Barndomens dal var ikkje berre grøn

TEATER

FAR OG SON: Det er fåfengt når Walter freistar å overtyde sonen Anton om at vala hans er feil. FOTO: JOHAN ARNT NESGÅRD

«Eplene i Messehagen»
Gruveteater, Gruvetårnet i Malm
Tekst og musikk: Rasmus Rohde
Regi og koreografi: Paul Ottar Haga, Cynthia Kai og Joakim Nätterqvist
Scenografi: Erlend Haga
Musikalsk leiar: Asgeir Skrove
Med: Ståle Bjørnhaug, Britt Langlie, Vetle Røsten Granås, Joakim Nätterqvist, Evy Kasseth Røsten, Rebekka C. Opdal, Eir Inderhaug, Andreas Ven Langø med fleire, blant dei heile fire manns- og blandakor.

Eit særs truverdig og tidsriktig bilde av korleis det var å vakse opp i eit gruvesamfunn for berre dryge femti år sia.

 

Norsk gruveindustri er eit stort sett avslutta kapittel, med ei både stolt og svart historie. Gruvene som dukka opp frå 16-1700 talet med Kongsberg og Røros som dei største og mest kjende, representerer på mange vis starten på den industrielle revolusjonen i landet vårt, i eit elles førindustrielt Norge. I små bondesamfunn på ofte ganske uvegsame plassar der det tidlegare knapt var busetjing, vaks det opp einsidige industristader, og denne utviklinga skaut fart frå førre århundreskiftet og utover nittenhundretalet med storheitstida i tiåra etter krigen. På den tida var det eit utal slike små gruvesamfunn som Røros, Folldal, Skorovatn, Løkken, Sulis, Svea og Malm, berre for å nemne nokre av dei. I dag er det meste historie, ikkje først og fremst fordi malmførekomstane er borte, men på grunn av prisane på verdsmarknaden. Ein etter ein avvikla dei eller gjekk konkurs, og i dag er berre minna og eitt og anna gruvetårn att.

Ein så viktig del av vår tidlege industrielle historie med gruvearbeidaren som representant for den første framveksten av eit moderne proletariat i Norge, er sjølvsagt viktig kulturhistorie, og Johan Falkbergets bøker frå gruvedrifta på Røros er framleis allemannseige og del av vår litterære kanon. Men Falkbergets bøker handlar mye om den eldre gruvehistoria, og lite er skrive om tida då mekaniseringa og stordrifta tok over for det meir manuelle arbeidet. Dette har skodespelar og heimbygdsentusiast Evy Kasseth Røsten ønska å gjere noko med. Ho er sjølv oppvaksen i Malm, ein liten tettstad inst i Trondheimsfjorden der Fosdalen Bergverk dreiv utvinning av jernmalm og svovelkis frå 1906 til 1997. Kontakt med Rasmus Rohde blei oppretta, han skreiv manus og musikk, og for ti år sia var det urpremiere på bergverksspelet «Eplene i Messehagen», og sia har det annakvart år blitt framført framom det ruvande gruvetårnet som står som eit monument, og sår, etter ei tid som definitivt er borte. I år er det tiårsjubileum og altså sjette gongen spelet blir framført, og nokså beskjemma må eg melde at det er først i år at eg har fått høve til å sjå det.

Det heilt spesielle med gruvesamfunna samanlikna med det meste av annan norsk nittenhundretals industri, er at dei låg på små stader der det tidlegare i beste fall berre var litt jordbruk, men knapt annan busetjing. Her var såleis lite av infrastruktur som vegar, skule, helsestell og anna som må til for å få eit samfunn til å fungere. Frå inkje vaks desse plassane på stutt tid opp til å ha fleire tusen innbyggjarar og hundrevis av tilsette. Slike einsidige industristader blei company towns der gruveselskapet stod for det meste, og der dei fleste budde i verkets hus. Å skaffe arbeidskraft lokalt var langt frå tilstrekkeleg, og samfunna blei ein smeltedigel der arbeidarane ofte var ei herleg blanding av tilreisande rallarar, svenskar og bygdas eigne. Kulturelt og politisk førte dette til mye spennande. Den særs einsidige næringsstrukturen førte på same tid til store klasseskilnadar, og medan Norge i etterkrigstida blei meir og meir egalitært, var dei gamle klassemotsetnadane langt meir synlege i gruvesamfunna. Og dei blei faktisk halde ved like både av arbeidarane og dei kondisjonerte.

