Kva om det er sant?

TEATER

FYSIKK: Ikkje berre fantasi, men også litt om fysikkens energilover. FOTO: RENEE ALTROV

«Physics and Phantasma»
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Av og med: Iggy Lond Malmborg
Dramaturgisk team: Erik Berg, Johan Jönson og Maike Lond Malmborg
Tekniske løysingar: Maike Lond Malmborg og Kalle Tikas

Ei intelligent og underhaldande beretning om varsla overraskingar.

Teatret er ei fantasiverd der forteljingar blir rulla ut og bilde blir skapte i hovudet til publikum. Vi går i teateret for å bli leidde inn i fiksjonen. Slik er kontrakten mellom publikum og teateret. Den svensk-estiske produksjonen «Physics and Phantasma» som hadde norgespremiere på Teaterhuset Avant Garden i helga, vil det litt annleis. Dette er ei metaframsyning om ei oppsetjing som i utgangspunktet ikkje har noko narrativ, men som i staden på intelligent, humoristisk og stadig overraskande vis fortel oss korleis forventingar og fantasiar blir skapte.

Iggy Lond Malmborg er åleine på scena, det vil seie i starten er han ikkje eingong det. Med eit nake rom og i fullt lys får vi røysta hans frå baksida av bakteppet der han presenterer sine eigne trivia. Gjennom den lett humoristiske og nesten litt naivistiske framføringa etablerer han alt i opninga ein kontakt med publikum som han dyrkar vidare og utviklar gjennom den halvannan time lange monologen, og stundom tagnaden, som denne framsyninga er. For når han endeleg kjem fram i scenerommet, er det heilt tyst, medan han set augo i publikum og ser nærast rett gjennom oss. Men så bryt han tagnaden og tar til med forteljinga (på engelsk) om skodespelaren og hans endelause flaum av ord.

Denne framsyninga har inga handling eller forteljing. Ho er snarare ei utforsking av ulike forteljingar og kva om dei skulle vere sanne. Det er ein repeterande monolog som går i ein slags loop, og som heile tida tar til på nytt, men som samstundes utviklar seg litt forskjellig. Det er ein tekst som openbert må endrast frå dag til dag, for her handla det lenge i hovudsak om Teaterhuset Avant Garden, vår entre i salen og dagen i dag. Med mye humor legg han opp til kva som skal skje, eller kan skje. Jamvel om vi er budde, gjer det at framsyninga blir ei blanding av overraskingar og déjà vu. Eg skal halde meg langt frå å røpe kva som skjer, eller kan skje, men heile tida handlar det om fantasien vår, i kor stor grad vi kan styre han, og om alt og inkje frå det særs trivielle daglegdagse som han greier å gi ein aura av noko meir, og til dei inste og styggaste krokane i menneskesinnet. Malmborg er openbert både godt kjend med og velskolert i ulike teaterteknikkar for her leikar han seg med dei, kommenterer dei og brukar dei som overraskingsmoment. I tillegg nyttar han seg av ein humoristisk og aktiv kommunikasjon med publikum utan at han gjer det spesielt interaktivt.

Dette er ei framsyning så annleis at det er uråd å fortelje lesaren så mye meir konkret om kva ho handlar om og utforskar, men det er ikkje ofte at eg i så stor grad let meg sjarmere av ei oppsetjing som samstundes utfordrar både fantasien og ettertanken min.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 13. mars 2018)

Leave a Reply