Overspel og plump humor

KOREOGRAFI: På sitt beste er Strømgren når han får skodespelarane til å gjere stilisert dans. FOTO: MARIUS FISKUM

KOREOGRAFI: På sitt beste er Strømgren når han får skodespelarane til å gjere stilisert dans. FOTO: MARIUS FISKUM

TEATER

«Nordens Paris»
Hålogaland Teater, Scene vest
Av: Jo Strømgren
Regi og scenografi: Jo Strømgren
Kostymedesign: Yngvar Julin
Lysdesign: Øystein Heitmann
Med: Ketil Høegh, Finn Arve Sørbøe, Kristine Henriksen, Trude Øines, Jonas Delerud, Jørn Fuller-Gee og Marius Lien

Eit umiskjenneleg og absurd Strømgrenunivers, men langt frå hans vanlege standard.

Det er Nordlysfestival i Tromsø, og opningsframsyninga er ein urpremiere på Hålogaland Teater. Jo Strømgren har laga fleire produksjonar for teateret tidlegare, og denne gongen er han hyra inn for å skrive og setje opp ei framsyning om byens kallenamn; «Nordens Paris». Men slik det ofte er i Strømgrens univers, blir det heilt annleis enn ein skulle tru.

Ein langt over gjennomsnittet ambisiøs ordførar i Tromsø (Ketil Høegh) og hans våpendragar og barndomsvenn (Finn Arve Sørbøe) får det for seg at byen må markere seg internasjonalt, og at det blir for smått å gå gjennom byråkratiet i Oslo. Utan særleg demokratisk ryggdekning, og på nokså sjølvstendig initiativ leiger dei like godt ei toppleilegheit i Paris for å opne Tromsøs ambassade i den franske hovudstaden. Til opninga har dei invitert både president Macron og eit par av statsrådane hans. Og ettersom dei er i Frankrike, har dei tatt med seg eit par norske damer (Kristine Henriksen og Trude Øines) for å mørne dei franske politikarane. Dei har ville vyar for eksportnæringa og startar med 40 tonn kvalkjøt i tillegg til litt heimelaga Tromsøpalmevin. Som lesaren forstår, er det ei fullstendig absurd, ellevill og heilt uhandterleg historie Jo Strømgren tek oss med på, slik han ofte har gjort før.

Scenografien, som kanskje er det mest vellukka ved denne oppsetjinga, er ei toppleilegheit i sjuande etasje utan heis og med ein liten takterrasse. Her held dei fire håpefulle Tromsøværingane til medan dei bur seg på ambassadeopning og celebert besøk, samstundes som ein amorøs fransk nabo med fartstid frå framandlegionen (Jonas Delerud) og ein skorsteinsfeiar som også har andre agendaer (Jørn Fuller-Gee), forstyrrar førebuingane. Som i mange av Strømgrens andre produksjonar, snakkar dei to eit språk ingen forstår, men som denne gongen fonetisk liknar på fransk. Eit anna typisk kjenneteikn er at koreografen Strømgren også får skodespelarane til å gjere synkrone og stiliserte rørsler, og det seier diverre ein del om framsyninga, at det er her personinstruksjonen er på sitt beste.

«Nordens Paris» er ei absurd framsyning med eit utal forviklingar og mye situasjonskomikk, og sjølvsagt ikkje utan eitt og anna artig innslag. Ideen er god, men historia er altfor tunn, heng ikkje i hop, og er heller ikkje spesielt morosam. Humoren er full av stereotypiar og tidvis ganske plump, og personinstruksjonen er nyansefattig og går i alt for stor grad ut på overspel. Dette er langt frå Strømgren på sitt beste.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 27. januar 2018.)

Leave a Reply