Ytre og indre konfliktar

DANS

NÅDELAUST: Omkransa av 48 lysande «auge» er det vanskeleg å gøyme seg. FOTO: CHRISANDER BRUN

«I det fjerne, Troja»
Teaterhuset Avant garden, Trondheim
Av og med Magnus Myhr
Musikk: Bendik Giske
Scenografi, lys og kostyme: Chrisander Brun

Ekspressivt og sanseleg, men ikkje alltid like forståeleg om indre kamp mellom det maskuline og feminine.

Hausten 2014 sette multitalentet Magnus Myhr opp ei sterkt sjølvbiografisk framsyning han kalla «Jeg satt på en stein og så utover «havet»» i regi av Rebekka Nystabakk og Huy Le Vo. På eit humoristisk vis utforska Myhr oppvekst som homofil og litt annleis i det vesle bygdesamfunnet Klæbu rett sør for Trondheim der det er forventa at gutar spelar fotball, og ikkje er opptekne av dans, eller Hedda Gabler for den del. Det var ein lovande solodebut der han nytta både skodespel, tale, song og dans for å seie mye særs personleg om både kjønnsidentitet og utanforskap. I haust var Myhr med i «Goodbye Kitty», ei ungdomsframsyning på Teatret Vårt, også den av Rebekka/Huy, og nok ein gong om kjønnsidentitet og å få lov å vere seg sjølv. I oppsetjinga «I det fjerne, Troja» som hadde urpremiere på Teaterhuset Avant Garden i helga, har Myhr sjølv ansvar for både innhald, koreografi, regi og framføring, og i motsetnad til dei to førre er dette ei rein danseframsyning. Men temaet er framleis det same, om enn litt vidareutvikla og meir utforskande.

I ein black box med tre svarte veggar, berre open mot publikum, og omkransa av 48 lyskastarar lever Myhr ut sine ytre og indre konfliktar mellom det å kjenne seg som ein feminin person samstundes som han i det ytre framstår med veltrena maskulinitet. Fanga i lyset frå nådelause spotlights der det openbert er vanskeleg å gøyme seg, utforskar han med ekspressiv dans og ikkje alltid like tydelege metaforar frå greske tragediar, sine eigne indre konfliktar. I samspel med nyskriven og tidvis ganske suggererande musikk av Bendik Giske leverer han ekspressiv dans som vekslar mellom det nesten spastisk-hektiske og rolegare og meir poetiske parti.

For meg som ikkje er altfor røynd med å sjå og tolke dans, opplevde eg framsyninga først og fremst som ei litt vond reise inn i ein person som ikkje har det så godt med kroppen sin. Men frå det spastiske og sekvensar der eg las inn både brekningar og anna ubehag, kom det også parti der eg opplevde ei stadfesting og ein slags indre ro. Og det var i kontrastane mellom desse ulike stemningane at framsyninga for meg hadde sine sterkaste sider. Mye var vanskeleg å fatte, men grunnideen og bodskapen til Myhr var det aldri tvil om. Slik sett ble dette for meg meir ei visuell og sanseleg oppleving enn ei inngåande forståing av det Magnus Myhr ønska å formidle.

Framsyninga er ein co-produksjon og skal visast både på Teatergarasjen BIT i Bergen, RAS i Sandnes og Black Box i Oslo seinare i vår.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 26. februar 2018.)

Leave a Reply