Rasmus Rohde tek oss attende til 1960, ei tid då sosialdemokratiets samarbeidsideologi i stor grad hadde vunne fram, også på høgresida i politikken. Men i Malm budde framleis arbeidarane i småkårshus i «Korea» på eine sida av elva medan funksjonærane budde i villaer i «Latterlia» på andre sida, og der dei mora seg i danna selskap i direksjonsboligen «messa» medan arbeidarane song i kor eller dreiv med revy. For ikkje å snakke om deltakinga i gruvearbeidarforeininga, ei avdelinga av det eingong så stolte Arbeidsmandsforbundet. Sjølv om ungane gjekk på same skule, var det relativt vasstette skott mellom arbeidar og funksjonær. Og klassehatet var meir enn synleg.

STOLT OG KOMPROMISSLAUS: Walter er kommunist og aktivist, medan kona Mildrid er meir forsonande. FOTO: JOHAN ARNT NESGÅRD

Blant dei mange gruvearbeidarane i denne historia er den innvandra svenske kommunisten Walter Jønsson (Joakim Nätterqvist) og kona hans Mildrid (Evy Kasseth Røsten), samt dei to døtrene deira og sonen Anton (Vetle Røsten Granås). Walter er ein stolt, men samstundes fullstendig kompromisslaus aktivist som ikkje går av vegen for å nytte nevane om argumenta hans ikkje strekk til, medan Mildrid er langt meir forsonande, Og medan Walter dyrkar gamle arbeidarsongar og Paul Robeson, er den fjorten-femten år gamle sonen Anton meir opptatt av Jussi Björling og ein draum om sjølv å kunne bli operasongar. Det blir sjølvsagt kulturkollisjon, og for dei som hugsar filmen om den engelske gruvearbeidarsonen Billy Elliot, er det mye av same tematikken.

Inn i dette vesle mikrokosmos av eit samfunn kjem det flyttande ein ny funksjonærfamilie. Henrik Stenersen (Andreas Ven Langø) er nytilsett ingeniør, medan kona Eleonore (Eir Inderhaug) er tidlegare operasongar som har godtatt å bli med på lasset på grunn av dei særs gode økonomiske vilkåra mannen har fått. Men saknet av opera og kultur er openbert og blir kompensert med i meste laget alkohol. For dotter deira, Kate (Rebekka C Opdal), blir møtet med klassesamfunnet, og ikkje minst klassehatet sjokkerande, og ho blir eit mobbeoffer som går mye åleine.

ARVESYND: Det nedarva klassehatet gjorde at det heller ikkje var lett å vere borgarunge. FOTO: JOHAN ARNT NESGÅRD

Men så møtest Kate og Anton, han får etter kvart songundervisning av Eleonore, syner seg å vere ein uslipt diamant, og blir beden om å synge på funksjonærfest i messa. Det er sjølvsagt klassesvik og uhøyrt for Walter, og betre blir det ikkje av at det ikkje berre er song, men også søt musikk mellom Kate og Anton i eit håplaust og fullstendig ulovleg kjærleiksforhold som ein moderne Romeo og Julie. Korleis det vidare går, skal eg ikkje røpe, men som bergverkshistoria, er også denne historia ganske mollstemt og utan ein tradisjonell happy ending.

Regissør Paul Ottar Haga og forfattar Rasmus Rohde presenterer historia i retrospekt der den aldrande Anton (Ståle Bjørnhaug) ser attende på livet og gruvesamfunnet, og lever som ein slags museumsforvaltar eller snarare ruinforvaltar i det som er att av gruva etter at alt blei lagt ned. Så kjem den like aldrande Kate (Britt Langlie) heim for å gravleggje si gamle og alkoholiserte mor, og i møtet mellom dei to som i femti år har gått heilt ulik vegar i livet får vi nøsta opp både historia til dei to små familiane og i store trekk også gruvesamfunnet.

Rohde har gjort imponerande god research og fått fram eit vell av fine nyansar og detaljar i miljøskildringa frå sekstitalets Malm. Dette kan eg seie fordi eg som meldar denne gongen er langt frå gild, – eller kanskje er det nettopp det eg er. Eg vaks opp og hadde ungdomstida mi på Verket i Folldal på det same sekstitalet, og det Rohde fortel frå Malm, kunne like gjerne ha skjedd i heimbygda mi der vi også budde på kvar vår side av bekken, der det var staselege selskap i direksjonsboligen, som til liks med den i Malm hadde eigen tennisbane, og der klasseskilnadane var eit sjokk for ein elleveåring som kom flyttande frå eit ganske egalitært Oslo. Det var såleis nummeret før eg kjende att lukta av svovelkis.

