Visst gjer det vondt

TEATER

TETT: Inderleg samspel mellom far og dotter. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Om våren»
Rogaland Teater, Teaterhallen
Av: Karl Ove Knausgård
Dramatisering, regi, scenografi og videodesign: Anders T. Andersen
Komponist: Adrien Munden
Lysdesign: Karl Oskar Sørdal
Kunstverk: Dag Alveng, Tom Sandberg, Per Maning og Geir Yttervik
Med: Torbjørn Eriksen, Eili Harboe, Ragnhild Arnestad Mønness, Marianne Holter, Ragnhild Tysse og Roar Kjølv Jenssen

Ei imponerande, poetisk og vakker dramatisering, velspela og gripande.

For dei som har lese Karl Ove Knausgårds roman «Om våren», er det vanskeleg å forstå at ei beretning om ein dags hendingar, fortald som eit brev til forfattarens tre månader gamle dotter, skal vere mogeleg å dramatisere. Boka handlar om alle dei trivialitetane som til saman utgjer livet vårt, og er i røynda ein kjærleikserklæring både til forfattarens næraste familie, og til livet. Alt fortald lågmælt og med stadige digresjonar frå det siste året før denne vårdagen for fire år sia. Men med botnsolid tillit både til tekstgrunnlaget, og ikkje minst til publikum, har Anders T. Andersen greidd å skape ei framsyning som både står på eigne bein og som samstundes har med seg stemningane frå boka. Det er blitt ei vakker, kontemplativ, dvelande og velspela oppsetjing med mange gode regigrep.

Romanen handlar om forfattarens kvardag ein vårdag i 2014, åleine med tre barn på ti til seks, og ei nyfødt dotter på berre tre månader, medan barnas mor er innlagd på sjukehus med tunge depresjonar etter eit sjølvmordsforsøk. Dette er ein fars kamp for å strekkje til, og samstundes ei særs poetisk framstilling av det kvardagslege og det som i utgangspunktet korkje er spennande eller dramatisk, men likevel så eksistensielt.

Anders T. Andersen har vald å lage tilnærma forteljarteater der far (Torbjørn Eriksen), mor (Ragnhild Arnestad Mønness) og ei lenke av andre stemmer utfyller kvarandre som forteljarar, og dét berre med særs varsam dramatisering. Det viktigaste grepet er at yngstedottera, som eigentleg berre er eit spedbarn (Eili Harboe), er blitt halvvaksen, tek del i handlinga, kommenterer og utfordrar henne som om dette blir fortald i retrospekt femten år seinare. Dette regigrepet er særs vellukka og gjer framsyninga til noko langt meir enn reint forteljarteater. Avgjerande er det også at Harboe er så inderleg, men samstundes diskret til stades med talande mimikk og små kommentarar. Andersen har lagt framsyninga på eit lågmælt nivå der orda får høve til å søkke inn. Personinstruksjon og spel, for ikkje å seie ensemblespel, er framifrå. Torbjørn Eriksen er særs truverdig som den tidvis ganske fortvila faren, og det er ikkje vanskeleg å sjå både desperasjonen hans og samstundes varmen og omtanken for dei næraste. Og på same tid den litt irrasjonelle men høgst forståelege redsla for barnevernet. Det nesten underspelande nærværet til Ragnhild Arnestad Mønness gjer barnas mor til eit heilt og sjølvstendig menneske, og ikkje berre ein diagnose. Dei øvrige tre på scena går ut og inn av ulike forteljarroller på synkront og utfyllande vis. Og frå den rikhaldige floraen av røynde barnetalentar i Barne- og ungdomsteatret, har Rogaland Teater henta inn tre dyktige ungar til å spele barna.

Scenografien, som også er signert Andersen, er ein nøkternt utstyrt black box med eit bakteppe der vi får sjå illustrerande og særs vakre projeksjonar av tre kunstfotografar og ein målar. Saman med nydeleg, men aldri påtrengande bruk av musikk og song, gjer dette framsyninga til eit lite kunstverk i seg sjølv, sanseleg, vakkert, og ikkje minst sårt. Særs sårt. Det er vår og det nye bryt fram, og visst gjer det vondt. Men på same tid er dette ein umåteleg poetisk og varm kjærleikserklæring til livet.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 5. mai 2018.)

Leave a Reply