Ei vise om sorg og elskov

TEATER

PLAKAT: Her skulle det ha vore eit bilde frå framsyninga, men Fotogjengen i Studentersamfundet er så gjerrige at dei ikkje ville levere frå seg foto utan å få betaling. Så Fotogjengen får skamme seg, og så får lesarane greie seg med utsnitt av plakaten.

«Skaff meg en synder»
Studentersamfundets Interne Teater, Knaus
Av: Morten Joachim
Instruktør: Birgitte Røhnebæk
Musikarar: Runar Nylende Huse (leiar), Jørgen Einarsen, Erik André Jakobsen og Isak Seltveit
Med: Mari Djuve, Sander Eide, Fredrik Vildgren og Frida Solberg.

Sårt, humoristisk, vakkert og trist om ungdom og oppbrot.

Studentersamfundets Interne Teater (SIT) har sett opp Morten Joachims suksessrike framsyning «Skaff meg en synder» om oppvekst i ei mjøsbygd på 50-talet, alt basert på Alf Prøysens noveller og ikkje minst songane hans. Framsyninga blei opphaveleg produsert av Teater Innlandet i 2012, og var så populær at ho blei sett opp att i 2014. Vi følgjer fire ungdommar Ragna (Mari Djuve), Pær (Fredrik Vildgren), Ingeborg (Frida Solberg) og Hjalmar (Sander Eide) gjennom kvardag og fest i eit femtital som hadde heilt andre utfordringar enn dei ungdommen møter seksti år seinare, men som kanskje ikkje er så forskjellige likevel. Og der fallhøgda på mange område var langt større enn i dag.

Dei fire er heilt vanlege landsens ungdommar på terskelen til vaksenlivet. Det er flørting, intrigar, fest og heimbrent, og samstundes draumar og lengt. Og medan utgangspunktet til dei fire er temmeleg likt, viser framsyninga at livet er mangfaldig og lagnadane ganske ulike. Slik syner det seg etter kvart at karaktertrekka deira også er. Pær, som kanskje den i utgangspunktet stusslegaste, står etter kvart fram som ein mann med ryggrad og ein som får skikk på livet, medan dei tre andre, som nok er meir leikne og utforskande, på ulike vis får ein tristare lagnad. Morten Joachims tekst er ei sjølvstendig historie, samstundes som han er ein parafrase over både «Trost i taklampa» og fleire av Prøysens noveller. I tillegg til at forteljinga greier å nytte mange av dei såraste og mest mollstemde songane til Prøysen på særs utfyllande og kommenterande vis.

Det er ein av dei mest uttrykksfulle av desse songane som opnar framsyninga, og som absolutt set den rette stemninga. Ragna og Ingeborg syng Slipsteinsvæilsen, passe sårt og med god innleving. Vi blir deretter gradvis introduserte for dei fire der relasjonane er ganske uklåre, også for dei sjølve, og der dei spelar på sjalusi og alle gamle triks (som sikkert framleis er like moderne) for å skape intrigar og for å få tak i den dei vil, eller som dei trur dei vil ha. Møtestaden er ungdomslokalet Fremad der Ingeborg får øvd seg på det som kunne ha blitt ein songkarriere, og der ungdommane drikk, dansar, flørtar og lever ut draumar og lengt.

Knaus er ei intimscene og når du i tillegg skal ha eit lite orkester der, blir det fort i trongaste laget og ganske utfordrande scenografisk. Dette har SIT freista å løyse ved særs aktiv bruk av spotar og hyppige skift frå tablå til tablå. I første akt blir det nok i meste laget, for mange tablå, og sceneskifta er ikkje alltid like synkrone. Spelet er også ganske nølande, men blir halde oppe av den noko meir røynde Mari Djuve som er overtydande trygg i rolla si. Sjølv om alle fire er dyktige songarar, er også songinnslaga noko ujamne. Det manglar ikkje på stemmebruk, men først og fremst tekstforståing og innleving. Tittellåten «Skaff meg en synder» er til liks med «Slipsteinsvæilsen» noko av det såraste Prøysen har skrive, og då krev det også at framføringa blir like sår.

Men det meste av kritikken frå første akt gjer ensemblet fullstendig til skamme i andre akta. Då er dramaturgien på plass, sceneskifta er ikkje så mange, og langt meir synkrone, og skodespelarane atskilleg tryggare. Livet kan ta så mange vegar, og det gjer det absolutt for desse ungdommane. Ingeborg hadde fortent ein langt betre lagnad, men greier å forsone seg med han sjølv om det tar litt tid. Vi føler verkeleg med henne når ho på inderleg vis, og faktisk så småsurt at det gir visa ein ekstra trist bluesdimensjon framfører «Visa om løgna», ei framføring til å grine av. Og når Pær får den naudsynte ryggmarksrefleksen av rettvise, mannar seg opp og les Hjalmar teksten, er det ei scene det gnistrar av.

«Skaff meg en synder» er ei vakker og trist framsyning som har litt startvanskar, men som i andre akt syner at SIT framleis kan levere scenekunst på ganske høgt nivå.

Leave a Reply