Vankelmot og svartsjuke

TEATER

HILDRINGSØYA: Lågmælt, men likevel i store bokstavar får vi presentert historia om Svein og hans riving mellom systrene Hanna og Herborg. Og bak trugar svartsjuke, og ikkje minst den mystiske Etvart Jørgen, som stundom framstår mest som ei skummel hildring. FOTO: ESPEN STORHAUG

«Hilderøya»
Turnéteatret i Trøndelag, Black box
Av Olav Duun
Dramatisering og regi: Otto Homlung
Musikk: Asgeir Skrove
Kostyme: Berit Haltvik With
Lysdesign: Simen Høy Aasheim
Med: Helga Haga og Tore B. Granås

Ei velspela dramatisering av ein av Olav Duuns mindre kjende romanar, ein roman som gir eit frampeik om forfattarskapen, men ikkje så mye meir.

Olav Duun (1876-1939) var frå Jøa i Namdalen, og i fleire av ungdomsåra rodde han fiske på Namdalskysten. Frå desse åra har han henta mye både av geografien og menneska som romanane hans handlar om, store episke verk som går djupt inn i menneskesinnet og forholdet deira til naturkreftene. Duun debuterte i 1907, og romanen «Hilderøya» frå 1912 er ei av dei første bøkene hans, ei bok som i dag ikkje er av dei mest leste. For det var først med «Juvikfolke», seksbindsverket frå 1918 til 1923, at han fekk sitt store gjennombrot. Romanen «Hilderøya» følgjer mye av den same tematikken som seinare romanar både med omsyn til persongalleri og geografi, men etter å ha sett Turnéteatret i Trøndelags dramatisering av romanen, er det relativt openbert kvifor «Hilderøya» ikkje er like kjend som «Juvikfolke», «Ragnhild-trilogien» og «Mennesket og maktene».

Hilderøya er ei fiktiv øy på Namdalskysten der det ikkje bur så mange, og der ein såleis ikkje går over bekken etter vatn for å finne ektefelle. Her bur Svein (Tore B. Granås), hovudpersonen i forteljinga, søkjande, men vankelmodig så det held. Han rivast mellom dei to systrene Hanna og Herborg (Helga Haga), den fyrste empatisk, omsorgsfull og god, og den andre spontan, erotisk og langt frå like føreseieleg. Inn i dette mikrokosmoset kjem Etvart Jørgen, ein skapnad som mest blir som eit skrømt, og som vi stort sett berre høyrer om, men som nokre få gongar blir diskret framført av Granås, då gjerne med ryggen til publikum. Medan Hanna er som ein Solveig som ventar på sin Peer, (det vil seie Svein) og stort sett er ei mogen frukt han kan plukke når han vil, er Herborg i langt større grad ei forførarisk femme fatale som legg garnet ut for både den mystiske, og nesten mytiske, Etvart Jørgen, og den langt enklare Svein. Og Svein let seg forføre og rivast mellom kven han skal «godblonke tel». Men der Einar Skjæraasen i sitt kjende dikt nesten er humoristisk i omtala av problemet med å velje mellom to, blir Duun langt dystrare. Her er i tillegg Svein fylt av tung og særs øydeleggjande svartsjuke overfor Etvart Jørgen, og utan at eg skal røpe korleis det går, så er det openbert at det er synd på menneska på Hilderøya. Verkeleg synd.

Otto Homlungs dramatisering og regi presenterer historia i retrospekt av to som ser ut på øya, og som deretter rullar ut dramaet for så å avslutte som dei starta. Det er eit godt grep. Dramatiseringa gir oss ei mengd små tablå der Tore B. Granås er Svein, og Helga Haga vekslar mellom dei to systrene ved å skifte kjoletopp og ikkje minst lynne og veremåte. Spelet deira er truverdig og godt, og dramaet blir fortald levande og tydeleg. Scenografien er enkel, berre nokre skuggebilde på ein projisert bakvegg, meir enn nok til å formidle historia og stemninga.

Problemet med denne produksjonen er at det i liten grad er ei viktig forteljing, og ikkje minst ei stemning å formidle. Jamvel om skodespelarane gjer gode rolletolkingar, er dette ei alt for enkel og firkanta historie som i stor grad blir gåande på tomgang. Dei fire rollefigurane blir frå Duuns side så tydelege at dei er meir representantar for ulike mennesketypar enn heile menneske, tidvis så spesielle at det blir nesten karikert. Og Svein, som rett nok har litt fleire sider, blir så vankelmodig at det er vanskeleg å tru på han. Eg har ikkje lese romanen «Hilderøya», men etter å ha sett urpremieren på dramatiseringa av romanen, er det forståeleg at boka ikkje er av Olav Duuns mest leste. Både persongalleriet og historia er for lite nyansert, men samstundes gir «Hilderøya» eit viktig frampeik om kva som etter kvart skulle kome av større litteratur frå Duuns hand.

Leave a Reply