Rom for fantasien

TEATER

SKUMMELT: Mio (Iver Innset), Jum Jum (Amalie Sofie Ibsen Jensen) og hesten Miramis på veg for å kjempe mot riddar Kato. FOTO: TINGH

«Mio, min Mio»
Teatret Vårt, Molde i samarbeid med Nordland Teater
Av Astrid Lindgren
Dramatisering og regi: Hilde Brinchmann
Scenografi: Paul Garbers
Kostyme: Helena Andersson
Komponist: Eirik Myhr
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Med: Iver Innset, Amalie Sofie Ibsen Jensen og Dagfinn Tutturen

Ei dramatisering som er så tru mot Astrid Lindgrens univers at denne meldaren lét seg lure.

Nærare seksti år etter at klassestyraren min las Astrid Lindgrens «Mio, min Mio» høgt for oss, hugsar eg framleis den uhyggekjensla som breidde seg då riddar Kato dukka opp, og korleis klasserommet med eitt blei kaldare. Eg har sett mange sceneversjonar etter det, men ingen har kome opp mot boka. Til nå. Då eg i helga såg nydramatiseringa til Teatret Vårt i Molde, kjende eg den kalde lufta frå ei vindmaskin då Kato kom på scena, og fekk att kjensla frå boka. Eg fortalde det til teateret etterpå, berre for å få opplyst at dei hadde inga slik maskin. Det er eit godt skotsmål for ein produksjon at han kan skape så sterke illusjonar for publikum.

Historia om den foreldrelause fosterguten Bosse som eigentleg heiter Mio, og som ni år gamal forsvinn og hamnar hjå far sin som er konge i «Landet i det fjerne», har fengsla i alle fall tre generasjonar sia boka kom ut i 1954. Lagnadsbestemt, og med parallellar både til folkeeventyra og religiøse overleveringar, må Mio nedkjempe den vonde riddar Kato for å redde eit utal ungar som er tekne til fange. Det er ei historie om einsemd, mot og venskap, på same tid både vakker og ekstremt skummel.

Det er to av norsk barneteaters mest nyskapande personar som står bak denne produksjonen, Cecilie Lundsholt, kunstnarleg leiar av Barneteatret Vårt og Hilde Brinchmann som både har dramatisert romanen på nytt, og har ansvaret for regien. Brinchmann har vald å halde forteljargrepet frå boka der Mio sjølv fortel, og slik får ho tydeleg fram barneperspektivet. Saman med scenograf Paul Garbers har ho laga eit lite og intimt scenerom der vi kjem tett på både handling og aktørar. Scenografien er like enkel som han er komplisert, og framsyninga opnar med fiffig bruk av amfiet, før ein sinnrik scenevegg som ein kan bla i som ei bok, gir oss ulike rom og situasjonar. Saman med utsøkt lyssetjing, og ikkje minst den nyskrivne musikken til Eirik Myhr blir det skapt illusjonar, stemningar og eit godt rom for fantasien.

Brinchmann har gjort eit imponerande arbeid med å konsentrere handlinga, for framsyninga varar berre ein dryg time samstundes som ho både er tru mot historia og tar seg god tid til å dvele i tablåa. Iver Innset er stillferdig og truverdig i rolla som Mio. Amalie Sofie Ibsen Jensen og Dagfinn Tutturen spelar alle dei andre rollene, og scene- og rolleskifta går imponerande saumlaust. Framsyninga byr på mange overraskingar, og finalen er ei lita gåve til publikum.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 24. september 2018.)

Leave a Reply