Om å sjå og forstå

TEATER

UTSTØYTT: Gregor blir servert skjemd mat, og halden i eit søppelrom. Systera forstår han, men vågar ikkje gjere noko. FOTO: LARS ÅKE ANDERSEN

«Gutten som ble et insekt»
Hålogaland Teater, Scene øst
Av: Franz Kafka
Regi og bearbeiding: Eline Arbo
Scenografi og kostyme: Sarah Nixon
Maskedesign: Leo Thörn
Med: Gunnar Eiriksson, Maria Agwumaro, Kristine Cornelie Margrete Hartgen, Martin Karelius Østensen og Ida Løken Valkeapää

Ei særs spennande, kreativ og dyktig nytolking av ein klassikar som langt frå var skriven for ungar.

Det skjer mye spennande i norsk barneteater for tida. Oppsetjingar som tek barna på alvor og er laga på barnas eigne premiss, og stadige omskrivingar av gamle klassikarar for yngre målgrupper. Torsdag hadde Hålogaland Teater premiere på Franz Kafkas vidgjetne kortroman «Forvandlingen» med tittelen «Gutten som ble et insekt». Romanen opnar med at den handelsreisande Gregor Samsa ein morgon vaknar og er blitt eit ufordrageleg insekt. Gjennom ein relativt stutt tekst fortel Kafka om korleis familien og omgjevnadane reagerer, og ved å føre inn det surrealistiske ved ein slik ekstrem metamorfose, får han sagt vesentlege ting om utanforskap og om å vere annleis. Romanen er nesten profetisk med tanke på alt som har skjedd sia han kom ut i 1915.

Hålogaland Teater har tatt tak i historia, og følgjer henne i store trekk. Men medan Gregor i romanen er vaksen, bur saman med og forsørgjer foreldre og ei yngre syster, er han denne gongen åtte år, men framleis den mest aktive i det som er ein temmeleg typisk norsk kjernefamilie av i dag. Dei er hektisk opptekne med kvardagens utfordringar med stram timeplan, køyring til og frå trening, speidar og musikk. Ganske sjølvopptekne er dei også, og Gregor er den snille, pliktoppfyllande som må hjelpe både storesystera og foreldra.

Eline Arbo, sjølv frå Tromsø, men utdanna i Nederland i 2016, har så langt berre to produksjonar bak seg. Sjølv såg eg «Helvete er de andre» på Teatret Vårt i fjor, ein parafrase over Jean Paul Sartres «For lukkede dører», ei særs eksperimentell og spennande framsyning, og ein formidabel regidebut. Nå held Arbo fram med å dikte vidare på klassikarane, og nok ein gong er det både eksperimentelt, nyskapande, – og ikkje minst vellukka. For å leggje historia til rette for barn, har ho gjort eit par gode grep. For det første er alle bipersonane i boka fjerna, medan ho i staden har ført inn Kim (Ida Løken Valkeapää) som er Gregors lærar og kanskje den einaste som ser og forstår. Ho har fått ei forteljarrolle som gjer at det heile blir lettare å forstå, og ikkje minst at den ganske triste avslutninga likevel blir runda av med ein særs oppbyggjeleg epilog. Og så er det slik at Gregor oppfattar kva dei andre i familien seier, men dei forstår ikkje insektspråket hans. Dette har Arbo løyst ved å dele ut to sett hodetelefonar til publikum der ungane høyrer alt, medan Gregors tale blir forvrengt for dei vaksne. (Sjølv fekk eg jukse litt med å veksle mellom dei to.)

Framsyninga opnar i foajeen der Kim bur oss på det som skal skje. Så kjem vi inn i salen og får oppleve kvelden før forvandlinga. Gregor (Gunnar Eiriksson) er travelt opptatt med å gjere lekser, medan systera Grete (Maria Agwumaro) stadig avbryt han med påstandar om at han har vore på rommet hennar, faren Trond (Martin Karelius Østensen) skal ha hjelp til alt og inkje, og den særs sjølvopptekne mora Anita (Kristine Cornelie Margrete Hartgen) ikkje let han få fred eit sekund. Når det er tid for å leggje seg, og Gregor framleis ikkje har fått gjort leksene, får han kjeft for å ha somla! Eg trur det var mange ungar i salen som kjende seg att. Utmatta fell han i søvn, og vaknar altså morgonen etter som eit insekt.

Då får vi ei oppvising i utanforskap, forventningspress, neglisjering, fornekting, manglande vilje til å forstå og akseptere, og ikkje minst redsla for alt som er litt annleis. Arbo har laga ei framsyning der ho let døra til mogelege tolkingar stå vidopen, og det er eit godt val. For her er høve til å kjenne seg att på mange plan. Når det går opp for Gregor at dei andre ikkje forstår kva han seier, let han ikkje sjansen gå frå seg, til hylande latter frå ungane. Men når han verkeleg har behov for å bli forstått, og ikkje når fram, var det nok like mange i salen som kjende seg att. Og når Gregor som insekt likar skjemd mat, og blir fora med søppel, er parallellen openberr til behandlinga vår av alle som er annleis.

Arbo har vald å nytte mye overspel frå dei tre andre i familien, og det kan stundom bli litt i meste laget, men stort sett blir det godt balansert av Gunnar Eiriksson som gjer ein særs truverdig, mangefasettert og inderleg tolking av Gregor. Og i samspelet mellom han og Maria Agwumaro er det mange både vakre og såre scener. Systera forstod, men våga ikkje å seie frå, og lét seg i staden overtyde av foreldre som var meir opptekne av å glatte over og halde fasaden. Og når læraren kjem mot slutten, og både ser og forstår, er det diverre for seint.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 26. februar 2018,)

Leave a Reply