Det er eit mektig epos som blir rulla ut framfor gruvetårnet i ein scenografi der Erlend Haga både greier å nytte tårnet og dei gamle bygningane, skinnegang og gamal infrastruktur samstundes som han har greidd å få fram heimane til dei to familiane vi følgjer, og også elva som ein metafor for klasseskiljet. Rasmus Rohde er ein framifrå låtskrivar, og har skrive ei rekkje songar som blir framført både stillferdig og mollstemt som små balladar, og i store imponerande velkoreograferte masseopptrinn med heile fire songkor. Eg gjekk i surr i teljinga, men på det meste verka det som det var nærare hundre statistar på scena, og at Paul Ottar Haga har fått dei til å framstå så synkroniserte med etter det eg vil tru er relativt stutt prøvetid, er imponerande.

KOMPENSASJON: Alkoholen kan bli ei trøyst når ein operasongar må bli med på lasset til det som neppe er verdas navle. FOTO: JOHAN ARNT NESGÅRD

Dei profesjonelle skodespelarane er alle botnsolide og tydelege i rolletolkingane sine, og Eir Inderhaug synte at ho ikkje berre er ein framifrå operasongar, men også ein særs god skodespelar i ei overtydande og truverdig tolking av funksjonærfrua som trass i relativ rikdom også på sitt vis var blant dei undertrykte. Og så må eg ta fram rolletolkingane til dei to unge hovudrolleinnehavarane, Anton og Kate. Rebekka C Opdal er akkurat så sjenert og blyg som ho skal vere, og formidlar på utmerka vis at det kunne vere minst like vondt og vanskeleg å vere borgarunge i eit slikt klassesamfunn. Og i samspelet med Anton blir det mange gripande og magiske tablå. Vetle Røsten Granås har eit nærvær og ei utstråling som gjer han til det sjølvsagte midtpunktet også i store masseopptrinn. Han er trygg i rolla, tar tida han treng, og syner eit stort kjensleregister, særleg når faren i eit raseriutbrot øydelegg heile platesamlinga hans. Og så er det heilt rett som Eleonore seier, – han er eit stort songtalent og nokre av framføringane hans var til å grine av.

Tittelen «Eplene i Messehagen» er ein metafor for dei forbodne epla i hagen til direksjonsboligen, ein populær plass for å dra på slang for arbeidarungane. Rasmus Rohde har brukt mye tid på å lage forklarande og tidsriktige miljøskildringar, og dei fleste av dei er både gode og korrekte. Men han blir tidvis for omstendeleg, og første akt er nok i litt for stor grad ein transportetappe der for mye skal med, og der det tek i lengste laget før vi kjem til den eigentlege handlinga. Ei dramaturgisk innstramming kunne nok ha vore på sin plass. Men opningsscena var eit døme på det motsette der ein kanskje skulle ha nytta litt meir tid. Vi får alarmklokker, raude lys og ei ulukke der arbeidarane hastar ut av gruva med ein kollega som har klemt seg helselaus. Dette er Anton Jønsson, og hendinga er viktig for både forteljing og seinare framdrift, men kunne ha vore formidla tydelegare. Gruva var ingen helsestasjon, ulukkene var mange, og bak det heile truga den snikande silikosen, lungesjukdomen som tok livet av, eller øydela det for hundrevis av gruve- og tunellarbeidarar. Eit stykke ut  handlinga forstår eg at ulukka til Anton kanskje var meir øydeleggjande og viktig for livsvala hans enn opningsscena skulle tilseie.

Med «Eplene i Messehagen» har gruvesamfunnet Malm fått eit litterært og scenisk monument som dei kan vere umåteleg stolte av. Men sjølv om dette er historia om to familiar ved Fosdalen Bergverk, har det også langt meir ålmenn interesse. For dette er samstundes historia om klasseskilja, konfliktane, dagleglivet og tilværet for folk i alle dei nedlagde gruvesamfunna i dette landet. For ein gongs skuld veit eg faktisk kva eg snakkar om, for det meste av dette kunne like gjerne ha skjedd i Folldal, på Løkken, i Skorovatn eller i Sulis. Det er klårt at det er spesielt og gir ein eigen autentisitet at det heile blir spela ved gruvetårnet i Malm, men dette er ei teateroppsetjing som burde ha interesse for alle som har vakse opp i eller i nærleiken av eit gruvesamfunn.

Leave a Reply