikkje minst for den nesten foraktfulle haldninga til vanlege teaterkonvensjonar.

One Response to “Gir faen i teaterkonvensjonane”

  1. Mette Renée Green sier:

    Fin analyse, Amund! Kjente igjen mine egne reaksjoner på de tidligere forestillingene. Har ikke sett den siste, men tror jeg står over.

Leave a Reply