Avskil på fleire plan

TEATER

NÆRT: Ei nyfiken ungjente (Mareike Wang), og ei avmålt bestemor (Gretelill Tangen) nærmar seg forsiktig kvarandre. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«3. august 1964»
Rogaland Teater, Intimscena
Av: Tore Renberg
Regi: Arild Østin Ommundsen
Scenografi: Arne Nøst
Med: Gretelill Tangen og Mareike Wang

Eit varmt og intimt lite kammerspel der det er ein del premiss ein berre må godta.

Det er måndag 3. august 1964, første dag etter ferien, og 13 år gamle Dordi (Mareike Wang) er forkjøla og held senga. Mor og far er opptekne med eitt eller anna, og bestemora, Lydia Kaspersen (Gretelill Tangen) tar seg av jenta fram til ho sjølv skal gå på arbeid. Slik tar denne vesle einaktaren til, eit bestillingsverk Tore Renberg har skrive på rekordtid som ei avskilsframsyning for Gretelill Tangen som i ein alder av 68 og etter formidable 62 år på scena, nå takkar av som skodespelar. Det er blitt eit lågmælt lite intimteater, spesialskrive for Tangens sterke sider som skodespelar, det indikerande og det stillferdige, og framsyninga byr på mange velskildra situasjonar og mye god dialog, avdekt nivå for nivå gjennom Arne Nøsts enkle lagdelte scenografi. Men produksjonen er heller ikkje utan ein del viktige problem.

Det handlar om avskil i dobbel tyding, og om det kanskje mest tabubelagde i menneskelivet, om døden. Framsyninga er bygd opp som ei lagvis avdekking av løyndomar, men eg trur ikkje eg øydelegg for mye av opplevinga med eit stutt resymé. Dordi vil ikkje vere åleine heime, men vil i staden bli med bestemora på arbeid. Det blir først kategorisk avvist, før Lydia til slutt gir etter. Men Dordi får ikkje vite kva jobben til bestemora går ut på. Før det etter kvart syner seg at Lydia er tilsett i eit gravferdsbyrå med oppgåva å stelle lika, og spesielt dei aller yngste. Dette er openbert så tabubelagd at sjølv mor og far til Dordi ikkje veit det! Og her er vi ved framsyningas største problem. Denne meldaren er om lag like gamal som Dordi. Eg var i mi første gravferd i 1962, og jamvel om vi ikkje snakka så mye om døden, har eg vanskar med å kjenne meg att. Det er mogeleg det er store kulturskilnadar mellom det meir pietistiske Rogaland og innlandsbygdene på Austlandet, men eg greier rett og slett ikkje å tru på historia. Eit anna problem er alt det uforløyste og uforklårlege i handlinga, som at spørsmålet om kor foreldra er, heng som eit dystert og ikkje avklåra bakteppe over det heile, og at det ligg for lite i handlinga som rettferdiggjer at bestemora stadig gir etter for Dordis ønsker. Her er mye uforståeleg, men for å ha utbyte av framsyninga, får ein i staden berre godta premissa.

Gjer ein det, finn ein mange fine scener. Den store styrken ved denne oppsetjinga er samspelet og dialogen mellom Dordi og bestemora. Dordi er nyfiken og spør om alt. Ho er samstundes ung og direkte. Medan bestemora er av ein heilt annan skule, stram, bestemt, litt avmålt og ganske skarp i replikken, men likevel ikkje utan den varmen og kjærleiken som er varemerket til eit bestemorsfang. Dette har Renberg fått godt fram. Replikkvekslinga mellom dei to, medan lag for lag blir avdekt, er intens, varm, stillferdig og ganske underhaldande. Og det er to særs dyktige skodespelarar som står godt til kvarandre og som på framifrå vis får fram det på same tid både skjøre og robuste forholdet mellom ei bestemor og hennar barnebarn.

«3. august 1964» er trass sine problem blitt ein verdig sorti for Gretelill Tangen, og ei oppsetjing som på vart og forsiktig vis, men samstundes både humoristisk og innsiktsfullt, problematiserer døden, eit tabuemne vi er alt for lite flinke til å snakke om.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 8. mai 2018.)

 

Leave a Reply