Takk, men ikkje farvel

TEATER

TO ANDLET: Teaterets to masker: komedien og tragedien. FOTO: GT NERGAARD

«Takk og farvel!»
Trøndelag Teater, Teaterkafeen
Av og med Helle Ottesen
Regi: Eli Sørensen
Musikalsk ansvarleg: Åsmund Flaten

Helle Ottesen takkar for seg, men så ungdommeleg og full av overskot som ho er, tvilar eg på at det er noko endeleg farvel.

Folkekjære skodespelarar plar ofte takke av ein lang karriere i Thalias teneste med ei avskilsframsyning både som ei oppsummering og avrunding av sitt eige virke, og som ei gåve til publikum. Dei siste åra har vi på Trøndelag Teater fått oppleve inderlege og personlege avskilsframsyningar frå Ragnhild Sølvberg og Jan Erik Berntsen. Nå er det Helle Ottesens tur. Etter 52 år på scena, og 36 av dei ved Trøndelag Teater der ho også har vore sjef, var det fredag duka for hennar offisielle sorti med framsyninga «Takk og farvel!». Og at Ottesen er ein populær skodespelar ser vi tydeleg då framsyninga var utseld alt før sommaren.

Medan både Sølvberg og Berntsen baud på seg sjølv, såg attende på eigen karriere og kommenterte han medan dei raust delte opplevingane med publikum, har Helle Ottesen vald å lage ein potpurri av tekstar og songar som skal illustrere livsløpet frå fødsel til grav, eller frå vår til haust. Det er for så vidt eit greitt val, sjølv om vi nok var mange som kunne ha ønska eit meir personleg tilbakeblikk. Men det store problemet er at ho på berre 70 minutt skal innom tekstar frå heile tjue forfattarar og til melodi av femten komponistar. Det blir alt for mye, og det seier seg sjølv at her blir det ikkje høve til å dvele ved noko. I staden blir det ei relativ saumlaus hopping frå tekst til tekst der det spesielt i lyrikken som oftast berre er små brotstykke som blir presentert, og på eit vis som i liten grad får høve til å skilje mellom teaterets mange andlet i spennet mellom det tragiske og det komiske.

Helle Ottesen er i stand til å gjere stor komikk av små kvardagslege episodar med fingertippkjensle for detaljane. I tillegg er ho ein dyktig songar og ein framifrå kabaretartist. Båe desse sidene fekk vi grundig dokumentert i framsyninga, og for meg var det særleg i tolkinga av Jacques Brel og John Lennon at ho fekk synt registeret sitt. Med seg på scena har ho Åsmund Flaten på piano, og som vanleg leverer han meir enn solid tonefølgje. Han ikkje berre akkompagnerer, men grip tidvis litt inn i framsyninga med kommentarar og avbrot. Det siste kunne dei kanskje gjort meir av for å skape litt fleire brot og dramaturgiske vendingar.

Eli Sørensen har regien, og eitt av dei største problema ved denne framsyninga, i tillegg til at ho famnar alt for mye, er at vi i alt for liten grad ser spor av regi. Sørensen burde ha gitt Ottesen meir tid og rom, eller kutta drastisk i innhaldet. Helle Ottesen hadde fortent betre. Men Ottesen har eit stort og entusiastisk publikum, og på premieren fredag var det lite som tyda på at ho skuffa dei. Så får eg tole å vere den som heller i litt malurt, og meiner at dette kunne ha blitt langt betre med meir tydeleg regi.

Leave a Reply