Parallelle historier

TEATER

AURORA BOREALIS: På forbløffande enkelt vis tryllar Trond Peter Stamsø Munch fram eit pulserande nordlys, på same vis som han lagar eit utal særs illustrerande lydeffektar. FOTO: MARTN EILERTSEN

«Tidens korthet»
Trøndelag Teater, Teaterkjellaren
Av Lars Saabye Christensen – i samarbeid med Egill Pàlsson, Tale Næss og Trond Peter Stamsø Munch
Regi: Egill Pàlsson
Musikk: Hildur Guðnadóttir:
Med: Trond Peter Stamsø Munch

Eit personleg og intenst forteljarteater om ei firehundreår gamal historie som også grip inn i forteljarens eige liv og dagen i dag.

Som ung gut i Tromsø, fann Trond Peter Stamsø Munch ein dag Thorkild Hansens biografi «Jens Munk» i bokhylla, og undra seg på at namnet var skrive feil. Faren til Trond Peter heitte Jens Munch, og hadde ikkje noko med den andre Jens å gjere, men slik var nyfikna til Trond Peter vakt, og rundt førti år seinare er det, med hjelp av forfattar Lars Saabye Christensen, regissør Egill Pàlsson og dramaturg (og kone) Tale Næss, blitt teater av det heile. Framsyninga er ein samarbeidsproduksjon med Hålogaland Teater, og hadde urpremiere under festspela i Nord-Norge i juni i år, og etter berre ei framsyning i Harstad, er ho nå sett opp i teaterkjellaren på Trøndelag Teater der ho skal visast i to veker framover.

Jens Munk var født i Barbu ved Arendal i 1579 som «uekte son» av adelsmannen Erik Munk som seks år etter blei fengsla for «horeriet», og som døydde i fengselet. Jens reiste til sjøs alt som 12-åring, steig raskt i gradane og gjorde ganske stor karriere. I mai 1619 la han ut frå København med fregatten «Enhjørningen» og jakta «Lamprenen» og ei besetning på 67 mann. På oppdrag frå Christian IV skulle dei finne Nordvestpassasjen, snarvegen til Kina. Så viss på at dette skulle lukkast var han, at mannskapet ikkje hadde med seg klede for den arktiske vinteren. Når vinteren kom ville dei alt vere i Kina, meinte han. Slik gjekk det sjølvsagt ikkje, dei måtte overvintre i Hudson Bay, ein plass Jens Munk kalla Munkehavn, og vinteren var hard. Då våren kom, var 64 avlidne, og det såg stygt ut også for kapteinen. Men på mirakuløst vis greidde han seg, og saman med dei to andre overlevande segla dei jakta «Lamprenen» på minst like mirakuløst vis heimover. Og under over alle under nådde dei Bergen og etter kvart København hausten 1620 der dei langt frå blei møtte som heltar, men tvert om fengsla for å ha øydelagd kongens eigedom. Fire år seinare skreiv Munk ei bok om reisa. Så blei det ganske stille om han før den danske forfattaren Thorkild Hansen i 1965 skreiv biografi om Jens Munk, og boka blei omsett til norsk i 1976.

Denne boka er det altså ungguten Trond Peter Stamsø Munch blei fascinert av, og som saman med innvovne historier om dagens Arktis og ikkje minst om faren, den legendariske og namngjetne fyrste fylkeskonservatoren i Troms, Jens Storm Munch (1927 – 2008) er blitt eit intenst og gripande forteljarteater der scenografien er fantastiske lydkulisser laga i sanntid der og då.
Publikum blir utstyrte med hovudtelefonar, og på scena er det stort sett berre Trond Peter Stamsø Munch, eit miksebord, og diverse enkle remediar som kan lage lydar. Vi får instruksjon om bruk av headsetta, og om at dei på signal skal takast av og på, og så er vi i gang. Munch fortel historia kronologisk frå si eiga oppdaging av Hansens biografi, ungdomens fascinasjon for seglskuter og forholdet til faren før han tek fatt på den eigentlege biografien, men heile tida med innvovne og ganske saumlause avstikkarar til nåtida og til hans eigen far.

Scena er så godt som nake, berre ein torso som kan illudere sjøkapteinen, miksebordet og nokre kasser til å lage lyd av. For dette er sceneversjonen av høyrespel og radioteater. Hildur Guðnadóttir gir godt tonefølgje på cello, men utanom det, blir alt laga av Munch der og då. Ved å dunke med kassar, blåse i mikrofonen, rasle med papir, og meir til, samstundes som han samplar både eigen tale og lydane, skapar han eit univers der vi kjenner vind, kulde og håpløysa på kroppen. Eit par visuelle effektar er også med, slik som røykkanonen som gir oss eit skoddehav der det er umogeleg å navigere, også fordi området er rett over den magnetiske nordpolen. Og den enkle men fantastiske illusjonen av nordlyset som han skapar med ein lyskastar og ein rull cellofan!

Framsyninga er sjølvsagt først og fremst forteljarteater. Og med fleire gode og parallelle historier der hovudforteljinga også er særs dramatisk, blir det ei sterk og særs gripande oppsetjing. Men ettersom Munch nyttar så mange målande effektar (utan at dette er i nærleiken av effektmakeri), blir det ei historie med mange lag, og også ganske personleg. Særleg er dødskampen til Jens Munk i nokre junidagar i 1620 så sterkt formidla at eg var overtydd om at no var det slutt. Men det var det altså ikkje. Om eg skal trekkje fram ei lita innvending, må det vere at i denne sekvensen var det også fletta inn litt om Erik Munks svik då han ikkje gifta seg med mora til Jens. Dette blir framstilt som ei slags arvesynd for den døyande Jens, og det blei for denne meldaren litt søkt.

Lars Saabye Christensen har skrive ein diktsyklus inspirert av biografien om Jens Munk, men den endelege sceneteksten er eit samarbeid mellom fleire, der Trond Peter Stamsø Munch openbert har ein stor eigardel, for her var mange små personlege, og ikkje minst oppdaterte historier, anekdotar som faktisk kan endre seg frå dag til dag. Regien er ved Egill Pàlsson, og det skal etter det eg får opplyst, vere fyrste regioppgåva hans i Norge. Han har laga eit særs tett forteljarteater som stort sett greier å halde oppe intensiteten i dei nitti minutta dette varer. Kor mye som er god personinstruksjon og kva som er god framføring, er uråd å seie for meg, men det viktige for publikum er det framifrå resultatet.

«Tidens korthet» er, trass enkle middel, blitt ei særs mangefasettert framsyning med mange lag, og der vi på fascinerande vis blir tatt firehundre år attende samstundes som vi får både ei personleg og parallell historie frå forteljaren, og ikkje minst anekdotiske sprang til dagens Arktis, klimaendringar og endra vilkår både for storpolitikken og skipstrafikken. «Gud er gjerrig og djevelen generøs» seier Jens Munk i dødskampen i junidagane 1620. Dette er ei framsyning som er gjerrig på utstyret, men særs generøs på formidlinga.

Leave a Reply