Når alt går gale

TEATER

FORSONING: Capulet og Montague eller Sør- og Nord-Trøndelag i ekteskapleg harmoni. Men kva lurer bak neste sving? FOTO: AMUND GRIMSTAD

Trønderfår – sammen i flokk»
Rabarbrateateret, Rabarbraparken, Bakklandet
Av Thorunn Wikdahl
Regi: Thorunn Wikdahl
Komponist og musikar: Egil Strand Wikdahl
Scenografi: Marie Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Koreografi: Susann Edvardsen
Med: Eva Næss, Kathrine Strugstad, Espen Anthun Børø, Steffen André Fagerbakk, Sindre J. Karlsholm, Ingvild Meland, Ibrahim Fazlic, Vigdis Knudsen Moe, Ingrid Lode, Stian Hovland Pedersen, Egil Strand Wikdahl og Elise Kvam Thesen.

Etter ei alt for omstendeleg innleiing fekk omsider Rabarbrateateret kome tilbake til røtene i andre akt og syne kor artig hjelpelaus og uhøgtideleg herjing med klassikarane kan vere.

Rabarbrateateret er eit uvanleg upretensiøst og lite sjølvhøgtideleg teaterlag som har gjort det til tradisjon å lage bakgardsteater på Bakklandet rundt olsok. Det er ikkje noka uttalt målsetjing, men eg har dei mistenkt for å lage skikkeleg rølpeteater litt i opposisjon mot ein del av det noko meir pompøse som finn stad på Stiklestad og rundt Nidarosdomen i desse dagane. For det er nettopp det hemningslause og tidvis ganske spinnville som har gjort ein del av desse oppsetjingane så sjarmerande. Særleg vann dei nok eit stort publikum for nokre år sia då dei herja som villast med William Shakespeares tekstar. I fjor freista dei å skrive noko sjølv, ei kortreist historie om kampen for å bevare Bakklandet, men det blei ikkje like vellukka. I år er det også ei sjølvlaga historie, men med sterke islett av den gamle herjinga med Shakespeare, og i den grad prosjektet kjem i hamn i år, skuldast nok det mest delane der dei lener seg på gamle William.

Dei siste par åra har vore prega av kommune- og fylkessamanslåingar over ei låg sko, og siste ord er neppe sagt i denne striden. Mange tvangsekteskap er det blitt, men i Midt-Norge har det gått relativt roleg for seg då Nord- og Sør-Trøndelag fann kvarandre og gifta seg for eit halvår sia. Om det var ekte kjærleik er kanskje noko uvisst, men det var langt frå så arrangert som det vestlendingane og folka rundt Oslofjorden opplever. Thorunn Wikdahl har skrive ein romantisk parafrase over dette, og sjølv om mange for lengst har vore innom temaet, er det vel første gongen det er blitt teater av det.

Fylkeskommunen (som er blitt eit komisk ord i seg sjølv etter Bård Tufte Johansens mange parodiar) var vel faktisk oppdragsgjevar for den etter kvart kjempepopulære musikkvideoen «Trønder» frå juni i år. Dermed var det vel berre rett og rimeleg at ein representant frå det nye fylket ville ha eit skodespel for å få også scenekunsten til å markere samanslåinga. Slik opnar denne teaterframsyninga, og den lett oppglødde regissøren, som ser for seg rikeleg med offentlege midlar, tar på seg oppdraget jamvel om det skal vere presentabelt på berre ein månad. (!) Audition blir halden, og her er det verkeleg sosialdemokratisk teater ettersom alle skal med uakta kor hjelpelause dei er på scena. Vi får presentert eit produksjonsteam med store indre konfliktar og rivaliseringar, og ein gjeng skodespelarar med sjølvbilde i fullstendig utakt med eigen kompetanse. Og dei som må lite på offentlege middel, veit at det som oftast kan bli budsjettkutt, og kanskje særleg når det gjeld kulturelle føremål. Slik også her.

Alt dette kunne ha skjedd, kanskje ikkje alt på ein gong, men trass i at det meste er karikert, vil nok dei fleste kunne kjenne att ganske mye. Så her er masse å ta tak i og lage god situasjonskomikk av. Men humor er ikkje lett, og første akt i denne framsyninga er ei langdryg affære der lite skjer og der dei gode replikkane og poenga blir erstatta av grovt overspel. Unnataket er Ibrahim Fazlic som kanskje ikkje seier så mye, men flørtar hemningslaust med publikum og som har eit kroppsspråk og ein diskret mimikk som reddar det heile, nettopp fordi han er milevis frå å overspele.

BALKONGSCENA: Kanskje meir Verdal enn Verona? FOTO: AMUND GRIMSTAD

Etter første akt, var det med bange kjensler eg benka meg att etter pause, men nå var dei offentlege tilskota borte og ensemblet måtte berge seg på eigen hand og syne kva dei hadde fått til, – eller ikkje fekk til, for å seie det slik. Etter famlande prøver var dei nå endeleg kome til premiere, uakta kor uferdige dei var. Og så opplevde vi at framsyninga faktisk både tok av og nærma seg gamle Shakespearehøgder. Det skuldast i hovudsak at oppsetjinga forlét det litt traurige narrativet, og i staden presenterte historia om samanslåinga av trønderfylka som ein parafrase over Romeo og Julie. At samanlikninga er litt søkt både med tanke på fiendskap og forbode kjærleik, og på at ekteskapet for dei to unge elskande ikkje var særleg levedyktig, er heilt uvesentleg. For her fekk Rabarbrateateret leike seg med pompøst overspel, snuble i både replikkar og eiga hjelpeløyse og syne kor mye god situasjonskomikk det kan kome ut av upretensiøst rølpeteater der alt, og litt til, går gale, og der til og med seaking-helikoptra frå redningstenesta fekk vesentlege statistroller.

Leave a Reply