Haust i menneskesinna

TEATER

AVSTAND: Det er ikkje berre fysisk at avstanden er stor mellom mor og dotter. FOTO: MAGNUS ROALDSET FURSET, THING KOMMUNIKASJON

«Høstsonaten»
Teatret Vårt, Plassen, Molde
Av: Ingmar Bergman
Omsett av: Axel Amlie
Regi: Terje Skonseng Naudeer
Scenografi og kostyme: Thomas Bjørnager
Lysdesign: Finn Landsperg
Med: Vivi Sunde, Johanna Mørck, Bjørnar Lisether Teigen og Michelle Heedal

Ei vakker og poetisk framsyning der tekst og spel får stå i sentrum.

Det er hundre år sia Ingmar Bergman, ein av dei største film- og teaterregissørane i førre hundreåret, blei fødd. Teatret Vårt i Molde markerer jubileet ved å setje opp sceneversjonen av «Høstsonaten», filmen Bergman laga for 40 år sia med Ingrid Bergman og Liv Ullmann i hovudrollene. Eit lite kuriosum er det at filmen faktisk blei spela inn i Midsund og Gjemnes rett utanfor Molde. Filmen er blitt ikonisk, og det var ikkje før i 2002 at den første sceneversjonen hadde premiere. I Norge er stykket berre sett opp ein gong tidlegare, på Oslo Nye Teater i 2009. Det er ikkje heilt uventa, for når så mange menneske har eit tett forhold til filmen, kan det vere vågalt å gjere sceneversjon av han. Men Teatret Vårt og Terje Skonseng Naudeer vågar, og dei har laga ei poetisk og vakker framsyning som på godt vis får fram dei indre og ytre konfliktane i dette tette familiedramaet.

Charlotte Andergast (Vivi Sunde) er ein feira og verdskjent konsertpianist som har ofra det meste for karrieren. Nå er Leonardo, hennar sambuar dei siste åra, død, og etter sju års fråvær vender ho heim til dottera Eva (Johanna Mørck) som etter nokre turbulente år fann roa med presten Viktor (Bjørnar Lisether Teigen) på ein avsidesliggjande prestegard. Dei fekk etter kvart sonen Erik som fire år gamal døydde i ei drukningsulykke utan at Charlotte reiste heim for å ta del i korkje fødsel eller gravferd. Når ho nå endeleg vendar heim, får ho til si store overrasking også vite at Eva har henta heim syster si, Helena (Michelle Heedal), som er sterkt fysisk og psykisk sjuk, og som Charlotte i si tid fekk plassert, i tydinga gøymd bort, på ein institusjon.

Spente og noko nølande, men tilsynelatande hjartelege, møter mor og dotter kvarandre, pratar forsiktig og relativt overflatisk medan vi stadig får små teikn på at det openbert ligg meir bakom fasadane. Gjennom eit tett kammerspel som omfattar berre eit drygt døgn byggjer situasjonen og dramaturgien seg opp, skjeletta tar til å ramle ut av skapa, og det endar i ein særs sterk konfrontasjon i ei nattleg samtale mellom dei to. Medan filmen kunne lage illustrerande og stemningsskapande tilbakeblikk, har Terje Skonseng Naudeer freista å syne det same gjennom spel og dialog, og lukkast i stor grad med det. Når teksten er så god som i «Høstsonaten» er det godt å oppleve ein regissør som let orda gjere jobben. Scenografien til Thomas Bjørnager er fleire rom presentert enkelt gjennom ein stilisert konstruksjon og hyppig bruk av dreiescene. Litt for hyppig, etter mitt skjønn, for i denne ganske dvelande, lyriske og litt kontemplative oppsetjinga verkar dei mange sceneskifta ofte avbrytande og nesten støyande.

Naudeers regi er forsiktig og audmjuk, og han har greidd å skape ei stemningsfyld og poetisk framsyning der effektiv bruk av pianomusikk og fine lyseffektar set oss i akkurat den rette haustmodusen for å få innsikt i og forstå dei vanskeleg vala menneska gjer. Og ikkje minst korleis det blir når vi mot livets haust blir konfrontert med desse vala og freistar å gjere opp med oss sjølve. Personinstruksjonen er god, og særleg ved at det blir spela så avdempa og roleg, blir dette ekstra intenst. Charlotte Andergast er Vivi Sundes avskilsrolle etter meir enn førti år som skodespelar på Teatret Vårt. Med «Radio Don Quijote» frå i haust og nå denne produksjonen, set ho eit meir enn verdig punktum. Sunde er lita og spe, men spelar effektivt på det for å få fram kontrasten mellom ei verdskjend diva og det usikre og ganske forhutla mennesket som ikkje kjenner anna kjærleik enn den ho har til seg sjølv. Ei kvinne som ikkje skulle ha blitt mor, og som kanskje eigentleg ikkje hadde lyst til det heller. Nydeleg kontrastert og nesten underspela blir Johanna Mørcks tolking av Eva det stikk motsette av Charlotte. Ei roleg, fåmælt kvinne som tek ansvar, som ber på ufatteleg mye sorg, og som etter det endelege oppgjeret med mora blir overraska over seg sjølv og kva ho kan få seg til å seie.

«Høstsonaten» er blitt ei lågmælt og nesten lyrisk framsyning om kor lite det tel å gjere suksess når du ikkje meistrar det meir kvardagslege ved å vere menneske.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 5. mars 2018)

Leave a Reply