Interaktivt forteljarteater

TEATER

UKOMPLISERT: Med enkle middel og gode skodespelarar som i tillegg er særs opne for innspel frå publikum, går det godt å lage upretensiøst og underhaldande forteljarteater. FOTO: SONDRE SØRSDAL

«Skomakeren som var så glad i å synge» og «Mannen og kona som bodde så trangt»
Jødisk kulturfestival i Trondheim, Comfort Hotel Park
Av Eva Scheer
Regi og bearbeiding: Rita Abrahamsen
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Med: Madeleine Brandtzæg Nilsen og Ibrahim Fazlic

Sjarmerande og interaktivt forteljarteater som openbert fall i smak hjå dei yngste.

Det er jødisk kulturfestival i Trondheim denne helga, og i tillegg til konsertar, føredrag, bokbad og meir til, er det også teater, og denne gongen ei familieframsyning mynta i hovudsak på dei som er frå tre år og oppover. Den norske, jødiske forfattaren Eva Scheer (1915 -1999) har gjendikta fleire jødiske forteljingar som ho fekk overlevert frå bestemora med bakgrunn frå Aust-Europa. To av desse stutte historiene er nå sett i scene av Rita Abrahamsen som eit lett regissert og dramatisert forteljarteater, framført av skodespelarane Madeleine Brandtzæg Nilsen og Ibrahim Fazlic.

I eit konferanserom på Comfort Park Hotel i Trondheim, med utsikt til ein vakker bakhage får dei yngste leggje seg på puter heilt fremst medan vi vaksne sit bak dei. Med ein sjarmerande entré frå hagen, klatrande inn til oss gjennom eit vindauge, blir merksemda frå dei yngste fanga, og med det nivået sett for framsyninga.

Dei to skodespelarane vil fortelje oss historiene «Skomakaren som var så glad i å syngje» og «Mannen og kona som budde så trongt», og til det nyttar dei unganes eige språk for slikt. Det blir rollespel der kjønn, utsjånad og kor eigna du er for rolla, er heilt uvesentleg. Om det er min tur til å vere mann, så er eg det sjølv om det motsette ville vere meir naturleg. Så må publikum nytte fantasi og innleving for å få utbytte, og det er det heilt openbert at ungane gjer, for her er dei fullstendig med frå fyrste stund. Nilsen og Fazlic er opne og lyttande, i stand til å ta innspela frå dei yngste, og gjer dette til ei uvanleg god interaktiv oppleving samstundes som greier å få framsyninga attende på sporet om det skeiar litt for mye ut. Og det gjer det stundom, for innimellom tar dette heilt av og nærmar seg det hysterisk elleville.

Eg skal halde meg frå å komme med noko innhaldsresymé både fordi det kanskje vil øydeleggje opplevinga for framtidig publikum, og fordi historiene heller ikkje er spesielt kompliserte. Felles for dei er at det ligg ein enkel fattigmannslogikk som eit underliggjande tema i båe, ein filosofi om at ein kanskje skal vere nøgd med det ein har og ikkje tru at materiell nivåheving vil gjere livet så mye meir lukkeleg.

Framsyninga blei vist fyrste gong på den jødiske kulturfestivalen i fjor, og skal etter dette spelast på ulike bibliotek i regi av Den kulturelle skulesekken.

One Response to “Interaktivt forteljarteater”

  1. […] i Trondheim denne helga, og i tillegg til konsertar, dans boksamtale og byvandring, er det som i fjor også ei teaterframsyning for dei minste. I eit møterom på Comfort Hotel Park blir det spela […]

Leave a Reply